adventskalender
2022: Campuskrasj for kunstfaga
Ola Borten Moe har vore i overkant handlekraftig, skal me tru Nora B. Kulset ved NTNU, som opplevde at planane om å samla kunstfaga i Trondheim vart skrota av den nye statsråden.

Nora Bilalovic Kulset leier Institutt for musikk ved NTNU i Trondheim.
Bak luke nummer 18 i Khrono finn me Nora Bilalovic Kulset. Ho leier Institutt for musikk ved NTNU i Trondheim.
— Nora Bilalovic Kulset, korleis vil du oppsummere 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?
— Campuskrasj for kunstfaga ved NTNU. Ein ny, øvste leiar i Kunnskapsdepartementet som me merkar godt. Campusplanane til NTNU vart halverte i sum då den nye regjeringa toga inn, og i dette vart samlinga av kunstfaga ved NTNU totalskrota. For vår del, ved Institutt for musikk, vil det også seia at me må halda fram med å driva musikkutdanning på seks ulike adresser, i lokale som berre delvis er tilpassa aktiviteten vår, og som stort sett ikkje er universelt utforma. Det er både kostbart, ei potensiell utfordring for studiekvaliteten, og ikkje minst tidkrevjande å skulla flytta seg over store avstandar gjennom dagen, både for studentar og tilsette.
— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?
— Å få koma tilbake på campus i august og gje studentane fysisk undervisning utan stadige endringar gjennom hausten. Det var også godt å oppleva at kollegaane mine ikkje lenger trong å undervisa digitalt, men kunne vera fysisk til stades på campus og møta studentane igjen. Me er jo flokkdyr, så det var utruleg godt å krypa ut av heimekontor og inn i fellesskapen igjen.
— Kva har vore den største utfordringa i 2022, slik du ser det?
— Det er at Kunnskapsdepartementet har fått ny øvste leiar, noko me merkar godt og som til dels skapar uro i måten endringar vert handterte og kommuniserte på. Og så er det sjølvsagt ei utfordring at me er i ei tid med nedskjeringar i staden for vekst, i ei verd i uro både på grunn av pandemi, energikrise og krig i Europa.
— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?
— Eg har alt fått det eine juleynsket mitt oppfylt, nemleg at kollegaer og vener ved Griegakademiet i Bergen likevel får byggja nytt hus. Det vart eg så glad for på musikken sine vegner at eg ikkje ynsker meg noko meir.
— Kva skal du gjera i jula?
— Verdas mest keisame svar, men med det beste meiningsinnhaldet: eg skal vera saman med dei vaksne barna mine som kjem heim for å feira jul.
Nyeste artikler
Lover nytt selvstendig Horisont Europa — men for tidlig å juble
May-Britt Moser misbrukt i avansert KI-svindel
Den solidariske stemmen vi trenger i UiOs universitetsstyre
Her demonstrerer høgskolen mot drepte barn på Gaza
Hvorfor krever opptaket at vi skal rangere skolebarn?
Mest lest
Curt Rice slår alarm om Fulbright: — Programmet kan bryte sammen
Rita (25) vurderte å droppe ut. Det ville hun tapt mye penger på
Veilederen leste artikkelen for dårlig. Ble felt for vitenskapelig uredelighet
Skjerpet sikkerheten etter at mann stalket ansatte og opptrådte truende
Oppdragsgiverne forkastet rapport. Forskerne mener forskningsfriheten er brutt