Rektor Johann Roppen seier det er spesielt å kommunisera via advokat, slik høgskulen no gjer med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Foto: Øystein Torheim
Rektor Johann Roppen seier det er spesielt å kommunisera via advokat, slik høgskulen no gjer med Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Foto: Øystein Torheim

Volda: Vil framleis omplassera dekanen

Arbeidsmiljø. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har klaga på Høgskulen i Volda sitt vedtak om å omplassera henne. Men høgskulen har ikkje endra syn i saka.

Publisert

Måndag sende Høgskulen i Volda svar til Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. Ho var fram til 12. august dekan ved Avdeling for mediefag, men høgskuleleiinga har vedteke at ho skal omplasserast. Dette skjer etter ei arbeidsmiljøsak ved avdelinga.

Rotevatn har klaga på vedtaket, gjennom fagforeininga Samfunnsviterne. Khrono har bede om innsyn i både klagen frå Rotevatn og svaret frå høgskulen, men har fått avslag, med grunngivinga «omsyn til ei forsvarleg gjennomføring av høgskulens personforvaltning».

Vurderer svaret

Til Medier24 seier Roppen at høgskulen ikkje har endra syn på saka ut frå klagen. Tidlegare har han sagt at Rotevatn mellom anna skal jobba med det nye mediehuset, som no kan byggast.

Det er Geir Waage Aurdal i Samfunnsviterne som bistår Rotevatn. Han seier til Medier24 at dei vurderer svaret frå høgskulen og vil i løpet av dei neste dagane ta stilling til kva dei gjer vidare. Saka kan ende i retten.

Kan omplassera i eit halvt år

Styringsretten opnar for at ein kan omplassera ein tilsett mellombels i opp til eit halvt år. Då Khrono var i Volda i samband med studiestart svara Roppen dette på kva som vidare skjer i saka, og kva som skjer dersom ein ikkje kjem til ei semje:

— No har me ein tenkepause, seier Roppen.

— Rotevatn er sterk og flink på mange måtar, og midt i blinken for Høgskulen i Volda. Det var difor ho vart tilsett. No ser me korleis me kan få henne inn andre stader i systemet – og eg er trygg på at me skal få det til.