kombinerer toppidrett med medisinutdanning

Då søstera blei kreftsjuk, måtte Bjørnar (27) trø til som stamcelledonor

Blant vener er han kjend som ein «maskin» som alltid gjev alt. Dei siste månadane har Bjørnar Sandnes Lillefosse for alvor fått bruk for den enorme arbeidskapasiteten sin.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg skal ikkje legga skjul på at det har vore ei tøff tid, seier Bjørnar Sandnes Lillefosse.

Khrono intervjuar 27-åringen over telefon. Å treffast andlet til andlet skal me alle prøva å gjera minst mogleg i desse tider, men for Lillefosse er dette ekstra viktig akkurat no.

Fakta

Bjørnar Sandnes Lillefosse

  • Fødd 17. juli 1992 på Voss, oppvaksen i Strandebarm med mor, far, ein storebror og ei veslesøster.
  • Singel, og bur for tida i Gularhuset i Sandviken i Bergen, saman med fleire andreidrettsutøvarar.
  • Studerer medisin ved Universitetet i Bergen (UiB), og kombinererer studielivet med å vera toppidrettsutøvar.

Merittar som friidrettsutøvar:

2013: Seier lag i holmenkollstafetten (HK) eliteklasse
2014: NM gull junior 1500m, NM sølv junior 5000m.
2015: NM sølv senior 5000m, NM sølv senior sprintstafett terrengløp
2016: NM bronse senior 3000m hinder, NM sølv senior sprintstafett terrengløp
2017: NM sølv senior 10.000m, NM gull 4x1500m stafett, NM gull terrengløp sprintstafett, seier lag i HK i eliteklasse
2019: NM bronse senior 10 000m
2020: NM bronse NM innendørs senior 3000m, 4. plass Nordisk innendørslandskamp 3000m.

Personlege rekordar:

1500: 3:47
3000: 8:02 (innendørs 2020)
5000: 13:56
10.000: 29:05

Bakgrunnen for Khrono sitt intervju med Lillefosse var i utgangspunktet å kasta lys over det å kombinera høgare utdanning med eit anna fulltidsverke, som i Lillefosse sitt tilfelle er toppidrettssatsing.

Strandebarm-mannen er heilt i noregstoppen på fleire løpsdistansar, som til dømes 3000, 5000 og 10.000 meter, og ved sida av dette er han no inne i sitt femte år som legestudent.

Fekk dramatisk beskjed

Me spolar tida tilbake eit halvt års tid, til i slutten av oktober då Lillefosse var høgdetreningsleir i Flagstaff i Arizona. Midtvegs i opphaldet den amerikanske fjellbyen kom telefonen han aldri håpa at han skulle få. Som medisinstudent på femte året, skjønte han med ein gong at det var alvorleg.

— Det var ei nedslåande melding. Søster mi, Silje, hadde fått akutt leukemi. Etter at eg hadde lagt på røyret, handla alt eigentleg berre om korleis eg kunne koma meg heim til Noreg fortast mogleg. Å vera på andre sida av jordkloden i ein slik situasjon var ikkje enkelt, fortel Lillefosse.

Heime i Bergen blei det avklart at søstera kom til å trenga stamcelledonasjon for å bli frisk. Bjørnar og broren testa seg for å sjå om dei kunne vera aktuelle kandidatar, noko det berre er 25 prosent sjanse for mellom søsken.

Heldigvis hadde Lillefosse den same vevstypen som søstera, og han oppfylte også dei andre kriteria.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at legestudenten i den andre enden av telefonlinja kan meir om dette enn den gjengse mannen i gata. Han forklarer i detalj korleis dette med stamcelletransplantasjon faktisk fungerer.

— Ettersom me fekk match, sa det seg sjølv at eg skulle vera donor. Noko anna var det aldri snakk om, seier Lillefosse, med ein slags profesjonell ro i stemma.

Ja, han skal jo bli lege.

Frykta koronaviruset

— Etter mykje fram og tilbake blei det bestemt at stamcellene skulle hentast ut frå meg onsdag 11. mars. Så kom jo koronaviruset til Noreg for fullt, og dermed blei det heile mykje meir komplisert, fortel Lillefosse, og held fram:

Her er Bjørnar Sandnes Lillefosse saman med søstera SIlje på kreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus. Foto: Privat

— I forkant måtte eg isolerast i ei heil veke, og gjennomgå hyppige testar. Det same måtte sjølvsagt søster mi. Men onsdag 18. mars, ei veke etter at cellene blei tekne ut, var dei på plass i søster mi, og no har ho starta på rehabiliteringsfasen. Så langt går dette bra!

