smitteutbrot
Ber tilsette ved institutt testa seg
Tre tilsette ved same institutt ved Universitetet i Bergen har testa positivt for covid-19.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fredag kom meldinga om at tre tilsette ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) ved Universitetet i Bergen har testa positivt for covid-19.
Det var Bergens Tidende som først skreiv om dette, og smittevernoverlege Frank van Betten stadfestar til avisa at det er eit utbrot ved instituttet.
Fungerande kommunikasjonsdirektør Olaf Erlend Gundersen seier til Khrono at dei tre har vore på campus, men dei har ikkje hatt ordinær undervisning.
— Det er få tilsette som har vore på campus, i tråd med UiB sine retningslinjer. Alle nærkontaktar skal no vera varsla, seier Gundersen.
Det er Bergen kommune som tek seg av smittesporingsarbeidet.
Gundersen seier at det har gått ut informasjon til dei tilsette ved IFT, og at UiB no oppmodar dei om å halda seg heime. Dei som har vore på campus vert bedne om å testa seg.
— Veit ein at det er ein samanheng mellom dei tre tilfella?
— Det er ein ikkje heilt sikker på, men dei høyrer til same miljø, seier Gundersen.
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-

Nyeste artikler
Navnet mitt på en artikkel jeg aldri skrev — med data som aldri fantes
Columbia utviser studentar etter pro-palestinsk demonstrasjon
Nerdenes hevn: Ble landets raskeste akademikere
Aasland vil ikke reversere kutt i scenekunst
Studentinvolvering er helt nødvendig
Mest lest
Slår knallhardt tilbake: — Verre enn under den mørkeste middelalderens inkvisisjon
Gransking: Norges mest publiserende forsker opptrådte vitenskapelig uredelig
Mange hundre ansatte melder om uakseptabel oppførsel på universiteter
Frykter utpressing: Må utlevere navn på ansatte til alle som spør
NTNU-professor felt for plagiat etter gransking