Leksikon

Artiklane hans vart lesne 2,7 millionar gonger i fjor

Medisinprofessoren Per Holck er i særklasse den mest lesne forfattaren i Store norske leksikon. Han set pris på ein hardhendt redaktør.

Per Erling Holck er professor i anatomi og leksikonkongen. Det går sjeldan ein dag utan at han set seg ned og skriv eller reviderer ein leksikonartikkel.

Det handlar om hovud, skulder, kne og tå, under- og overekstremitetar, nervus radialis og rotledd.

Fakta

Store norske leksikon

  • Store norske leksikon (SNL) er eit allmennleksikon som blir publisert gratis på internett. SNL er basert på artiklane i papirleksikonet Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon, som kom ut i fire utgåver mellom 1978 og 2007, i tillegg til nyskrivne artiklar for nettleksikonet.
  • Artiklane er vitskapeleg funderte og skrivne av fagfolk som oppdaterer og forvaltar tema og fagområda. Leksikonet har artiklar både på nynorsk og bokmål.
  • Leksikonet hadde per 1.1.2023 193 368 artiklar, og nær 200 000 bilde. Leksikonet har over 5000 bidragsytarar og 1125 fagansvarlege.

— Anatomi, som er mitt fagområde, er ganske omfattande. I årevis har redaksjonen ønskt å få ein artikkel for alle musklane i kroppen. Då blir det fort ein del, kommenterer professor emeritus ved Universitetet i Oslo, Per Holck, tørt og sakleg, når Khrono ringer.

Tørr og sakleg, det er kanskje det ein leksikonartikkel skal vere, men Holck auser i tillegg på med saftig entusiasme for fagleg formidling.

— Eg tenker på leksikonet som ei slags lett tilgjengeleg lærebok, seier professoren, som kanskje kan få tilleggstittelen leksikonkonge.

Til «læreboka» som heiter Store norske leksikon (SNL) har Holck stått for 1618 artiklar. Målt i lesingar stiller Holck også i ei særklasse blant bidragsytarane til leksikonet med 2,7 millionar visningar i 2022.

Nestemann på denne rangstigen er statsvitaren Dag Einar Thorsen som jobbar ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han hadde oppunder 1,6 millionar treff på artiklane sine i fjor. Bikkar millionen gjer også litteraturprofessor Erik Bjerck Hagen ved Universitetet i Bergen. Han har så langt drygt 600 artiklar i leksikonet.

Fag for folk

Store norske leksikon, for lengst ein digital publikasjon, er eit mykje brukt oppslagsverk. I oppsummeringa av fjoråret kan redaksjonen skilte med 108 millionar lesne artiklar. I rekordmånaden januar hadde leksikonet 3,5 millionar unike brukarar.

SNL er på same tid ein av dei største formidlingskanalane for fagfolk.

Sjefredaktør Erik Bolstad og biologiredaktør Marit Simonsen i arbeid i Store norske leksikon.

Det er no 1100 fagansvarlege og over 5000 artikkelforfattarar, dei fleste kjem frå universitet og høgskular. Berre ved Universitetet i Oslo er der nesten 172 fagansvarlege. Leksikonet ønskjer seg fleire, og tråla i fjor lærestadene på jakt etter skribentar. Kunnskap, altså «viten, lærdom, erkjennelse og innsikt», som det står i leksikonet, er som kjent i evig og ustanseleg utvikling. Det er alltid ein artikkel som bør skrivast. Det er alltid ein som bør oppdaterast. Dessutan må det ryddast i dei som er utdaterte og ikkje lenger relevante.

Dei siste åra har redaksjonen sletta nær 80 000 oppslagsord og artiklar. No er det «berre» 193 000 igjen.

Ifølgje sjefredaktør for SNL, Erik Bolstad, er den typiske leksikonforfattaren ein akademikar som er i starten eller slutten av karrieren. Dei som er midten har det kanskje for travelt med alt anna livet har å by.

Post papir

— Folk blir motiverte av ulike ting. Akademikarane blir ofte motiverte av lesartal og rein formidlingsglede. Og så får dei jo litt betalt. Vi ser at dei som har undervist mykje, laga lærebøker og elles jobba med formidling ofte er dei som raskast forstår seg på sjangeren, seier Bolstad.

Erfaringa hans er at folk som kan gjere det stort på TV gjer det desto dårlegare som leksikonforfattarar. Omvendt er dei som neppe hadde bidratt til fancy TV raskare til å briljere i SNL-formatet.

Littearturvitar Erik Bjerck Hagen er den tredje mest lesne på snl.no.

— Leksikonartiklar skal trass alt vere meir nøkterne og kjedelege, seier Bolstad.

Før i tida var skrivestilen ekstremt komprimert, ifølgje redaktøren.

— For på papir var det dårleg plass. Det er det slutt på, no prøver vi å skrive enklare og å bruke litt meir plass på å forklare.

Likevel eser det ut. Ein av Bolstads kollegaer rekna ut at dei med dagens innhald ville fylt 66 papirbind. Det er 50 fleire enn då leksikonet kom ut på papir for siste gong i 2007.