— Men det er små marginar, og det kjenner ein jo litt på. Viss eg til dømes hadde blitt smitta av koronaviruset, kunne eg ikkje ha vore donor. Då hadde me hatt eit problem, seier Lillefosse.

Har med skulebøker på treningsleir

Lillefosse byrja på medisinstudiet ved Universitetet i Bergen i 2015. Allereie på den tida satsa han hardt på friidretten, og nærare bestemt mellomdistanse (springing på bane journ. anm). Målet har heile tida vore å bli lege, og der andre toppidrettsutøvarar vel å setja utdanninga på vent til karrieren går mot slutten – eller er over – har Lillefosse valt å gjera det stikk motsette.

— Til no har eg følt at det har gått heilt greitt å kombinera utdanninga med friidrettssatsinga, kjem det frå 27-åringen, som blant vener og kjende som Khrono har vore i kontakt med, er kjend som ein «maskin» som alltid gjev alt, både på friidrettsbana og ved skulebenken.

... idretten har vore ein slags viktig terapi for meg i denne prosessen.

Bjørnar Sandnes Lillefosse

Å ha med seg tunge pensumbøker og studiemateriell på til tømes treningsleirar er ei sjølvfølgje for Lillefosse, og han kan gjerne sitta til langt på kveld å studera, utan at det får konekvensar for det han skal gjera i treningsrommet tidleg neste morgon.

— Eg tykkjer det å halda på med fleire ting berre er morosamt og kjekt. Det eine gjev meg liksom energi til å halda på med det andre. Friidretten er veldig viktig for meg og der har det aldri vore noko «halvvegs». Slik er det også det gjeld legestudiet. Ein må yta 100 prosent også der. Begge deler tek mykje tid, så det blir naturlegvis fulle og lange dagar. Samstundes trur eg at det er sunt å ha fleire ulike arenaer å forhalda seg til i livet.

— Eg er laga slik at dersom eg veit at eg skal på trening etter at eg har vore på skulen, så blir eg meir effektiv i skulearbeidet. I motsetnad, viss eg til dømes har sett av ein heil dag til lesing, så kan eg med handa på hjarte seia at eg ikkje er like effektiv, humrar Lillefosse.

Spring 180 kilometer i veka

For å teikna eit bilete på kor god han faktisk er i det han held på med utanfor studiet, er det berre å ta ein kikk i faktaboksen eit stykke oppe i artikkelen.

I år er det store målet hans å kvalifisera seg til finalen på 10.000 meter i EM i Paris i slutten av august. Etter alt å døma blir meisterskapen utsett som følgje av koronautbrotet, og i likskap med idrettsutøvarar over heile verda, må Lillefosse setja konkurranse-tankane til side ei stund, og heller fokusera på trening.

Artikkelen held fram under biletet.

Bjørnar Sandnes Lillefosse fører an i tet under 3000-meteren i innandørs-NM første helga i februa i år. Foto: Arne Dag Myking (Kondis.no)

— Førebels er det berre om å gjere å forlenga grunntreningsperioden ein er gjennom kvar vinter, så får me berre sjå korleis dette utviklar seg etter kvart, seier Lillefosse, som sjeldan gjennomfører færre enn ti løpsøkter på ei normal treningsveke.

Å springa rundt 180 kilometer i veka tek si tid, og ikkje minst krefter, men let seg altså – ifølge Lillefosse – fint kombinera med medisinstudiet.

— Kanskje eg har vore litt «heldig» ettersom eg i periodar har slite med ein del skadar som har ført til at eg har fått meir tid til skule. Nokre sesongar har meir eller mindre blitt spolerte som følgje av skadar, og då er det klart at ein får meir tid til å fokusera på utdanninga. Men sidan i sommar har eg vore heilt skadefri og likevel lukkast med å kombinera satsinga med skulearbeidet, seier Lillefosse, som i tillegg til sjølve studiet også er svært interessert i forsking og medisinsk teknologi.

Gjev skryt til UiB

I byrjinga av legestudiet søkte han seg inn på forskarlina, som er eit totalt sju år langt løp, slik at han kan driva med forsking parallelt med medisinstudiet. Dermed har han i utgangspunktet allereie byrja på ein doktorgrad, som han planlegg å ferdigstilla etter legeutdanninga.

