Leiar i Studentparlamentet ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Sunniva Braaten, etterlysar fleire argumentar for å ikkje flytte til Lillestrøm. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Studentane skal bli høyrd

Leiar i Studentparlamentet ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Sunniva Myrene Braaten, er ikkje einig i at dei er «elitens studentparlament».

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Joel Gianni og resten av ingeniørstudentane står på barrikadane. Eg blir berre glad for å sjå fleire som engasjerer seg om saka! For det er heilt klart at studentane skal bli høyrd. Vi studentar veit kva vi manglar i dag, og kva vi ønskjer oss meir av i framtida. Og ingeniørstudentane meiner sterkt her. Ved spørjeundersøkinga som Joel initierte viser han at 90% meinte dette var ein dårleg idé.

Men då spør eg deg, Joel Gianni, kvifor er dette ein dårleg idé? For dette er det visst ikkje like lett å få svar på. Eg prøvde i kommentarfeltet til Khrono, då du stilte spørsmål med kven som ville til Lillestrøm, men eg fekk ingen svar. Du, og alle andre studentar ved ingeiniørfag hadde muligheit til å delta i debatten på møtet i Studentparlamentet 21. februar. Studentparlamentet skal sjølvsagt vidareformidle OTS sine synspunkt i denne saka, men då er det viktig å få fram argumenta. Kvifor er det betre at andre studie er på Lillestrøm og ikkje ingeniørfaga?

Les også: Studentane vil til Lillestrøm

Vidare er det viktig for meg å vise til prosessen til denne saka. Leigeavtalen på Kjeller går ut i 2023. I juni skal styret vedta om ein i det heile teke vil opprette eit campus Lillestrøm. Ingenting er bestemt, og denne høyringa er starten på prosessen. I denne runda har vi ikkje diskutert saka i studentråda, men vi er svært villige til å gjere det framover resten av våren.

Faktisk så oppfordrar eg fleire studentråd til å skape litt blest rundt denne saka, og få opp debatten. Så er det vår jobb å vidareformidle alle sine meiningar til leiinga. Likevel er det fleirtalet som får gjennomslag i eit demokrati. Studentparlamentets fleirtal støtta eit helseteknologisk campus. Det betyr ikkje at vi ikkje anerkjenner fleire sine synspunkt og også vil vidareformidle desse.

Studentparlamentet er ingen elite, men vanlege studentar fordelt over alle fakulteta til HiOA – også med ingeniørstudentar.

Sunniva Braaten

Studentparlamentet er ingen elite, men vanlege studentar fordelt over alle fakulteta til HiOA – også med ingeniørstudentar. Men det er ikkje til å stikke under ein stol at vi ønskjer oss meir engasjement, særleg i studentdemokratiet! Vi gler oss difor til å få fleire engasjerte ingeniørstudentar på våre møter, og håper fleire studie gjer som OTS og kaster seg inn i debatten.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS