Dag Rune Olsen deltok som leiar for Universitets- og høgskulerådet (UHR) på presentasjonen av den nasjonale rapporten rundt mobbing og trakassering. Men då han skulle kommentera Universitetet i Bergen, som er hans eigen institusjon, gjekk det gale. Foto: Siri Øverland Eriksen
Dag Rune Olsen deltok som leiar for Universitets- og høgskulerådet (UHR) på presentasjonen av den nasjonale rapporten rundt mobbing og trakassering. Men då han skulle kommentera Universitetet i Bergen, som er hans eigen institusjon, gjekk det gale. Foto: Siri Øverland Eriksen

Rektor Olsen feilinformerte om seksuelt overgrep ved universitetet

Seksuell trakassering. Leiinga ved Universitetet i Bergen har handtert ei alvorleg sak knytt til seksuell trakassering siste år. Men ingen er oppsagt, slik rektor Dag Rune Olsen først sa. Personen som også blei meld til politiet, jobbar framleis ved universitetet.

Publisert   Sist oppdatert

Leiinga ved Universitetet i Bergen har handtert ei sak av alvorleg karakter det siste året, som resulterte i følgjer for tilsetjingsforholdet. Det kom fram i ei pressemelding universitetet sende ut etter at rapporten om mobbing og trakassering vart offentleggjort.

Då På Høyden snakka med UiB-rektor Dag Rune Olsen like etter framlegginga, fekk Olsen direkte spørsmål om vedkomande var sagt opp. «Ja», svara Olsen den gongen.

Saka har fått personalmessige konsekvensar, men det har ikkje vore handsama ei sak om oppseiing.
Dag Rune Olsen
Rektor Universitetet i Bergen

No, to veker seinare viser det seg at dette ikkje stemmer. Personen som skal ha utført alvorleg seksuell trakassering mot ein annan tilsett, jobbar framleis ved UiB.

Seier han er feilinformert

— Saka har fått personalmessige konsekvensar, men det har ikkje vore handsama ei sak om oppseiing, seier Olsen til Khrono no.

— Korleis kunne du gå ut med informasjon som ikkje stemte?

— Eg har vore feilinformert, seier Olsen.

— Kven har handtert saka?

— HR-avdelinga saman med vedkomande sin leiar. Saka er, slik eg har forstått det, varsla gjennom varslingssystemet vårt, og i linja.

Fakta

Disse har vært med på den nasjonale kartleggingen av seksuell trakassering

Her er de høgskoler og universiteter som har deltatt i den nasjonale kartleggingen. Det er lenke til de lokale rapportene der de finnes.

Undersøkelsen ble sendt ut til 42.778 ansatte ved 26 deltagende utdanningsinstitusjoner som totalt ble besvart av 17.984 respondenter, en svarprosent på 42 prosent. Undersøkelsen ble gjennomført mellom 20. mai og 11. juni 2019, og omfatter kun ansatte, ikke studenter.

Kilde: Ipsos/UiA

Etter det Khrono kjenner til melde den fornærma saka til politiet i samråd med Universitetet i Bergen. Olsen sa òg tidlegare at denne saka ikkje var meld til politiet.

— Ei misforståing frå mi side, seier Olsen som forklaring på kvifor han sa at saka ikkje var politimeld.

— Korleis skal du unngå å gå ut med feil informasjon fleire gongar?

— Eg må briefast betre, eller så må eg lesa brief betre, seier han.

Skal ha skjedd i jobbrelasjon

Ingen av dei 18 som i undersøkinga på landsplan sa at dei i løpet av det siste året har vorte utsett for eit seksuelt overgrep, har rapportert at dei har meldt saka til politiet. Ifølge kartlegginga var det ei sak ved UiB som var rapportert som overgrep. Det er ikkje klart om det er denne aktuelle saka, eller om det er snakk om to ulike saker.

— Det er urovekkjande at ein ikkje melder slike saker til politiet. Det kan visa at det er ei belasting å stå i noko slikt. UiB ønskjer å oppmoda om at ein melder overgrepssaker til politiet, det er òg viktig for politiet sitt arbeid, sa Olsen då rapporten vart lagt fram.

Då På Høyden første gong snakka med han om saka, ville han ikkje seia noko meir enn det som kom fram i pressemeldinga.

— Kvifor er ikkje vedkomande sagt opp?

— Det handlar om saka sin natur. Me meiner det er gitt sanksjonar som står i forhold til kjernen i saka.

Rektor Olsen seier at det som vart sett på som eit overgrep skal ha skjedd i ein jobbrelasjon.

På generelt grunnlag seier han at det ikkje nødvendigvis er slik at overgrep betyr at ein misser jobben.

— Og sjølv om politiet har lagt vekk ei sak og meiner at det ikkje har vore eit lovbrot eller i alle fall at ein ikkje kan prova at det har skjedd eit lovbrot, kan det som har skjedd vera brot med det Universitetet i Bergen ser på som akseptabel åtferd, seier Olsen.

Tar vare på begge

Khrono har bede om innsyn i den aktuelle saka, men har så langt ikkje fått svar. Tidlegare har Felles klagenemnd gitt UiB beskjed om å gi innsyn i andre saker som er knytte til seksuell trakassering eller kriminalitet.

— Når me får eit pålegg frå departementet rettar me oss etter det. Me er opptekne av å ta vare på både den som er utsett og den som skal ha stått for hendinga, og handterer personalsaker slik me meiner dei skal handterast, seier Olsen.

Me meiner det er gitt sanksjonar som står i forhold til kjernen i saka.
Dag Rune Olsen
Rektor UiB

På sin plass med faktisk info

Det er to veker sidan rapporten om mobbing og trakassering vart lagt fram.

— Kvifor tok det så lang tid før UiB-leiinga sa at det som kom fram ikkje stemte?

— Det har eg ikkje tenkt på, men me fann ut at det var på sin plass å gå ut med faktisk info, seier Olsen.

Dag Rune Olsen seier at han ikkje har motteke reaksjonar på at det han sa i første omgang, ikkje stemte. Han opplyser også at han ikkje veit namnet på dei tilsette, og heller ikkje har bede om det.

Dårleg informert tidlegare

Det er ikkje første gongen rektoren ved Universitetet i Bergen ikkje er godt informert før han uttalar seg om seksuell trakassering.

Før jul 2017 sa han i eit intervju med På Høyden at han ikkje kjente til nokre saker om seksuell trakassering ved universitetet og at det uroa han.

«Den største uroa mi når det gjeld seksuell trakassering er at dei som opplever det ikkje melder frå, fordi dei trur sakene ikkje vert tekne på alvor» sa han den gongen.

To veker seinare kunne Bergens Tidende avsløre at det var behandla 11 saker om seksuell trakassering ved universitetet dei siste 10 åra. Den eine saka - om ein forelesar som trakasserte studentar - hadde gått føre seg i 10 år.

— Eg burde sjekka før eg uttalte meg, sa han til BT den gongen.