Rektor Johann Roppen seier han ikkje tvilar på dei subjektive opplevingane einskildpersonar rapporterer om. Men han er kritisk til Forskarforbundet sitt brev, som starta faktaundersøkingssaka. Foto: Øystein Torheim

Rektor Roppen angrar ikkje

Faktaundersøking: — Tilsette må slutta med å spreia påstandar om brot på arbeidsmiljølova, heiter det i styresaka ved Høgskulen i Volda. Rektor Johann Roppen angrar ikkje.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Ein viktig konsekvens av rapporten er at tilsette må slutte med å spreie påstandar om brot på arbeidsmiljølova for forhold som har vorte avviste i rapporten. Det kan faktisk i seg sjølv vere eit brot på arbeidsmiljøloven å spreie påstandar som det ikkje er dekning for, og bidreg ikkje til eit godt arbeidsmiljø – faktisk tvert i mot».

Det heiter det i saka styret ved Høgskulen i Volda handsama hausten 2017. Konklusjonen var at styret sa seg samde i at det ikkje hadde vorte påvist brot på arbeidsmiljølova, og at høgskuledirektøren skulle følgja saka opp på vanleg måte for personalsaker.

Les saken: Ansatte i Volda ble beskyldt for å fantasere fram konflikter. Flere av forholdene de klaget på ble aldri undersøkt.

Rektor Johann Roppen seier at brevet frå Forskerforbundet, som starta saka Khrono i dag skriv om, kom veldig overraskande på han.

— Men det er ganske harde ord i desse styrepapira?

— Etter styrehandsaminga formidla eg ei munnleg tilbakemelding til det dåverande styret i Forskerforbundet med det same innhaldet som står i desse styrepapira. Og eg skal ikkje springa frå formuleringane i styresaka, seier Roppen.

Det er viktig å understreka at eg ikkje tvilar på dei subjektive opplevingane enkeltpersonar har rapportert om.

Johann Roppen

— Det er viktig å understreka at eg ikkje tvilar på dei subjektive opplevingane enkeltpersonar har rapportert om, seier han.

Opplevde plikt til handling

Dei tre ansatte er kritiske til faktaundersøkinga som er gjennomført ved Høgskulen i Volda. Roppen seier at ein ikkje hadde noko anna val enn å få ei ekstern gransking sidan mellom andre dåverande høgskuledirektør var ein av dei som var nemnd i brevet frå fagforeininga. Han viser til at Forskerforbundet i sitt brev bad om ei ekstern gransking.

— I brevet kom det fram påstandar om trakassering. Det opplevde me at utløyste ei handlingsplikt. Sidan direktøren var nemnt i brevet, hamna saka på mitt bord, seier Roppen.

I brevet frå fagforeininga vert det vist til ei undersøking bedriftshelsetenesta gjennomførte i 2006. Det vert òg vist til at arbeidsmiljø- og klimaundersøkinga (ARK) som vart gjennomført i 2015. Den viste dårlegare skår for fellesadministrasjonen enn for resten av høgskulen. Resultata hadde betra seg då undersøkinga vart gjennomført på nytt i 2018.

— Korleis har de følgt opp ARK-undersøkinga?

— Det er det personalkontoret og dei tilsette på dei aktuelle kontora som har gjort, så eg kan ikkje seia noko om kva konkret som er gjort, seier Roppen.

— Kva var viktigast; å undersøka om arbeidsmiljølova var broten eller å gjera noko generelt med arbeidsmiljøet?

— Me håpa på begge delar. Men det var punktet om trakassering som utløyste handlingsplikt, seier Roppen.

Han seier at det er vanskeleg å arbeida med arbeidsmiljøet når påstandar om trakassering heng i lufta og ei omfattande undersøking går over eit halvt år.

