null Foto: Utdanningsforbundet

Fem mytar om PISA

PISA definerer utdanningsdebatten. Men kva er PISA er og kva kan undersøkinga brukast til?

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Den tredje desember blir resultata frå OECD sin test i 2012 av 15-åringar sine kompetansar i lesing, rekning og naturfag offentleggjorde. Dei kjem som vanleg til å få mykje merksemd, og i mange av landa som er med i undersøkinga, vil dei i stor grad definere utdanningsdebatten dei neste tre åra. At PISA har fått ein så dominerande rolle i utdanningsdebatten, er problematisk av fleire grunnar, fyrst og fremst fordi debatten ofte er bygd på misforståingar og mytar om kva PISA eigentleg er. For at ikkje debatten om resultata skal spore av enno ein gong, er det viktig å avkrefte nokre av dei mest sentrale mytane.

Myte 1 – Resultata til norske elevar er svake

Dei norske elevane sine  resultat i lesing i 2009 ligg godt over gjennomsnittet for OECD-landa, medan  vi ligg rundt gjennomsnittet i rekning og naturfag. Forskjellane mellom land er elles ganske moderate samanlikna med forskjellane mellom elevane innanfor kvart land. Vi bør elles gle oss over at Norge er mellom dei landa der elevane sin kulturelle bakgrunn har minst verknad på resultata, og at 2.generasjons innvandrarar oppnår omlag like gode resultat som etnisk norske elevar med same bakgrunn.

Myte 2 – Det sentrale i PISA-undersøkinga er rangeringa av landa

Alle med ein viss kjennskap til utdanningsfeltet veit at PISA gjer det mogleg å sette opp rankinglister basert på resultata frå undersøkinga. Det er desse rangeringane som når fyrstesidene på avisene.

At PISA har fått ein så dominerande rolle i utdannings-debatten, er problematisk av fleire grunnar.

Ragnhild Lied

Mindre kjent er det at det omfattande talmaterialet frå PISA dannar grunnlaget for heile fem bind med analysar og kommentarar. I desse blir elevresultata vurdert opp mot ei rad ulike bakgrunnsvariablar. Her finn ein mange interessante samvariasjonar. Mellom anna finn vi at gode resultat i PISA samvarierer eintydig med land som har ein fellesskule der elevar ikkje blir delt inn etter nivå ved ung alder, og der lærarar og skuleleiarar har eit stort profesjonelt handlingsrom.

Utdanningspolitikarar i mange land vil helst sjå bort frå mange av desse resultata i PISA. Dei ønskjer berre å legge vekt på rangeringar. Sjølv når resultata blir dårlegare, legg ein ikkje vekt på det dersom resultata i andre land blir endå meir redusert. Internasjonalt har vi sett at rangeringane blir misbrukt politisk for å legitimere tiltak det ikkje er grunnlag for i rapportane.

To døme: I Storbritannia og USA er svake PISA-resultat brukt for å privatisere offentlege skular sjølv om det ikkje er noko i PISA-rapportane som tilseier at privatisering av skulen vil ha positiv effekt. Japan skåra høgst av alle på PIAAC-undersøkinga (PISA for vaksne). Dette fekk all merksemd frå regjeringa sjølv om andre funn viste at det japanske næringslivet, med sine rigide hierarkiske strukturar som i liten grad tillèt sjølvstende og medverknad, ikkje klarar å gjere nytte av dei gode ferdigheitene til arbeidsstokken.

OECD har dessutan funne ut at det er sterk samvariasjon mellom gode resultat i PISA og sterke lærarorganisasjonar.

Myte 3 – Berre det PISA måler er viktig i skulen

Ein må vere klår over at det PISA måler er korleis elevar kan bruke sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og naturfag for å løyse praktiske oppgåver. PISA har dessutan som føresetnad at oppgåvene skal vere kulturnøytrale, dvs. dei skal vere like enkle eller vanskelege å løyse i alle kulturelle kontekstar. Det er ikkje enkelt og er difor ei viktig feilkjelde. Læring knytt til kulturell kontekst er eit viktig mål for skulen i dei fleste land. Dette blir derfor ikkje målt, saman med er rekkje andre læringsmål.

Grunnleggjande ferdigheiter er sjølvsagt viktig, men vi har mykje meir ambisiøse mål for opplæringa enn som så.

Myte 4: PISA er dommen over kvaliteten på norsk skule

PISA gir oss nyttig informasjon, men undersøkinga er på ingen måte ein endelig dom over kvaliteten på norsk skule. Om vi ser bort frå mykje av den konkrete fagkunnskapen og allmenndanninga når vi vurderer skulen vår, risikerer vi å gå oss vill.

Dei viktigaste resultata i norsk skule er dei langsiktige. Dei kan lesast av på produktivitet i arbeidslivet, på deltaking i frivillig arbeid og i demokratiske prosessar, på tillit til fellesskapsinstitusjonane, og på graden av velferd og kvaliteten på helsa. På alle desse områda gjer Norge det betre enn dei aller fleste land. Skulen er både ein viktig del av samfunnet og samfunnet vårt i miniatyr.

PISA er ikkje OL i utdanning. Det er eit testløp tidleg i sesongen.

Myte 5: PISA gir svaret på kor godt skulen førebur elevane på å møte framtida

Einsidig vektlegging av PISA og andre testresultat representerer eit skifte i utdanningspolitikk der ein tonar ned mykje av den tradisjonelle fagkunnskapen og allmenndanninga til fordel for såkalla grunnleggjande ferdigheiter. Desse nøkkelferdighetene er viktige, spesielt for vidare læring. Men like viktig er det å øve opp gleda og inspirasjonen til å lære meir. Det er dumt å felle ein dom over eleven og skulen berre med utgangspunkt i det eleven presterer på ein test i 15-årsalderen.

Dessutan veit vi at PISA-resultata gir ein heller dårleg peikepinn på korleis ulike land klarar seg i den internasjonale økonomiske konkurransen og når det gjeld resultat på det sosialpolitiske området. Bodskapen om at berre dei med gode ferdigheiter som 15-åringar vil lukkast i framtidas arbeidsliv, kan lett bli ein sjølvoppfyllande profeti. Derfor må vi, samstundes med at vi arbeidar for å gje alle betre ferdigheiter, også skape eit samfunn som kan nyttiggjere seg alle typar kompetanse. Det er vanskeleg å spå om framtida, men vi veit at vi vil ha bruk for eit breitt spekter av kompetansar. I Noreg skil vi oss ut ved å ha høg yrkesdeltaking og eit arbeidsliv der dei som har lågare ferdigheiter i utgangspunktet, får sjansen til kompetanseheving. Det er eit fortrinn både sosialt og økonomisk.

Den skulen vi utviklar er eit bilete av det samfunnet vi får. Ikkje la det bli eit samfunn med smal kunnskap og kompetanse.

(Denne artikkelen ble først publisert i Aftenposten og på Utdanningsforbundets nettsider 3. desember 2013.)
 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS