Meiner regjeringa har seg sjølve å takke for at færre studerer i utlandet
Utanlandsstudier. Ferske tal frå Lånekassen viser at talet på nordmenn som vel å studere i utlandet held fram med å gå ned. — No må regjeringa ta grep, seier ANSA-president Hanna Flood.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I fjor tok 24.083 norske studentar heile eller delar av utdanninga si i utlandet — 864 færre enn året før, viser tal frå Lånekassen.
— Etter å ha sett ei jamn stigning i talet norske studentar i utlandet over fleire år, ser vi no ein nedgang. For gradsstudier er det fjerde året talet går ned, medan det for delstudier har vore ganske stabilt fram til det siste året, seier Nina Schanke Funnemark, administrerende direktør i Lånekassen, i ei pressemelding.
Forventar nye grep i stortingsmelding
Både ANSA (Association of Norwegian Students Abroad) og Norsk studentorganisasjon (NSO) reagerer på den negative utviklinga.
Dette har det blitt jobba systematisk for dårleg med over tid.
Hanna Flood
Dei to organisasjonane meiner regjeringa må ta grep dersom dei ynskjer å nå målet sitt om at 20 prosent av studentane som vert uteksaminerte innan 2020 skal ha tatt delar av grada si i utlandet — eit tal regjeringa på sikt vil auke til 50 prosent.
— Det er særleg tre problem fleire av våre medlemmar trekk fram: Den uoversiktlege støtteordninga for skulepengar, dårleg informasjon og utryggleiken knytt til om dei får godkjent utdanninga når dei kjem heim til Noreg. Dette har det blitt jobba systematisk for dårleg med over tid, seier president i ANSA, Hanna Flood, til Khrono.
Ho forventar at regjeringa tek tak i dette i stortingsmeldinga om studentmobilitet som skal leggast fram på nyåret.
Iselin Nybø (V), forskings- og høgare utdanningsminister, er oppteken av at fleire skal få internasjonal erfaring og seier at regjeringa no jobbar med stortingsmeldinga.
— Målet er at det blir ei kulturendring ved universitet og høgskular. Dei må gjere det enklare for studentane å reise på utveksling, og tilsette og leiinga må snakke varmt om utanlandsopphald. Vi ser også på kva vi som styresmakter kan bidra med for å legge enda betre til rette, seier Nybø ifølgje ei pressemelding.
Les også: Her får Nybø råd fra studentene til hvordan få flere på utveksling
Eit verktøy vi meiner kan ha effekt, er å gjere utveksling til ein integrert del av alle studieløp.
Marte Øien
Ulike tiltak
Marte Øien, leiar i NSO, deler uroa til ANSA kring dei nye tala og meiner regjeringa no må finne dei rette verktøya for å snu trenden.
— Eit verktøy vi meiner kan ha effekt, er å gjere utveksling til ein integrert del av alle studieløp. Så kan ein heller ha ei ordning der studentane aktivt kan melde frå at dei ikkje ynskjer å reise ut — såkalla «opt out-utveksling», seier Øien til Khrono.
Elles meiner Øien at ein må gjere mengda papirarbeid kring det å reise ut minimal. Ein må også få på plass gode digitale løysingar som kan gjere informasjon om utveksling og utanlandsstudier lett tilgjengeleg, seier ho.
Storbritannia har størst nedgang i tal studentar
Storbritannia held stand som mest populære landet å reise til for norske studentar. 4 059 studenter fekk støtte til ei heil utdanning (gradsstudium) der i undervisningsåret 2018–2019.
Men det er likevel også det landet som har størst nedgang i tal studentar. 268 færre nordmenn tok gradsstudier i Storbritannia i fjor samanlikna med året før.
Også USA og Ungarn er blant landa som har sett nedgang i talet norske studentar. Dette overraskar ikkje ANSA-presidenten.
— Ser vi til Ungarn har studentane opplevd ei utruleg turbulent tid. Studenter i Storbritannia opplever nok utryggleik knytt til Brexit, og studentar i USA er truleg prega svært hardt av ei svak krone. Alt i alt er dette ein vanskeleg situasjon for desse studentene, seier Flood.
Flere kvinner enn menn reiser ut
Av alle som tok eit gradsstudium i utlandet i fjor, var 61 prosent kvinner og 39 prosent menn. Kjønnsfordelinga er svært ulik for dei enkelte faga.
Kvinnedelen er høgast på veterinærmedisin (90 prosent) og lågast på IT-fag (29 prosent).
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!