Antisemittisme

Blir peikt ut som antisemitt av kollega. — Bryt med folkeskikk og kollegialitet

Forskarar reagerer sterkt på at dei aldri vart kontakta før forfattar Torkel Brekke framstilte dei som antisemittar i ny bok. — Eg kan seie sikkert at det ikkje ville ha dukka opp nye perspektiv, svarar Brekke.

— Å kalle nokon for antisemitt, er svært grovt, seier Lars Gule. Han meiner OsloMet-kollega Torkel Brekke «hoppar rundt i eit tilfeldig utval av kjelder».
Publisert Oppdatert

— Når han først skulle delegitimere det eg har arbeidd med i 50 år på så tynt og selektivt grunnlag, kunne han godt ha tatt kontakt og gitt meg sjansen til å kommentere det før utgivinga av boka.

Det seier professor ved Norsk senter for menneskerettigheter ved Universitetet i Oslo, Nils Butenschøn. Han er ein av forskarane som blir trekt fram og skulda for antisemittisme i professor Torkel Brekkes nye bok «Ingen er uskyldig — antisemittisme på venstresiden».

Brekke vil ifølgje forlaget vise «hvordan deler av venstresiden har dyrket konspirasjonsteorier om jøder og hvordan sovjetisk holocaust-revisjonisme ble spredt i norsk offentlighet».

Fakta

Ny bok fra Torkel Brekke

Har norsk venstreside et problem med det jødiske? Ja, svarer Torkel Brekke i denne boken. Forfatteren viser hvordan deler av venstresiden har dyrket konspirasjonsteorier om jøder og hvordan sovjetisk holocaust-revisjonisme ble spredt i norsk offentlighet.

Ingen er uskyldig tar et ubehagelig, men nødvendig oppgjør med en politisk tradisjon som altfor lenge har blitt ignorert. For venstresiden har det vært enkelt å klistre jødehatet på de andre, altså nazister og høyreekstreme. Venstresiden har sluppet å se seg i speilet og spørre hvordan man selv har omtalt og behandlet jøder, heter det, blant annet, i forlagets omtale av Torkel Brekkes siste bok fra Cappelen Damm.



Butenschøn blir av Brekke peikt på som ein av representantane i kraft av det han skreiv som redaktør i det venstreradikale tidsskriftet Palestina Nytt i 1976. Der støttar og legitimerer Butenschøn, ifølge Brekke, terror mot sivile israelarar.

— Det gjorde eg sjølvsagt ikkje, og konklusjonen hans kviler på svært tynt grunnlag, seier Butenschøn.

Butenschøn presiserer at han ikkje har lese heile boka til Brekke, men han har fått lagd fram dei delane som omhandlar han av Khrono. Han karakteriserer innhaldet som «useriøst» og «forkasteleg».

Brekke meiner på si side det ikkje er grunn til å ta kritikken alvorleg:

— Det er svært urimeleg når Gule og Butenschøn vil ha dette til å handle om deira følelsar. Dette handlar om norske jødar, som opplever at tilværet i Noreg blir litt mindre trygt av retorikken deira, seier han.

— Selektiv framstilling

Butenschøn seier det han skreiv handlar om at palestinarane på den tida (1970-talet) stod i ein situasjon der dei ikkje kunne vende tilbake til heimlandet sitt, og at dei var flyktningar som kjempa for grunnleggande menneskerettar.

— Ein slik kamp har nødvendigvis mange dilemma og diskusjonar i seg om kor grensene skal gå, mellom kva som er terror og kva som er legitim frigjeringskamp mot ein kolonial settlarstat. Dette var noko vi anerkjende at var vanskelege spørsmål. Men eg har aldri tatt til orde for eller støtta terror mot sivile. Brekke kjem med ei svært selektiv framstilling av det vi stod for, seier Butenschøn.

Nils Butenschøn er usikker på om han skal gidde å kommentere Brekkes påstandar.

Han reagerer sterkt, ikkje berre på at Brekke gjer han til døme på norsk antisemittisme — men også på at Brekke aldri tok kontakt og la fram noko av dette for han undervegs i arbeidet.

— Eg anbefaler han å lese boka mi «Drømmen om Israel» frå 1984. Eg er usikker på om eg i det heile skal gidde å kommentere det han kjem med. Eg har møtt desse påstandane i 30 år. Samstundes har eg samarbeidd med israelarar om desse spørsmåla, seier Butenschøn.

Aldri blitt kontakta

Ein annan som figurerer i og reagerer sterkt på Brekkes bok, er pensjonert førsteamanuensis Lars Gule, som er kollega av Torkel Brekke ved OsloMet.

— Dette bryt med alminneleg folkeskikk og normal kollegialitet, seier han.

Til liks med Butenschøn var Lars Gule aktiv på den radikale venstresida på 1970-talet. Han vart eit kjent namn i media i 1977, då han vart fengsla i den libanesiske hovudstaden Beirut, etter at kontrollørar fann sprengstoff i bagasjen hans. Han vart frifunnen for påstandane om at han planla terror.