Konspirasjonsteori

I ei tid då ein kan slå opp på omgrepet «falske nyheter», er utfordringane med å skilje skit og kanel langt større enn før. Ein god del av arbeidet med å drive eit leksikon handlar om å sjekke og kontrollere at det som skal vere sant faktisk er det. Til det arbeidet er også lesarane ein uvurderleg ressurs.

I 2022 måtte SNL for første gong publisere ei orsaking i ein artikkel. I ein periode i desember låg ein artikkel ute med feilaktige påstandar om sjukdomsframkallande effektar av koppevaksinasjon. Feilen kom inn via eit endringsframlegg frå ein ekstern brukar, som ved ein feil vart godkjend for publisering.

– Det er utruleg pinleg at vi har hatt liggjande ute konspirasjonsteoriar i leksikonet Det er fyrste gong vi har hatt ein så alvorleg feil, men det er jo typisk at slike ting kan skje rett oppunder jul , seier Bolstad.

— Rett på sak

— Ein god leksikonartikkel er ein som går rett på sak, og som forklarer kva det dreier seg om utan å bli for lang eller bruke altfor mange vanskelege ord, seier Per Holck.

Etter årevis med produksjon av omtrent ein artikkel om dagen sit forma i ryggmergen, også kjent som medulla spinalis.

— Det er slike artiklar eg sjølv liker å lese, seier Holck, som også er ein ivrig brukar av leksikonet. Det er dessverre ikkje til unngå at vi må flette inn eitt og anna faguttrykk, legg Holck til.

Han fortel at han av og til får tilbakemeldingar frå lesarane.

— Då kan det skje at eg ser at noko ikkje er forklart godt nok. Eller eg får ein ide til ein ny artikkel. Akkurat no er et i gang med å forbetre ein artikkel om kapillar, som av ein eller annan mystisk grunn fortsatt blir kalla kapillær i lærebøker. Det er ein rest frå dansk, seier han.

Rett før utbetringa av artikkelen om kapillar stod Alzheimer på programmet.

— Sjukdomen er jo dessverre temmeleg aktuell. Men mange kjenner ikkje til Alois Alzheimer, som har gitt namn til sjukdomen. Æres den som æres bør, sjølv om det dessverre skjer etter hans levetid, seier Holck.

Han er forresten Steinbukk, i astrologisk samanheng. Det verkar kanskje irrelevant i denne samanhengen, men det er det ikkje nødvendigvis.

Stjerner og narsissisme

Ingen musklar eller andre anatomiske strukturar nådde til topps på lista av dei mest lesne artiklane i Store norske leksikon i 2022. Det gjorde derimot artikkelen om stjerneteikn, eit «omgrep som innanfor spådomskunsten blir brukt om kvart av dei tolv stjernebileta i Dyrekrinsen», som det står.

Læreboka har ikkje alltid alle svar. Då er det veldig bra at leksikonet finst og at ein kan ty til det

Per Holck

Medisinfaget må nøye seg med å hamne eit godt stykke ned på lista av dei mest populære emna. Skjoldbruskkjertelen kjem høgast i den kategorien, med ein 49.-plass (like bak litteraturprofessor Erik Bjerck Hagens artikkel om realismen). Per Holck figurerer på 61.-plass med nervesystemet.

Blant ti på topp finn ein elles gamle travarar som første verdskrigen, andre verdskrigen, den kalde krigen, land i Europa og Islam. Den tredje mest leste artikkelen i 2022 skil seg derimot også ut. Den handlar om «narsissistisk personlighetsforstyrrelse». Dette emnet er blitt stadig flittigare slått opp av lesarane.

Etter at Donald Trump vart president i USA, og særleg etter åtaket på Kongressen i 2021, har stadig fleire søkt på dette emnet.

Lagarbeidet

— Det er sjølvsagt veldig hyggeleg å bli lest av så mange når eg legg alt dette arbeidet i dette, seier professor Holck.

Han er 82 no, men held koken. Det kan fort bli ein to, tre millionar oppslag neste år også.

Per Holck er medisinprofessor emeritus med entusiastisk tilnærming til sakleg formidling.

Statistikken viser at folk i alle aldrar les i leksikonet, og den største gruppa er skuleelevar og studentar. Det er Holck særleg glad for, ikkje minst at han opplever at medisinstudentane har nytte av leksikonet.

— Læreboka har ikkje alltid alle svar. Då er det veldig bra at leksikonet finst og at ein kan ty til det, seier Holck.

Og forresten, dette må vi få med: Ein god leksikonartikkel er lagarbeid. Ein hardhendt redaktør er gull.

— Kan du vere så snill å nemne Halvard Hiis i artikkelen din? Kunnskapane hans er formidable, seier Holck, og det er den medisinske fagredaktøren i Store norske leksikon han snakkar om.

— Dersom eg har forklart noko på ein dårleg måte, er han ute etter meg med ein gong!

Powered by Labrador CMS