Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
klimaforskning
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Nyheita vart motteken med stor glede hjå klimaforskarane i dag.
—For kvar krone vi får i statleg støtte, hentar vi inn seks kroner i forskingsprosjekt, nasjonalt og internasjonalt. At vi no er sikra finansiering i fem nye år er fantastiske nyhende frå regjeringa, eg sender ein stor takk, seier Tore Furevik, direktør ved Bjerknessenteret for klimaforskning i eir pressemelding.
Det var som svar på eit spørsmål frå stortingsrepresentant Ruth Grung (Ap) i spørjetimen den 12.oktober at Asheim i dag gav grønt lys for meir pengar til Bjerknessenteret.
— Bjerknessenteret er viktig for Noreg, både som eit internasjonalt kunnskapssenter og som ein betydningsfull arena for rekruttering av nye generasjonar klimaforskarar. Difor ønsker eg å vidareføre finansieringa av senteret med 30 millioner kroner i året, i første omgang i fem nye år. Det håpar eg bidreg til at senteret held fram med å vere eit framragande forskingssenter som bidreg til å sette Noreg på kartet innan global klimaforsking, seier minister Henrik Asheim.
Bjerknessenteret for klimaforsking er eit samarbeid mellom dei naturvitskaplege klimaforskingsmiljøa ved Universitetet i Bergen, NORCE, Havforskingsinstituttet og Nansensenteret for miljø- og fjernmåling.
I meldinga heiter det at finansieringa frå Kunnskapsdepartementet gjer at senteret kan ha forskingsgrupper som famnar over fire institusjonar, og ikkje minst at senteret kan levere data og analysar til FN sitt klimapanel.
— I år feirer vi tjue år som samarbeidsorgan for klimaforsking, og finansieringa frå Kunnskapsdepartementet gjer at vi er i stand til å ligge heilt i front innanfor ei rekkje forskingsområde. Vi vinn fram i konkurranse om dei store europeiske forskingsmidlane, og vi ser at merkevaren Bjerknessenteret gjer at internasjonale toppforskarar ønskjer å kome til Bergen, seier Tore Furevik i pressemeldinga.
Nylige artikler
En av fire slutter: Millionsatsing for å stanse førsteårs-flukt i Bergen
Enstemmig OsloMet-styre vil ha jussutdanning
Går i pluss, men spinker og sparer. — Har ikke truffet planken godt nok
Å prioritere er å ta verdivalg
Krever lønnsøkning på nær sju prosent: — Svært krevende
Mest leste artikler
10 av 13 som mister jobben her er kvinner: — Mange er overrasket
Fire universiteter sier nei til forlag: — Tiden er kommet for å sette ned foten
Trond Mohn snakker ut:«Vi nordmenn er et helvetes folk. Vi er ikke rause»
120 tidsskrifter «svartelistet» internasjonalt. Godkjent i Norge
Nei til akademisk boikott