Kortnytt

Avlyser utveksling utanfor Europa, med eitt unntak

Publisert

Ved Universitetet i Bergen har dei no landa på at dei også avlyser utveksling til land utanfor Europa våren 2021, med eitt unntak.

— Det er for studentar kor utveksling eller praksis utanfor Europa inngår som ein obligatorisk del av utdanninga, skriv viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, i ein SMS.

17 andre institusjonar har valt å avlyse all utveksling til land utanfor EU/EØS, Sveits og Storbritannia.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS