Frankrike
Bråk og skandalar på Støres gamle universitet
Rektor ved Sciences Po må stille i retten etter skuldingar om partnarvald, og går av som leiar for den franske prestisjeskulen.

Rektoren ved Sciences Po (Institut d'Etudes Politiques de Paris) Mathias Vicherat, trekker seg frå jobben sin. Bakgrunnen er at han no ser ut til å måtte møte i retten etter skuldingar om partnarvald.
Vicherat har i lang tid vore i strid med partnaren sin, Anissa Bonnefont, som han skuldar tilbake for vald. Begge vart i desember varetektsfengsla for kort tid etter skuldingane dei retta mot kvarandre.
Avgangen til Vicherat skal ha vore eit krav frå studentar ved skulen, ifølgje France 24.
Støres universitet
Ifølgje Vicherat går han av for å beskytte institusjonen mot negative konsekvensar av skuldingane han no har mot seg, og som han avviser.
— Det som tel her er institusjonen, ikkje meg, seier han.
Sciences Po vart grunnlagt i 1872 og er kjent for å utdanne store delar av den franske politiske og kulturelle eliten. Mellom mange andre har den noverande franske presidenten, Emmanuel Macron, si utdanning herifrå.
Prestisjeuniversitetet har ein høg andel internasjonale studentar. Noregs statsminister, Jonas Gahr Støre, er blant dei som har vore student ved Sciences Po.
Skulen underviser og forskar innan statsvitskap, økonomi, sosiologi, juss og historie.
I 2021 herja ein annan skandale ved Sciences Po. Då gjekk rektor Frederic Mion av, etter at det i ei gransking kom fram at han i fleire år hadde vore hadde vore kjend med svært alvorlege overgrepsskuldingar mot ein professor, utan å ta dette vidare.
Skulda for antisemittisme
Sist veke var det også uro ved skulen i samband med ei anna sak, då kring hundre studentar okkuperte den største forelesingssalen som ledd i ein pro-palestinsk demonstrasjon.
Studentane blei i etterkant skulda for antisemittisme, og for å ha hindra ein jødisk student å komme inn til forelesing, i tillegg til å ha kome med fornærmande utsegner mot henne, ifølgje France 24.
«Ikkje slepp henne inn, ho er sionist», skal det ha blitt ropt frå demonstrantane.
Utsegnene vart fordømt på høgste hald i Frankrike, og president Macron kalla dei for «unemnelege og fullstendig uakseptable».
Rettssaka der den no avgåtte rektoren og partnaren skal møte, er venta å komme opp til hausten.
Nyeste artikler
Valgkamp i Ås om parkering, oppsigelser og ledermodell
Fem år siden Norge stengte ned. Hvordan har akademia endret seg?
Elon Musk blir ikke kastet ut av vitenskapsakademi
Udokumenterte påstander om utviklingen innen vitenskapelig publisering
Kan KI svekke likestillingskampen?
Mest lest
Student brukte KI og fikk tidenes strengeste fuskestraff
Sjefene som tjener over en halv million på ekstrajobber. — Flott og sunt
Åpner for lønnet praksis og avvikling av masterkrav i lærerutdanningen
Kritisk til historisk stort rektorteam: — Et sjuhodet troll
Det hjelper ikke å pynte seg med dannelse