Professor ved Institutt for biologi, Øyvind Fiksen, er framifrå undervisar. Foto: Eivind Senneset

5 er framifrå undervisarar på Universitetet i Bergen

Fem undervisarar på Universitetet i Bergen har fått utmerkinga framifrå undervisar. Ein av fem er kvinner.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Statusen som framifrå undervisar gir lønnsauke på om lag 50.000 kroner og medlemskap i eit pedagogisk akademi ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet på Universitetet i Bergen (UiB).

Det er berre dette fakultetet som førebels har denne ordninga ved UiB.

Torsdag 1. juni skal styret ved UiB behandla ei sak der forslag til vedtak inneber at alle fakulteta skal innføra denne ordninga innan sommaren 2019.

Gjennom kvalitetsmeldinga som vil bli behandla ferdig på Stortinget før sommaren vert det vedteke at alle høgskular og universitet skal etablera ei slik ordning innan to år.

Det var 20 som søkte denne statusen ved UiB og desse fem nådde heilt opp:

  • Stein Dankert Kolstø ved Institutt for fysikk og teknologi. 
  • Øyvind Fiksen, professor Institutt for biologi.
  • Henriette Linge, førsteamanuensis, Institutt for geovitenskap. 
  • Fredrik Manna, professor, Institutt for informatikk 
  • Bjørn Tore Hjertaker, professor, Institutt for fysikk og teknologi.

Slik fekk han bukt med Facebook-surfinga i timane

Biologiprofessor Øyvind Fiksen synest det er mykje kjekkare å undervisa etter at han fekk studentane til å følga med i timen, skriv På Høyden. 

Fiksen er ein av professorane som har fått statusen «framifrå undervisar» ved Det matematisk naturvitenskaplege fakultet på Universitet i Bergen (UiB) Mat.nat.-fakultetet. Meritteringsordninga gjev lønnsauke på om lag 50.000 kroner og medlemskap i eit pedagogisk akademi ved fakultetet.

Les også: Spør om premiering vil bedre utdanningskvalitet

Fiksen fortel at han har jobba systematisk i fleire år for å betra undervisinga si. 

— Eg var involvert i Senter for framifrå undervisning i biologi (bioCEED). Då kom eg inn i mykje av forskingslitteraturen om undervising, og eg las meg opp på det - som eg hadde gjort viss det var eit forskingsprosjekt eg skulle i gong med. Det var ei aha-oppleving for meg, og eg har eksperimentert mykje etterpå. 

(Foto: På Høyden)

Får studentane til å gje tilbakemelding

— For kva er det som fungerer då? 

— Eg trur det er ulike ting som fungerer i ulike settingar. Det viktigaste rådet er at folk prøver nye ting, og at dei prøver å lesa seg opp på ting. Det finst mykje litteratur ein kan lesa seg opp på, seier biologiprofessoren.

Han trekk fram Mitt UiB som ein svært god læringsplattform å bruka i undervisinga. 

— Den har ein god kommenteringsfunksjon som eg har brukt mykje. Som faglærar kan eg kommentera på arbeidet til studentane, men studentane kan også kommentera på andre studentar sitt arbeid. Det har eg sett fungerer veldig godt. Fordi at studentane er flinke til å gje kvarande gode tilbakemeldingar, og det trur eg har stor læringseffekt.

For Fiksen er involvering av studentane nøkkelen til læring.

— Det er fleire av oss som er byrja å bruka Poll Everywhere, eit kommunikasjonsverktøy kor ein kan kommunisera digitalt med klassen. Her kan studentane skriva inn ting undervegs i timane, og så kjem det opp på skjermen. Dei kan klikka på ein figur, eller andre ting på skjermen. 

Les også: Han er ein av 20 som kan bli «framifrå undervisar»

Søkarar frå fleire miljø

35 prosent av søkarane til å bli framifrå undervisar var kvinner, noko prodekan Harald Walderhaug på UiB var godt fornøgd med, skreiv På Høyden da søkerlista var klar.

— I og med at talet på kvinner i faste vitskapelege stillingar ved fakultetet ligg på 19 prosent, er kvinnene slik sett overrepresentert. Det synest me sjølvsagt er svært gledeleg. Me er også veldig fornøgd med at me har fått søkarar frå dei fleste miljøa ved fakultetet, sa Walderhaug, til På Høyden.

