Kva får vi igjen for NSO-kontingenten?
Kontingent. Eg etterlysar å sjå arbeidet NSO gjer for oss som medlemslag, og kva me som medlemslag får tilbake for kontingenten me betalar, skriv eksternansvarleg for studentane ved Handelshøyskolen BI, Jonas Økland.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Norsk studentorganisasjon (NSO) marknadsførar seg med at «vi er studentstemmen», men det å ha ei studentstemme, er ikkje det same som å ha ei samla studentstemme.
Det er nok mange medlemslag som klarar å identifisere seg i stor grad med all politikken NSO førar, men det er likevel vanskeleg å sjå kvar våre individuelle ynskjer og krav frå studentane blir av.
Jonas Økland
Som medlemslag er det mykje me har lyst å gjere for å betre studentane våre sin kvardag, men eg kjenner det er vanskeleg å nå gjennom med det ein faktisk meinar.
Eg kan sjå at det gjev eit signal å fremme dei same sakene om og om igjen. Det visar at studentane er stø i kva dei vil ha. Men NSO anerkjenner sjølv at det er mange som ynskjer goder til si interessegruppe, spesielt under statsbudsjettforhandlingane. Når alle vil ha pengar, synest eg det er merkverdig at NSO legg opp til at AU skal krevje så mykje i forhandlingane som dei gjer. NSO endar opp med å fremme prinsippa sine som sakar, og ikkje sakane sine ut frå prinsippa.
Eg etterlysar å sjå arbeidet NSO gjer for oss som medlemslag, og kva me som medlemslag får tilbake for kontigenten me betalar. Som medlemslag betalar me mange hundre tusen for å bli representert nasjonalt.
Å ha ein organisasjon som representerar alle studentar nasjonalt er i teorien eit veldig godt tiltak for å bli høyrt, men klarar NSO å vere representative for medlemslaga?
Eg ser absolutt nytta i ei samla studentstemme, der NSO kan fronte desse sakane og sei at dei har heile studentnoreg i ryggen. Det er nok mange medlemslag som klarar å identifisere seg i stor grad med all politikken NSO førar, men det er likevel vanskeleg å sjå kvar våre individuelle ynskjer og krav frå studentane blir av.
For fleirtalet vert det eit godt nasjonalt talerøyr, medan mindretalet står igjen.
Så lenge hovudfokuset til NSO ligg på studentbustadar og studiestøtte som er krav som gagnar nesten alle studentar på lik linje, kan me som medlemslag utan å betale hundretusenvis i medlemsavgift, få akkurat dei same gjennomslaga for våre studentar dersom NSO lukkast med dette.
Diverre opnar ikkje dagens ordning for å behalde medlemsavgifta innad i medlemslaget til eige bruk, og det blir lett å tenkje at ein kunne brukt nettopp desse pengane til å framme våre eigne saker, og sørgje for at desse meiningane vert høyrt.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!