Lillefosse føler at dialogen med UiB er veldig bra når det gjeld å legga til rette for at han kan kombinera utdanninga med det å vera toppidrettsutøvar. Etter at han i fjor vekk offisiell status som toppidrettsutøvar av Olympiatoppen, ettersom han har representert Noreg i fleire internasjonale konkurransar, har fakultetsleiinga blitt ekstra obs på at dei har med eit noko spesielt tilfelle å gjera.

Fakta

Ein typisk dag for Lillefosse

06.00 Vekkerklokka ringer
06.15 Lett måltid
07.00-08.30 Intervalltrening nr 1
09.00-11.45 Undervisning/klinikk på Haukeland
11.45
Lunsj
12.00-16.00
Ny økt med undervisning/klinikk
16.30 Lett måltid
18.00-19.30 Intervalltrening nr 2
20.30 Middag
20.45-22.15 Sjølvstudier
22.30 Leggetid

—Det kan vera utfordrande til tider, til dømes er det ikkje berre-berre å reisa ein månad på høgdetreningsleir. Ein kan lesa og studera mykje på eiga hand, men legeyrket er jo eit klinisk yrke, som dermed krev mykje klinisk praksis, og gjerne meir og meir praksis jo lenger ut i studieløpet ein kjem, seier Lillefosse, og held fram:

— Dersom utviklinga mi på friidrettsbana held fram som no, ser eg ikkje vekk ifrå at eg på eitt eller anna tidspunkt må ta eit val, der eg kanskje bestemmer meg for å setja studiet på vent eit år. På sikt er målet at eg skal nærma meg både VM og OL. Viss eg kjem opp der, kan det bli meir utfordrande å kombinera enn det som er tilfelle i dag. UiB skal i alle fall ha skryt for å vera interessert i å finna gode løysingar uansett. Medisinstudiet er nok ikkje det enklaste å kombinera med andre fulltidsvirke.

— Kvar ser du deg sjølv om 10 år?

— Det er eit vanskeleg spørsmål å svara på. Forhåpentlegvis er eg ferdig med legeutdanninga og i full jobb, og sannsynlegvis har eg spesialisert meg innan eitt eller anna fagfelt som eg førebels ikkje har bestemt meg for kva blir. Eg ser for meg at eg har fullført ein doktorgrad, stifta familie og omsider lagt opp som friidrettsutøvar, svarar Lillefosse, og held fram:

— Kanskje har eg fått vera med i ein EM-finale og kjempa om ei topplassering. Eg drøymer om å klara 7:40-talet på 3000-meter, 13:20 på 5000 og 27-talet på 10.000. På sikt vil eg kanskje prøva litt lengre distansar slik som halvmaraton og maraton. Ei OL-deltaking på maraton ein eller annan gong er nok ikkje heilt utelukka.

— Det er psykisk tøft for heile familien

Men før den tid er det andre ting som kjem i første rekke. Akkurat no handlar det meste i livet hans om at søstera skal bli heilt frisk etter kreftsjukdommen.

Han fortel at det per dags dato – etter forholda – går bra med både søstera, han sjølv og resten av familien, men at koronasituasjonen sjølvsagt har gjort den mentale biten ved å ha kreftsjukdom i nær familie ekstra krevjande.

Det blir mykje reising på Lillefosse. Her er han til stades på verdas største forskingskonferanse innan nyforsking i Washington DC for å presentar prosjektet sitt. Foto: Hans-Peter Marti

Familien må vera ekstremt forsiktig når det gjeld å ha kontakt med andre folk og kvarandre, og så klart også når det gjeld kontakt med søstera, som framleis ligg innlagt på kreftavdelinga på Haukeland universitetssjukehus.

— No ventar me eigentleg berre på at stamcellene ho har fått frå meg skal byrja å produsera kvite og raude blodceller, blodplater og alt anna som blodet til ein frisk person skal innehalda. Det er tøft psykisk både for henne og for familien. Per no får berre éin av oss besøka ho éin gong om dagen, og det er sjølvsagt svært strenge reglar for smittevern og liknande. Men me tenkjer at ho er veldig trygg der ho er no, med tanke på koronaen som herjar rundt omkring. Det er jo kjempeskummelt, seier Lillefosse.

Han vil elles nytta høve til å understreka at når ting som alvorleg sjukdom rammar næraste familie, så betyr idrett i og for seg ganske lite.

— Samstundes så er det ikkje til å legga skjul på at idretten har vore ein viktig slags terapi for meg i denne prosessen, avsluttar 27-åringen.

Powered by Labrador CMS