Petter Aasen fra da han talte under markeringa av studiestart på campus Drammen.
 
Foto: Knut Jul Meland / USN
Petter Aasen fra da han talte under markeringa av studiestart på campus Drammen. Foto: Knut Jul Meland / USN

Aasen, USN: Høgare utdanning er viktigare enn nokosinne

Studiestart. I ei tid med store samfunnsendringar, utfordringar knytt til berekraftig samfunnsutvikling og polariserte og oppheita samfunnsdebattar, er tverrfaglege perspektiv, danningsmandatet og verdifundamentet i høgare utdanning viktigare enn nokosinne.

Publisert

Velkommen til den offisielle opninga av det nye studieåret ved Universitetet i Søraust-Noreg. For oss som arbeider ved USN er opninga av eit nytt studieår ein festdag, og det er spesielt ei stor glede å ønske nye studentar velkommen til universitetet.

Regionalt samarbeid både når det gjeld utdanning, forsking og utviklingsarbeid, er grunnleggjande for utviklinga av universitetet vårt.
Petter Aasen
Rektor, USN

Welcome to the opening of the academic year at University of South-Eastern Norway. It always a great pleasure to welcome our new international students. We are pleased and grateful that you have chosen to come to our university, and we are glad to see you here at the official opening of the new academic year at University of South-Eastern Norway. An international orientation is one of the declared aims of our university, and we are proud to attract a diversified student body from a variety of countries and cultures. This year we can welcome around 700 new international students to our university. The total number of international students enrolled at USN this year is approximately 1500 students.

University of South-Eastern Norway offers an academic environment where new ideas are advanced and enduring knowledge are promoted. As foreign students, you bring with you your cultural traditions, perspectives and contacts. We look forward to profit from your contribution to our academic, social and cultural environment. At the same time, we will do our best to fulfil your expectations.

Dei endelege tala for årets opptak er enno ikkje klare, men førebels ser det ut som at det blir 18.000 studentar ved USN, fordelt på våre åtte campus her i søraustregionen.

«When you know better, you do better». Høgare utdanning gjev kunnskap og kompetanse som opnar dører til samfunnslivet og arbeidslivet og er difor ei viktig investering for den enkelte, men òg for samfunnet.

Høgare utdanning skal gje fordjuping og solid kompetanse innanfor dei fagfelta de har valt og vere inngangsbillett til eit stadig meir kunnskaps- og kompetansedrevet arbeidsliv. Høgare utdanning skal fremje nyskaping og sette dykk i stand til å fornye det yrke som de om nokre år skal gå inn i.

Universitetet i Søraust-Noreg har ein profesjonsretta, arbeidslivsorientert og samfunnsrelevant hovudprofil. Utdanningstilboda våre skal ha høg fagleg kvalitet. Gjennom praksisnær forsking og utviklingsarbeid styrker vi stadig kunnskapsgrunnlaget for studietilboda slik at studiane våre møter behova i samfunnet og krava som arbeidslivet stiller.

Ved vårt universitetet legg vi spesielt stor vekt på regionale forankring. Regionalt samarbeid både når det gjeld utdanning, forsking og utviklingsarbeid, er grunnleggjande for utviklinga av universitetet vårt. Viktige samarbeidspartnarar er verksemder offentleg og privat sektor i vår region. Eg forventar at det blir gjenspegla i det studiet du har valt.

Høgare utdanning skal òg vere ein modningsprosess gjennom tilrettelegging av studentaktive læreprosessar der argument kan brytast og der de får innsikt i og forståing for ulike perspektiv og ståstadar. Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling basert på lærefridom, vitskaplege metodar, saklegheitslære og kritisk refleksjon er kjerneverdiar i høgare utdanning og forsking. Det er også kjerneverdiar i demokratiet vårt. Det er verdiar som stimulerer nysgjerrigheit, set etablert kunnskap og resonnement på prøve og sporar til aktiv samfunnsdeltaking. Dette er eit verdigrunnlag som skal møta fake news, alternative fakta, fordommar, diskriminering og det som verre er, ekstremisme og valdshandlingar. Høgare utdanning skal bidra til å kanalisere meiningsbrytning inn i demokratiske prosessar og leggje grunnlag for å utvikle samfunnet vårt vidare basert på eit demokratiske og inkluderande verdigrunnlag.

