— Heldigvis lukkast me med å få tak i vikar, så studentane har fått den undervisninga dei skal ha, seier instituttleiar Leif Ove Larsen. Foto: Hilde Kristin Strand

Har venta på visumsvar i snart fem månader

Iran. Universitetet i Bergen har tilsett ein forskar frå Iran. Men forskaren har venta snart fem månader på svar på visumsøknaden.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Leif Ove Larsen er instituttleiar ved Institutt for informasjons og medievitskap ved Universitetet i Bergen.

Fakta

Iranersak ved UiB

Institutt for informasjons og medievitenskap har ansatt en forsker fra Iran.

Mannen er ansatt som førsteamanuensis i informasjonsvitenskap, og er ansatt i en fast stilling som var internasjonalt utlyst.

Han arbeider i Europa, og søkte om visum til Norge i mai.

UDI opplyser på sine nettsider at vanlig saksbehandlingstid i forskersaker er fire uker.

— Eg var i kontakt med forskaren tysdag. Han tek kontakt med UDI kvar veke no, seier Larsen.

Frå august skulle instituttet hatt ein ny førsteamanuesis på plass, som mellom anna skulle undervisa i informasjonsvitskap. Mannen er frå Iran, og har jobba i Europa, innanfor Schengen-området, i ei årrekkje. Men framleis, etter snart fem månader, har forskaren ikkje fått svar på visumsøknaden sin.

Skal ta fire veker

Larsen skreiv eit debattinnlegg om saka i Khrono i sommar. Då var det eit par veker att før undervisninga skulle starta. Sidan den gong har ingenting skjedd. Larsen har vore i kontakt med UDI, men fått beskjed om at han ikkje kan få vita noko anna enn at saka er til handsaming.

Me sår ikkje tvil om UDI sin rett og plikt til å undersøkja, men det må skje med eit visst tempo.

Dag Rune Olsen

— Eg har forståing for at UDI har tausheitsplikt. Men det står på nettsidene at normal saksbehandlingstid er fire veker, seier Larsen.

— I Bergen var det fiksa leilegheit, og forskaren hadde førebudd undervisning. No er den undervisninga flytta til 1.januar 2020. Heldigvis lukkast me i å finna ein vikar, så studentane har fått den undervisninga dei skal ha, understrekar Larsen.

Forskaren har fått 80 prosent permisjon utan løn frå UiB. Samstundes har han fått forlenga stillinga si der han har vore tilsett til no.

Rektor har engasjert seg

Førsteamanuensen er frå Iran. I debattinnlegget stiller Larsen spørsmål ved om UDI meiner at mannen er ei fare for riket sin tryggleik: «Hva skyldes denne tidsbruken i UDI? Er vedkommende en fare for rikets sikkerhet? Er hans forskning i strid med eksportkontrollregelverket? Er han et større problem for Norge enn Italia og andre EU-land hvor forskeren har arbeidet de siste årene? Eller er det rett og slett beslutningsvegring i UDI på grunn av den spente situasjonen i Gulfen?»

Rektor Dag Rune Olsen har òg engasjert seg i saka, og seier han har sagt til Larsen at han som rektor gjerne tek kontakt med UDI – dersom Larsen trur det hjelper.

— Me må kunne forventa ryddige og raske prosessar, seier UiB-rektor Dag Rune Olsen. Foto: Siri Øverland Eriksen

— Det viktige er at uansett kva utfall ein kan venta, så er prosessane frå UDI si side raske og ryddige. Me sår ikkje tvil om UDI sin rett og plikt til å undersøkja, men det må skje med eit visst tempo, seier Olsen.

I sommar skreiv han eit debattinnlegg i Khrono om eksportkontrollova, med utgangspunkt i saka til forskaren frå Universitetet i Agder, som vart utvist. Denne saka hamna i retten, og konklusjonen vart at forskaren sitt arbeid kan trua riket sin tryggleik.

— Eksport av kunnskap er omfatta av denne lova, seier Olsen.

Larsen seier at han har spurt UDI om saka handlar om eksportkontroll.

— Eg er uroa for autonomien vår. Akademia si oppgåve er å rekruttera dei beste. Men så ser me at det kan koma andre omsyn inn i biletet, seier Larsen.

Første sak

Instituttleiaren seier at det er den første visum-saka instituttet har.

— Det har ikkje vore eit problem når me har hatt gjesteforskarar frå til dømes Kina her, seier Larsen.

Rektor Olsen kjenner heller ikkje til liknande saker frå UiB, og seier at det kan skuldast at universitetet ikkje er blant dei tyngste på teknologi.

— I denne saka er det ein forskar som har vore lenge innanfor EØS-sona. Det burde vega relativt tungt.

Vil ikkje kommentera

Khrono har vore i kontakt med UDI. Først på telefon, der beskjeden var at UDI har tausheitsplikt, og at forskaren må oppheva denne før UDI vil seia noko som helst.

Deretter sendte redaksjonen generelle, skriftlege spørsmål på epost. Desse vil UDI ikkje svara på, men sender lenkjer til sakshandsaming. Der står det at ventetid for visumsøknader for forskarar vanlegvis er fire veker.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS