bustad
4000 færre i bustadkø
Ei veke ut i haustsemesteret er det 6000 studentar som framleis ventar på å få plass i studentbustad. I fjor på same tid var talet over 10.000.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Fleire norske studentar får i år tilbod om å bu i ein studentbustad. Det har Khrono tidlegare skrive. Årsaka er at det kjem langt færre internasjonale studentar til Noreg denne hausten.
No viser tal frå studentsamskipnadane at det ei veke etter semesterstart er 6415 studentar som står i kø for å få studentbustad. På same tidspunkt i fjor var talet 10.352.
Kan framleis ordna seg
— Ingen grunn til å mista motet sjølv om ein framleis står i kø, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
Asheim viser til at sidan 3. august har nesten 4000 av dei som stod i kø fått ein plass å bu.
I slutten av juli var det fleire av samskipnadane som ikkje hadde fylt opp alle studentbustadane sine. No viser tala at det er studentar på venteliste overalt, men skilnadane er store: I Oslo og Akershus ventar over 2000 studentar på bustad, medan talet er 45 i Stavanger og 28 i Molde.
Vil ha tjue prosent
Regjeringa har dei siste åra auka potten til studentbustader. Men det går for sakte, meiner fleire.
— Talet på studentar i bustadkø hos landets studentsamskipnader er framleis for høgt, skriv Marit Knutsdatter Strand (Sp) i ein epost til Khrono.
Ho skriv at partiet vil ha tjue prosent dekningsgrad, og la inn 500 fleire studentbustader i sitt alternative budsjett.
Også Norsk studentorganisasjon (NSO) vil at tjue prosent av studentane skal få tilbod om å bu i ein studentbustad. I dag er talet i underkant av 15. NSO-leiar Andreas Trohjell sa til Khrono i juli at NSO meiner at studentbustad bør vera eit eige formål i plan- og bygningslova, og viste til at mange gongar er det prosessane i kommunane som gjer at det tek tid å få på plass nye bustader.
Nyeste artikler
NTNU stenger populær fritidsbolig for utleie. — Veldig lei meg
Første gang dette århundret om alle godkjennes. Og slik ser det ut til å bli
29 unge og lovende forskere får ekstra privilegier
Departementet kan ikkje oppheve mistillit
Skal drøfte omdømme- og merkevarebygging
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Instituttet sier opp folk, nå slutter instituttleder og får ny jobb utenfor NTNU
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024