pris

Vert heidra for formidling gjennom TV-skjermen

Heile Noreg ser på språkprofessor Gunnstein Akselberg laurdagskveldane. I tospann med NRK-programleiar Linda Eide vert han no heidra med Christieprisen.

Med gamaldags telefon på bordet, som tidvis ringjer, inviterer NRK-profil Linda Eide og UiB-professor Gunnstein Akselberg til Eides språksjov om laurdagane.
Med gamaldags telefon på bordet, som tidvis ringjer, inviterer NRK-profil Linda Eide og UiB-professor Gunnstein Akselberg til Eides språksjov om laurdagane.
Publisert Oppdatert

— Eg stod i ein butikk, og skulle scanna kvitteringa for å koma meg ut. Då la eg merke til ei ung jente som stod der. Ho ventar sikkert på nokon andre, tenkte eg. Men då eg gjekk, sa ho at «du, eg er fan av deg og språkshowet».

Fakta

Mottakarar av Christieprisen

  • 2019 - Jan Einar Greve
  • 2018 - Dan Olweus
  • 2017 - Frank Aarebrot
  • 2016 - Litteraturhuset i Bergen
  • 2015 – Christian Rieber, GC Rieber Fondene
  • 2014 – Sjur Holsen, tidlegare politisk redaktør i BT, (post mortem)
  • 2013 – Bjerknessenteret for klimaforsking
  • 2012 – Studentersamfunnet i Bergen
  • 2011 – Arno Vigmostad og Arnstein Bjørke, forleggarar
  • 2010 – Marit Warncke, administrerende direktør i Bergen Næringsråd

Det fortel Gunnstein Akselberg. Språkprofessoren er strengt teke emeritus ved Universitetet i Bergen, men er like fullt å sjå på NRK om laurdagskveldane. I tospann med NRK-programleiar Linda Eide, og med Sjur Hjeltnes ved orgelet, inviterer dei til Eides språksjov - eit program som plar ha ein halv million sjåarar.

27.april, under den årlege Christiekonferansen, vert Akselberg og Eide heidra med Christieprisen. Prisen går til ein person eller ei verksemd som har bidrege til god samhandling mellom forsking, utdanning og verda i kring. Gjennom arbeidet sitt skal dei ha bidrege til å fremja eller gjera det synleg kor viktig universitetet er for samfunnsutviklinga.

Plukka vekk fagspråket

— Å få prisen var heilt uventa. Men sjølvsagt veldig stas, seier Akselberg.

I nominasjonen heiter det at publikum gjennom programmet vert gjort merksame på kulturarv og språkutvikling. Det vert sett søkelys på eit variert utval av språklege fenomen, og aktuelle tema, som ordforklaringar, teiknsetjing og ord og uttrykk vert teke opp.

— Å formidla til eit allment publikum kan vera spesielt utfordrande, seier Akselberg.

— Her skal ein nå folk flest, med ulik alder, frå ulike geografiske stader og med ulik sosial bakgrunn.

Han fortel at som med jenta på butikken, er det slett ikkje uvanleg at han vert kjent att når han går i Bergen sentrum. Før pandemien, då han reiste meir rundt, vart han òg kjent att andre stader i landt.

— Korleis går du fram når du skal forklara språklege fenomen?

UiB-rektor Margareth Hagen kunne overrekka Christieprisen til Linda Eide og Gunnstein Akselberg.
UiB-rektor Margareth Hagen kunne overrekka Christieprisen til Linda Eide og Gunnstein Akselberg.

— Det er ei utfordring at eg har lite tid. Me akademikarar likar jo gjerne å ha god tid når me skal forklara. Men eg prøver å ikkje nytta fagspråk. I dei første programma brukte eg nok litt for mange faguttrykk, det har eg plukka av meg.

Kvardagsspråket

I programmet er det Eide som er den mest leikne, medan professoren skal forklara. Men tidvis må han òg vera med på nokre ablegøyer. Ikkje alt veit han om på førehand, har han tidlegare sagt til Khrono, og på skjermen har han vore både matros og stjernegut - i tillegg til at han støtt spelar på bjøllekrans.

— Det som er felles for Linda og meg, er at me ser verdien av det alminnelege, og av kvardagsspråket. Programmet har vorte til medan me har gått, seier Akselberg.

Men sjølv om alt ser lett og uplanlagt ut på skjermen, er det sjølvsagt ikkje heilt slik. Akselberg fortel at det ligg mykje arbeid, og mykje planlegging, bak.

— Det viktigaste spørsmålet for mange: Kjem det ny sesong?

— Det gjer det, truleg i oktober. Då håpar me me kan ha publikum i studio.

800 deltakarar

Christieprisen er 250.000 kroner, eit kunstverk og eit diplom. Kva pengane skal gå til, er ifølgje Akselberg førebels ikkje bestemt.

Han og Eide kjem til å motta prisen fysisk, men elles er Christiekonferansen i år heildigital. 800 personar har meldt seg på. I fjor vart konferansen avlyst.

Powered by Labrador CMS