No er den endelige lista klar, og ein av fem er kvinner, noko som er same prosent som andelen kvinner i vitenskapelege stillingar på dette fakultetet.

Meritteringa vert tildelt personer som systematisk og over tid har videreutvikla sin undervisnings-kompetanse til eit høgt nivå, ifølge UiB. Dei vert også del av eit pedagogisk akademi ved fakultetet, som skal samarbeida om å utvikla god undervisningskultur.

Pilotprosjektet skal gå over fem år, har det engelske namnet Excellent Teaching Practitioner - ETP, og er prøvd ut med suksess på Lund Universitet i Sverige.

Dei som blir tildelt kompetansegraden, vil ifølge eit førebels forslag få ei lønsauke på to lønstrinn for professorar, og tre trinn for amanuensar.

Kartlegg nivået med kviss

Biologprofessor Fiksen fortel at han lagar kvissar for å finna ut kva studentane synest er utfordrande.

— Eg spør først individuelt i byrjinga av timen, for å sjå kor dei strevar. Deretter bygger eg undervisninga opp rundt det. Eg kan sjå kva det er dei klarer greitt, og kva dei synest er vanskeleg.

Det gjev eit meir «ekte» bilde av klassen. 

— Det er ein heilt annan måte å kommunisera på enn om ein spør i ei open forsamling, då er det to som svarar, og dei gjer inntrykk av at alle kan dette. Men når alle svarar så får ein inn informasjon om kva som er det generelle problemet på ein heilt annan måte.

— Etter ein runde med individuelle svar, så set eg saman grupper og ber dei bli einige om eit svar. Det blir mange fruktbare idear og løysingar når dei sit saman.

— Mange fortvilte forelesarar

— Dette er kjente idear og metodar, og ikkje noko nytt, men resultat av aktivitet på BioCeed. Me er bevisste på all slags teknikkar som finst for å auka læringsutbytte,

For Fiksen har stor tru på denne type interaktiv undervising. 

— Eg har lest ein del forskingslittertaur som er uhyre overbevisande. Den type undervisning gjev betre utbytte og læringseffekt enn tradisjonell undervising. Det er store studiar om dette som er publisert i Science og Nature.

I tillegg til auka læringsutbytte for studentane - gjev det også mykje tilbake til biologiprofessoren:

— Det blir mykje kjekkare å undervisa på denne måten. Ein får bukt med Facebook-surfinga. Eg trur mange forelesarar er fortvila over dette, fordi studentane har hovuda sine alle mogleg andre stadar. Me må berre endra på undervisingsopplegget vårt for å få merksemda deira tilbake. 

Problemfokusert undervising

Ein av dei andre som har fått meritteringa som framifrå undervisar er professor Stein Dankert Kolstø ved Institutt for fysikk og teknologi. Han underviser i fagdidaktikk og sver til problemdriven undervising. 

— Undervisinga er problemfokusert. Eg får studentane til å legga merke til problem i skule, og undervisning i klasserom. Dei blir bevisste på at me har utfordringar med å få elevar mindre passive. Slik ser studentane at dette er tema dei må gå inn i, og dei må gjera det med eiga praktisk erfaring. Då kan studentane sjå at dei treng idear og innsikt. Me diskuterer mykje, og så prøver eg å bygga vidare på det i teorien.  

Også Dankert Kolstø nyttar digitale verktøy i stor grad.  

— Eg har gjort mykje ulikt. Eg får dei til å dela tankar i plenum, men ofte at det deler på Padlab, eller ein annan ikt-plattform. Slik kan eg få innsikt i alle si tenking.

Verdifull ordning

— Med ein gong dei har fått ting opp på ei tavle eller Powerpoint blir ideane tilgjengeleg for alle som diskusjon. Det som berre ligg i lufta forsvinn lett. Men viss alle fem ideane står skrivne på ein skjem, kan ein diskutera det og ta det med seg heim etterpå. Så kan ein spela ball med ideane. For å få diskusjon må ein ha tydelege utgangspunkt å forholda seg til, seier Dankert Kolstø. 

Han meiner ordninga med framifrå undervisar er eit stort steg i riktig retning. 

— Eg tenker at det er verdifullt at universitetet har ei ordning som premierer undervising, sik at det lettare kan nå opp i konkurranse med forsking - med tanke på tid og innsats. Begge delar er viktig, men undervisning har vore utsette for mykje mindre premiering enn forsking. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS