Barnehagelærarar

Barnehagane tar ikkje dei høgt utdanna i bruk

Alle vil ha fleire barnehagelærarar med mastergrad. Men lite blir gjort for å ta i bruk kompetansen til dei som har det.

Barn i norske barnehagar skal få glede av høgare utdanna barnehaglærarar, ifølgje styresmaktene. Men dei masterutdanna får lite igjen frå arbeidsgivarane for utdanninga.
Barn i norske barnehagar skal få glede av høgare utdanna barnehaglærarar, ifølgje styresmaktene. Men dei masterutdanna får lite igjen frå arbeidsgivarane for utdanninga.
Publisert Oppdatert

Målet og ønsket frå politisk hald har vore klart i mange år: styrka kompetanse, meir kunnskap og høgare status for barnehagelærarane. Frå 2017 har det i tillegg vore eit eksplisitt mål å få fleire inn med utdanning på mastergradsnivå.

Fleire har det også blitt — men lite tyder på at det blir lagt til rette for at kunnskapen blir tatt i bruk, ifølgje ei ny undersøking.

— Hovudbildet er at barnehagane ikkje gjer noko særleg konkret for å utnytte masterkompetansen. Både styresmakter og barnehagane sjølve ønskjer seg barnehagelærarar med masterutdanning, men det blir gjort lite for å følgje dette opp i praksis, seier førstelektor ved barnehagelærarutdanninga ved OsloMet, Olav Kasin, til Khrono.

Saman med forskar Lars Gulbrandsen står han bak rapporten, som bygger på intervju med styrarar i 1539 barnehagar.

Rapporten er også omtalt i Utdanningsnytt.

Få tiltak

Det er ingenting i undersøkinga som tyder på at dei masterutdanna møter motstand frå styrarane. Men det blir heller ikkje tatt vesentlege grep for invitere dei inn.

  • Det er gjennomført få tiltak for å rekruttere barnehagelærarar med masterutdanning.
  • To prosent av styrarane som ønsker barnehagelærarar med med master har lyst ut stillingar der dette blir kravd.
  • Svært få av dei med masterutdanning har fått utvikla eller tilpassa eigne arbeidsoppgåver i barnehagane. 15 prosent av leiarane svarer at dei masterutdanna har fått slik tilrettelegging.
  • Ein av ti har fått ekstra plantid.
  • To av tre har fått lønstillegg på bakgrunn av utdanninga. Det vanlegaste tillegget er 20 000 kroner i året.

OsloMet-rapporten peikar på at det «mangler en tydelig og helhetlig strategi for å øke barnehagens andel av masterutdannede». Og:

«Barnehagens andel av barnehagelærere med masterutdanning kan antakelig i stor grad tilskrives barnehagelærernes egne ønsker og innsats for å skaffe seg en slik kompetanse, og i mindre grad et resultat av barnehagenes innsats».

— Forstår ikkje kompetansen

Rapporten går ikkje inn i forklaringar på funna som er gjort, men Kasin meiner likevel svara dei har fått peikar i ei retning:

— Det er grunn til å tru at det er eit uutnytta potensial her, og at barnehagane burde kunne nytte den utdanningskapitalen dei har tilgjengeleg på ein betre måte.

Rapporten er del av eit større forskingsprosjekt som etter kvart også skal ta for seg korleis dei som har mastergrad og arbeider i barnehagar opplever arbeidet sitt, basert på kvalitative intervju. Rapporten er venta om eit års tid.

— Førebels kan vi generelt seie at dei som har masterutdanning opplever at kollegaer og leiarar i liten grad forstår eller anerkjenner kva slags kompetanse dei masterutdanna har, seier Kasin.

1 av 5 har master

I fleire utgreiingar heilt tilbake til 2013 har styresmaktene tatt til orde for å styrke statusen og kompetansen til dei som jobbar i barnehage.

I ei revidert utgåve av Kunnskapsdepartementets strategi «Kompetanse for framtidens barnehage» frå 2017 vart det formulert mål om utvikle masterprogram bygd på barnehagelærarutdanninga. I strategien «Barnehager mot 2030», som var lagt fram i oktober, er måla i stor grad repetert.

Det finst ikkje noko samla oversikt over talet på barnehagelærarar med tilleggsutdanning på masternivå etter 2012. Då hadde 4,3 prosent av dei utdanna barnehagelærarane masterutdanning, ein auke frå 1,5 prosent i 2005.

På grunnlag av ulike undersøkingar, inkludert si eiga spørjeundersøking, har OsloMet-forskarane funne ut at det finst masterutdanna barnehagelærarar i om lag 20 prosent av barnehagane i 2022.

Endringslogg 1.12.2022, kl. 09.38: I saka stod det at 4173 barnehagestyrarar var blitt intervjua i undersøkinga. Det rette er at 1539 svarte på 4713 utsende skjema.

Powered by Labrador CMS