Også Gule er svært kritisk til at Brekke ikkje har tatt kontakt med han, verken for å få framstillinga presentert, eller som kjelde. Han seier han ikkje på noko tidspunkt er blitt kontakta av Brekke før publisering av boka.

— Eg har blitt skulda for å vere antisemitt mange gonger. Då har det for det meste vore Israel-venner som meiner min kritikk av Israel er jødehatande. Det er skuffande at dette kjem frå ein så fagleg kompetent kollega. På generelt grunnlag er jo problematikken legitim og viktig, og det kan vere verd å undersøke om grupper som har eksistert eller eksisterer ytrar seg på måtar som er antisemittiske eller liknar på antisemittisme, seier Gule.

— Bryt med folkeskikk

I «Ingen er uskyldig» blir også ein annan OsloMet-kollega peikt ut av Brekke: Professor emeritus Tore Linné Eriksen.

Her dreier det seg om filosofen Frantz Fanon, som «de venstreekstreme gruppene (…) trykket til sitt bryst». Vidare skriv Brekke:

Tore Linne Eriksen, no professor emeritus på OsloMet, seier han ikkje vil kommentere før han har fått boka og lese.

«Som et eksempel på Fanons stilling også i Norge kan det nevnes at Tore Linné Eriksen våren 1968 ble valgt som leder for Det Norske Studentersamfund. Valgkampen og resultatet viser hvordan «mange studenter hadde blitt radikalisert», ifølge en norsk historiker som har studert perioden. Eriksen ble siden professor og har i en rekke utgivelser argumentert for hvorfor forholdet mellom Europa og «den tredje verden» bør tolkes i lys av Fanons teorier.

Linné Eriksen seier til Khrono at han ikkje ønskjer å kommentere før han har fått lese heile boka til Brekke, som han venter på skal komme i posten.

Kjølig forhold

Lars Gule seier han skjøna kva posisjon Brekke har etter ein kronikk i Aftenposten sommaren 2021, der han tok opp noko av det same som han gjer i boka.

— Eg tenkte på oss som gode kollegaer, men forholdet var kjøligare etter det, kan du seie.

Brekke og Gule hadde tidlegare kontor i same gang.

Men viktigare enn uvennskap, seier Gule, er dei metodiske og forskingsetiske krasjlandingane han meiner å sjå i Brekkes arbeid.

— Han har tydeleg lese eit lite utval tekstar eg har skrive og intervju gjort med meg, og tolka utifrå det. Kjeldetilfanget elles er òg mildt sagt einsidig. Hadde han snakka med meg kunne han jo framleis ha skrive det han skriv, men no blir det propaganda. Det er lov å publisere propaganda, men det er ikkje truverdig.

Gule meiner det han ser som Brekkes mangelfulle og selektive kjeldebruk blir eit «kjempehol» i framstillinga, som dermed blir både metodisk og forskingsetisk problematisk:

— Ikkje minst når ein går ut med så krasse karakteristikkar av kollegaer som han gjer. Å kalle nokon for antisemitt, er svært grovt. Då skal du ha godt belegg. Har han det, når han hoppar rundt i eit tilfeldig utval av kjelder? Nei, han har ikkje det.

Brekke: — Representert på fair måte

Torkel Brekke ser derimot ingen gode grunnar til at han skulle ha kontakta og lagt fram stoffet, eller intervjua Gule eller Butenschøn som kjelder i arbeidet med boka.

— Dette er personar som har hatt eit svært offentleg fotavtrykk gjennom fleire tiår. Hadde dette vore snakke om sårbare privatpersonar, kunne eg ha vore einig i at eg burde involvert dei. Eg har lese det meste av det begge har skrive om Midtausten og både i aviser og i bokform. Eg har ikkje referert til alt, men når det gjeld deira syn på sionisme og Israel er eg sikker på at eg har representert dei på ein fair måte, seier Brekke.

Det var ikkje nødvendig å kontakte Gule eller Butenschøn, seier professor Torkel Brekke.

Han seier at han også har hatt ein slags dialog med Gule, og til dels Butenschøn, gjennom mange år, gjennom debattar om temaet.

— Eg veit kva Gule meiner. Eg kan seie sikkert at det ikkje ville ha dukka opp nye perspektiv. Han veit kvar eg står, og eg veit kvar han står.

Når det gjeld Linné Eriksen seier Brekke at han slett ikkje skuldar han for å vere antisemitt, og heller ikkje for å vere ein forsvarar av terror mot israelarar.

— Kva var motivasjonen for å trekke han inn?

— Å konkretisere det at 3. verda-ideologien var viktig for ein del norske akademikarar. Det er ein liten del av ein stor samanheng. Eg stiller ikkje Linné Eriksen til ansvar for noko som helst.

Powered by Labrador CMS