Utdanningsminister Esben Lunde Larsen i Danmark har delar av utdanninga si frå Misjonshøgskulen i Stavanger. Men noko av teologi-studiet har han frå Dansk Bibel-Institut, som ikkje er godkjend i Danmark. Misjonshøgskulen avslutta studiet for nær ti år sidan. Foto: Utdanningsministeriet
Utdanningsminister Esben Lunde Larsen i Danmark har delar av utdanninga si frå Misjonshøgskulen i Stavanger. Men noko av teologi-studiet har han frå Dansk Bibel-Institut, som ikkje er godkjend i Danmark. Misjonshøgskulen avslutta studiet for nær ti år sidan. Foto: Utdanningsministeriet

Norsk høgskule med i dansk minister-suppe

Misjonshøgskulen i Stavanger blir skulda for å vere ein «diplom-agent» for dansk «piratutdanning» i ein krangel om den danske utdanningsministerens CV-fjusk.

Publisert   Sist oppdatert

Den danske undervisningsministeren, Esben Lunde Larsen, oppga å ha studert teologi på Københavns universitet i sju år. I røynda hadde han dei fire første åra vore student ved Misjonshøgskulen i Stavanger, men budd i København og følgd undervisning både ved Københavns universitet og den ikkje-godkjende institusjonen Dansk Bibel-Institut, skriv På Høyden.

Indremisjonsmiljø

I Danmark har dei ein hundreårig tradisjon for at teologistudium skal vere konfesjonslause, og private, kristelege institusjonar som Dansk Bibel-Institut kan ikkje utdanne prestar. Misjonshøgskulen starta i 1998 opp ei utdanning der studentar kunne drive med fjernstudium frå Danmark, mellom anna ved å følgje undervisning ved Dansk Bibel-Institut, som er knytt til dansk indremisjon. Dette gjorde det muleg for danske studentar å ta slik utdanning likevel.

Les mer: Universiteter og høgskoler: Slurver med sjekk av vitnemål

Extrabladet skuldar utdanningsministeren for å skjule sin «bibel-utdannelse»: «Uddannelsesminister Esben Lunde Larsen (V) har fusket med sit eget uddannelses-cv» skriver avisen. Det var danske Forskerforum som først skreiv om saka. At den danske kunnskapsministeren leier arbeidet med store kutt i sektoren gjer ikkje saka enklare. No har Dansk Bibel-Institut òg kasta seg inn i debatten. 

Vi enda opp med ein konklusjon om at dette ikkje var OK i lengden, og var einige med Nokut om at dette studiet var ein kandidat for avvikling.

Bård Mæland
Rektor, Misjonshøgskulen

«Agent» i Stavanger

Misjonshøgskulen i Stavanger har fått merke det danske mediefokuset, og blir i Forskerforum omtalt som ein «diplom-agent».

Den danske satelittutdanninga kom i stand etter eit initiativ frå danske Luthersk Mission, som ønskte ei utdanning for kommande misjonærar på eit høgt akademisk nivå. Studentar tatt opp ved studiet i Stavanger kunne bu i Danmark, og følgje undervisning ved Dansk Bibel-Institut, eller Københavns universitet. Undervisning skjedde også frå Stavanger, særleg i tilfelle kor kompetansen ved DBI var mangelfull eller fråverande.

Bibel-Institut tok eigarskap

— I byrjinga var Københavns universitet veldig positive, og tilrådde studentar å ta studiet i Noreg, fortel rektor Bård Mæland ved Misjonshøgskulen.

Men då Dansk Bibel-Institut byrja å marknadsføre studiet som «sitt», blei universitetet mindre velvillige. Dei danske studentane fekk òg problem hos Statens Uddannelsesstøtte (SU), den danske lånekassen for utdanning. Dei ville ikkje gi stønad til ei utanlandsk utdanning der ikkje hele studiet føregjekk i utlandet, sjølv om dei aksepterte at studentane faktisk budde heime i Danmark. Seinare fekk avslaga ei normativ grunngjeving, kor det ikkje vart tillate å gje støtte til ein institusjon som hadde eit religiøst-ideologisk formål.

Avvikla i samråd med Nokut

Undervisningsmodellen viste seg etter kvart å ha ein del utfordringar. Sjølv om Misjonshøgskulen sette krava i utdanninga, gjennomførte opptak, eksamenar og anna, mista dei mykje av kontrollen over innhaldet i undervisninga. Studiet i Stavanger blei svakt knytt til læringsmiljøet i Danmark, og det var ei utfordring at Dansk Bibel posisjonerte seg sjølv så sterkt i høve til studiet.

— Vi enda opp med ein konklusjon om at dette ikkje var OK i lengden, og var einige med Nokut om at dette studiet var ein kandidat for avvikling, seier Mæland til På Høyden.

Difor blei faget avvikla i 2006, med verknad frå 2007. Også frå dansk side vart samarbeidet avvikla, då av omsyn til studentane som ikkje fekk utdanningsstøtte frå Danmark, og fordi dei opplevde krava fråMHS til infrastruktur som for rigide.

Dansk teologisk hegemoni

Mæland finn saka særleg interessant frå ein dansk ståstad, der store delar av dei kristne miljøa er utestengde frå å leggje føringar for presteutdanninga, då berre konfesjonslause teologiutdanningar kan bli godkjende.

— I Noreg har vi heller tenkt på diversitet innanfor ei felles lovgjeving og eit felles sett av kriterier for både studium og institusjonar, mens ein i Danmark har organisert det rundt eit hegemoni. På same tid er det vel ikkje nokon stad at det lutherske står sterkare enn ved Teologisk fakultet på Københavns universitet, seier Mæland.

Fjernstudium vanskeleg

— På bakgrunn av den danske konstruksjonen, forstår eg kvifor dette vert ei mediesak, men meiner samstundes at dei har ei for streng lovgiving i Danmark som opnar opp for urimelig skilnadsbehandling, seier han.

At danskane stiller spørsmål ved satellittstudium i utlandet har han meir forståing for.

— Det er ikkje ein god ide å ha slike fjernakkrediterte studium. Det blir for vanskeleg for den akkrediterande institusjonen å føre effektiv kontroll med studiekvaliteten hos studentane utan eit betydelig nærvær sjølve ved studiestaden.