Ambisjonen vår er difor at de her ved Universitetet i Søraust-Noreg vil møte utdanningsprogram som set problemstillingar, kunnskap og ferdigheter som de møter i det enkelte faget, inn i ein større fagleg, sosial og kulturell samanheng. På den måten skal universitetet utvikle den frie, opplyste og kritiske tanke og stimulere til samfunnsengasjement. Fagleg kunnskap og facts er viktig. Men som Albert Einstein uttrykte det: «Education is not the learning of facts, but the training of the mind to think».

I ei tid med store samfunnsendringar, utfordringar knytt til berekraftig samfunnsutvikling og polariserte og oppheita samfunnsdebattar, er tverrfaglege perspektiv, danningsmandatet og verdifundamentet i høgare utdanning viktigare enn nokosinne.

Dette er også verdiar som vi skal ha med oss i dei relasjonane vi inngår i kvardagslivet, både på og utanfor studiestaden. Verdiforankra sjølvrefleksjon skal demme opp for overgrep, trakassering og anna utilbørleg framferd som t.d. er avdekt i forlenginga av mee-too-kampanjen i sosiale medium – dessverre òg ved universiteta. Skulle du oppleve noko i denne retninga ved universitetet vårt så ikkje nøl med å varsle. Kanalen du skal bruke finn du på studentane sine intranettsider.

Overgangen frå vidaregåande skule til universitet har vist seg å vere krevande for mange. Det er dokumentert at for mange studentar pregar einsemd og usikkerheit studietida. I samarbeid med Studentsamskipnaden har vi sett i verk ei rekkje tiltak som skal bidra til å inkludere kvar og ein av dykk i eit fagleg og sosialt fellesskap. Eg håper at sjølv om studiestarten kjennest litt overveldande i starten, vil du etter kvart bli knytt til eit fagmiljø der du opplever å høyre til. Og skulle det oppstå problem, fagleg eller sosialt, ikkje nøl med å søke råd hos faglærarane dine, studievegleiar, medstudentar som er engasjerte i studentdemokratiet og studentsamfunnet, eller hos medarbeidarar som arbeider med studentvelferd ved universitetet og i Studentsamskipnaden. Universitetet har òg eit eige studentombod som mellom anna skal bidra til å sikra rettar du har som student ved universitetet vårt.

Eit universitet blir målt på faglege resultat. Det blir kravd og forventa innsats av dykk i auditoria og i klasseromma, på lesesalane, i laboratoria og verkstadene og i kollokviegruppene der de individuelt og i fellesskap arbeider med det faget de har valt å fordjupa dykk i.

Universitetet i Søraust-Noreg er eit nytt universitet og vi arbeider heile tida for å vidareutvikle vår eigenart som høgare utdanningsinstitusjon – både for å møte behova i samfunnet og krava i arbeidslivet, men òg for å møte dei forventningane som de har til universitetet. Utviklinga av eit universitet er eit lagarbeid og dei ambisjonane vi har for universitetet vårt føreset arbeidsfellesskap der de som studentar bidrar i diskusjonar rundt vegval og avgjerder som skal fattast. Vi ønsker difor òg engasjerte studentar som medverkar og påverkar. Og så ønsker vi studentar som av og til tar fri frå lesesalen og som ved sida av det akademiske livet, òg nyt det sosiale livet som student. På kvart campus har studentane ein campusleiar som representerer studentdemokratiet, og ein eller fleire som har ansvar for sosiale aktivitetar.

Eg håper vi gjennom krevande, spennande, givande og relevante studiar og eit godt studentmiljø kan møte og innfri både faglege og sosiale forventningar som de har. Eg håper studiar ved Universitetet i Søraust-Noreg etter kvart vil opna vegen til yrkeslivet, og dermed gi dykk noko å leva av. Og eg håper høgare utdanning vil bevisstgjere, styrke verdiar og etablere gode relasjonar som gir dykk noko å leva for.

Velkommen til oss! Lukke til med studieåret!