Arnt Ove Hopland ved NHH forklarer kvifor han som forskar ikkje kan se for seg eit lukkeleg liv i kontorlandskap. Foto: David Engmo

Mitt arealeffektive kontor

Arbeidsplass. Kontoret er mi eiga vesle hole, min tilfluktsstad, staden der eg kan tenkje og produsere forsking, skriv førsteamanuensis Arnt Ove Hopland ved NHH.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Debatten om «framtidas arbeidsplassar» for forskarar har i altfor lita grad handla om kva forskarar gjer. På eine sida har vi ein kommunikasjonsdirektør som skisserar konsulentens lukkelege liv i landskap, og på den andre gode kollegaer som snakkar om at vi mistar kontakta med studentane om vi må sitje i landskap.

Problemet med studentargumentet er at det framstiller oss som lærarar, og lærarar har jo som kjend berre ein liten pult i eit ope landskap og klarar seg tilsynelatande heilt fint.

Men eg er ingen lærar, eg er ein forskar. Jovisst må eg ned i auditoriet og halde preike nokre dobbelttimar per semester, men utover det er kontakta med studentar avgrensa og i all hovudsak på epost.

Poenget er at eit kontor er heilt perfekt som «aktivitets-basert arbeidsstad».

Arnt Ove Hopland

Lat meg skissere korleis eit par ikkje heilt uvanlege arbeidsdagar kan sjå ut. Dag 1 flyg ein kollega frå kontinentet inn for å arbeide med meg og ein intern kollega på eit prosjekt. Sidan vi er på eit tidleg drodlestadium tek mine kollegaer på formiddagen plass rundt kaffibordet på kontoret mitt og reiknar på modellen, medan eg sit bak skrivebordet og skriv dei mest meiningsfulle resultata inn i eit elektronisk dokument. Sidan det vi gjer er frykteleg vanskelege og tidkrevjande greier et vi lunsjen rundt kaffibordet og nyt kaffi frå min eigen vasskokar heller enn å kaste vekk verdifull tid på å gå til kantina.

Etter lunsj spesifiserar vi arbeidsoppgåver til kvar einskild og går til kvart vårt kontor. Men, før eg rekk å gjere mine oppgåver for dagen vert eg avbroten av ein haste-epost frå ein kollega på eit anna prosjekt. Han sender meg 10 sider med heslege matriser og treng at eg kontrollreiknar omgåande for å sjå om vi har eit resultat som er verd å arbeide vidare med. Då reiser eg meg frå kontorstolen og vandrar kvilelaust omkring medan eg reiknar som besett på den store tavla eg har på veggen. I denne prosessen treng eg både nokre kvadratmeter med golv som eg kan gå i ring på og gode kontorveggar som kan døyve den verste bannskapen som uunngåeleg kjem når eg må viske ut og reikne ein gong til.

På kvelden er det middag med gjesten (den et vi rett nok på restaurant, ikkje mitt kontor) og gjennomgong av dagens produksjon. Sidan eg måtte bruke ettermiddagen på eit anna prosjekt vert det veldig klårt at min arbeidsdag slett ikkje er over. Etter middagen er det derfor tilbake på kontoret for å fullføre oppgåvene til neste morgon. Ei av oppgåvene er å lese ein altfor lang artikkel der nokre amerikanarar freistar å gjere noko som liknar på vårt prosjekt, og kome opp med argument om kvifor det vi gjer er betre. Sidan dagen har vore lang er eg sliten og vel å leggje meg ned på sofaen på kontoret for å lese. Hjerna arbeidar godt når lekamen er i horisontal stilling.

På morgonmøtet dag 2 er vi igjen samla på mitt kontor og går gjennom gårsdagens og nattas produksjon før vår kollega frå kontinentet set kursen sørover igjen. No er vi klare til å skrive ein artikkel heilt i forskningsfronten og gjere verda til ein litt meir opplyst stad.

Poenget er at eit kontor er heilt perfekt som «aktivitetsbasert arbeidsstad». I løpet av dagane kan vi sitje å arbeide i grupper med kvar vår pc, ha møter kring kaffibordet og arbeidslunsj. Og heilt utan å reise meg og gå på leiting etter ein annan arbeidsstasjon kan eg gå direkte over i konsentrasjonsmodus og reikne og skrive. Når eg set meg fast i reikninga kan eg reise meg og gå i sirklar på golvet, bruke grovt språk og fysisk gå laus på papirkurv og tastatur for å få ut frustrasjon. Heilt utan å forstyrre mine kollegaer som slit med si eiga forskning på sine eigne kontor. Dersom ikkje dette er ein arealeffektiv måte å bruke 13 små kvadratmeter på, så veit ikkje eg.

Kontoret er mi eiga vesle hole, min tilfluktsstad, staden der eg kan tenkje og produsere forskning. Om det vert ofra på arealnormens alter kan eg like gjerne få meg jobb som lærar. Eller kommunikasjonsdirektør.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS