christiekonferansen
Christieprisen til medieprofessor
Leif Ove Larsen får Christieprisen 2023 for arbeidet med å etablera kunnskapsklynga i Media City Bergen.
Christieprisen vert delt ut kvart år som ein del av Christiekonferansen ved Universitetet i Bergen (UiB). Prisen går til ein person eller ei verksemd som har bidrege til god samhandling mellom forsking, utdanning og verda i kring. Den eller dei som får Christieprisen, får 250 000 kroner, eit kunstverk og ein diplom.
Årets pris går til Leif Ove Larsen, professor ved Institutt for informasjon- og medievitenskap ved Universitetet i Bergen. Han får prisen for å ha vore ei av dei fremste drivkreftene for at ideen om eit klyngesamarbeid i form av Norwegian Center of Expertise in Media (NCE media) og Media City Bergen (MCB) har vorte ein realitet.
Har skapt samarbeid
Store deler av mediebergen sit saman i Media City Bergen. Hit flytte ein inn i 2017, etter at det hadde vorte semje mellom TV2, NRK, Vizrt, Bergens Tidende, Bergensavisen og UiB. Kunnskapsklynga heiter NCE Media, og har særleg fokus på den rolla teknologi og media har for å sikra eit velfungerande demokrati. Her har Larsen vore sentral.
— Gjennom den unike evna si til å etablera nye møteplassar, kombinert med eit brennande engasjement for fagfeltet sitt, har Larsen klart å skapa eit tett, varig og velfungerande samarbeid mellom akademia, næringsliv og samfunnsliv, seier juryleiar Pinar Heggernes i ei pressemelding.
Heggernes er òg prorektor ved UiB.
Brubyggar
I nominasjonen heitte det mellom anna: «Leif Ove har lagt til rette for at grunnpilarene utdanning, forskning og innovasjon på forbilledlig vis har blitt de sentrale dimensjonene i NCE media og MCB. Formålet har hele veien vært å få til en plattform som er med og sikre et velfungerende demokrati med opplyste og deltakere borgere i en rettsstat.»
Vidare heiter det at: «Han har vært en pådriver for å skape viktige faglig-sosiale arenaer der beslutningstakere på alle nivå og fagfolk fra næringsliv, media, politikk og forskning møtes, som Nordiske Mediedager og selve Christiekonferansen», og at «Leif Ove Larsen er en enestående brobygger mellom teknologi, medier, demokrati, universitet og samfunn.»
Årests Christiekonferanse har temaet «Kunnskapsbyen Bergen». Du kan sjå konferansen direkte her.
Det kostar å satsa
Professor Leif Ove Larsen er stolt over å ha fått prisen.
– Prisen gjer meg veldig stolt og det er ei stor ære. Det er veldig flott å få denne anerkjenninga. Det er ei stadfesting på at du er vorten lagd merke til, og det gjev også ei moglegheit til å reflektera over kva mediacity-prosjektet har betydd for Universitetet i Bergen og samfunnet rundt.
– Og kva har det betydd?
– Næringsmessig har MCB vore ei veldig viktig klynge for Bergen. Det er ein høgkompetent industri, det er redaktørstyrte medium og ein internasjonalt orientert teknologibransje. Utan media city hadde desse miljøa vore mykje svakare og Bergen hadde gått glipp av mange arbeidsplassar for høgt utdanna folk.
– Utan Media City Bergen hadde me hatt ein større mediekonsentrasjon i Oslo, og Bergen som medieby er ein viktig del av ein mangfaldig mediestruktur i Noreg. Det handlar om om offentlegheita og det norske demokratiet. Det er ein høgre himmel over dette prosjektet som det er viktig å ta med reknestykket.
Larsen seier at det har vore ein føresetnad å ha ein institusjonen i ryggen i dette prosjektet.
— Utan å ha universitetet og fakultetsleiinga i ryggen, så kunne ikkje fagmiljøet gått så tungt inn i MCB. Det har vore eit stort løft for fagmijøet mitt, som er den faglege opreatøren i klynga, det handlar om å flytta mange professorar, om å flytta studieprogram og det handlar om å samarbeida på nye måtar med bransjen, så det er ein stor risiko, og det er mange utfordringar med slike endringsprosessar. Når me no ser kva me har fått ut av dette trur eg mange er glade for dei grepa med tok. Det har gjeve oss ein vitalitet i studieprogramma, nye og spanande måtar å undervisa på, det har gjeve oss heilt nye grenseflater mot bransjen som har gjeve studieprogramma høgre kvalitet.
Måndag kom søkjartala til høgre utdanning i Noreg, og medieutdanningane ved Universitetet i Bergen kan gle seg over høge søkjartal, mellom anna til medieutdanningane.
— Me får betalt for denne satsinga med søkjartala, men me får ikkje betalt høve til utteljing med finansiering, seier Larsen.
— Slike satsingar kostar, på mange vis, men det er få insitament i det norske finansieringssystemet for å belønna denne type satsingar, som må vera spissa og små. Det er avgrensa kapasitet og plass. Me kan ikkje driva på volum ein stad som MCB. Me må driva på kvalitet, avsluttar han.
Nyeste artikler
Joakim er én av ti svensker som får stipend til EU-prestisjeskole. Norge har kuttet sine stipender
Har varslet behov for å kutte opp imot 100 årsverk. Kun åtte får tilbud om sluttpakke
Tilbake til penn og papir?
Hva vil vi med barnevernspedagogutdanningen?
Risikofylt forskning, pandemier og biovåpen
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Juss-nestor mener Kjerkols fuskesak må behandles på nytt
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024