— Arbeidsmiljøet må me arbeida med kvar einaste dag på same måte som alle andre organisasjonar. Det har me gjort både før og etter at brevet frå Forskerforbundet kom. Ein viktig måte å måla status i arbeidet på er resultata frå arbeidsmiljøundersøkinga Ark, seier Roppen.

Tre leverandørar

Roppen seier at då saka første gong vart handsama i styret, var det få dagar etter at brevet frå Forskerforbundet hadde kome. Den gongen fatta ikkje styret noko vedtak, men det vart sagt at rektor og styreleiar Roppen skulle ta tak i saka. På neste styremøte vart det gjort eit formelt vedtak om dette og dessutan sett av midlar til ei faktaundersøking. Det vart laga eit anbod, og Tinia var ein av tre leverandørar som leverte anbod.

— Fekk de undersøkt det de ønska?

— Det kritiske var påstandane om trakassering. Det vart gjennomført ei undersøking med kontradiksjon, og det vart laga tre omfattande rapportar som kvar er på mange sider. Svært mange tilsette har vorte intervjua og det har også vorte lagt fram skriftleg materiale. Det høgskulen bad om at skulle gjennomførast, er gjennomført.

— Er du nøgd med kvaliteten?

— Det er første gong høgskulen nyttar ei slik faktaundersøking med eit slikt omfang frå ein ekstern leverandør. Sidan brevet knytte både personaldirektør, bedriftshelseteneste og hovudverneombod til saka, vart me tvinga til å ta saka ut av huset – me hadde ikkje så mykje val, seier Roppen.

Det høgskulen bad om at skulle gjennomførast, er gjennomført.

Johann Roppen

Han seier at han registerer at det er usemje om einskilde formelle sider ved gjennomføringa.

— Men eg klarer ikkje å sjå at det ville gitt eit heilt anna resultat om ein hadde gjennomført undersøkinga på ein litt annan måte.

Ville sendt brev i retur

Rektor Roppen seier at dersom han hadde fått det same brevet i dag, hadde han sendt det i retur.

— Eg ville oppmoda fagforeininga til å seia til enkeltmedlemmene at dei kan nytta dei kanalane som finst for å seia ifrå, seier Roppen.

I samband med rapporten om trakassering og mobbing i akademia har høgskulen laga ei oversikt over aktuelle varslingskanalar.

Roppen understrekar at faktaundersøkingssaka har vore krevjande for alle dei involverte.

— Eg håpar og trur at alle har lært noko.

— Kva skil denne saka frå saka ved Avdeling for mediefag, der dekanen no er omplassert?

— Tala frå ARK-undersøkinga var mykje verre for Avdeling for mediefag i 2018 enn kva som var tilfelle for fellesadministrasjonen i 2015. I tillegg var ARK-undersøkinga ny for oss då, så me måtte læra den å kjenna. Før dette brevet frå Forskerforbundet kom, hadde me ikkje fått klager på det generelle arbeidsmiljøet i fellesadministrasjonen, seier Roppen.

— Kjem Høgskulen i Volda til å velja Tinia igjen dersom de skal ha ei ny faktaundersøking?

— Denne gongen var det dei og to andre som leverte tilbod. Om me vel dei for framtida kjem an på kva tilbod dei leverer.

Oppmodar om å legga saka bak seg

Johann Roppen har fått sitatsjekk på denne saka. Han ønskjer å legga til følgende:

«Saka starta i 2017 og vart avslutta i 2018, utan at det vart konstatert brot på arbeidsmiljøloven. Det er viktig å legge ting bak seg og å gå vidare. Det er svært viktig for meg å få fram at eit godt arbeidsmiljø er noko som blir skapt i det daglege arbeidet og difor må jobbast med heile tida. Kvar einskild leiar og tilsett har eit ansvar for å medverke til det. Arbeidsmiljøkartlegginga ARK 2018 tyder ikkje på at dei tilsette i fellesadministrasjonen opplever spesielle utfordringar i arbeidsmiljøet», skriv han i ein e-post til Khrono.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS