Ferske kvinner i vitenskapsakademi

Publisert - Sist oppdatert
- Vitskapsakademiet er den einaste staden eg framleis kan kalla meg ung og lovande, seier professor Vigdis Vandvik. Ho vart medlem i fjor, professor Kjersti Fløttum i år. Foto: Hilde Kristin Strand

- Vitskapsakademiet er den einaste staden eg framleis kan kalla meg ung og lovande, seier professor Vigdis Vandvik. Ho vart medlem i fjor, professor Kjersti Fløttum i år. Foto: Hilde Kristin Strand

Med 15 prosent kvinner er kjønnsbalansen framleis skeiv i Det Norske Videnskabs-Akademi. Men når akademiet har møte i Bergen, er det to av dei ferskare kvinnelege medlemmane som skal ha foredrag.

— Det viktigaste med vitskapsakademiet er at ein kan ha ei stemme i den offentlege debatten og koma med kunnskapsbaserte innspel, seier Kjersti Fløttum.

Ho er professor i fransk språkvitskap og nyleg valt inn i Det Norske Videnskabs-Akademi. Torsdag har akademiet møte i Bergen – ei sjeldan hending. Då skal Fløttum, saman med professor Vigdis Vandvik, ha føredrag om klima.

— Eg trur nok dei ville ha nokre bergensforskarar når møtet først er i Bergen, seier Vandvik til På Høyden.

— Akademiet sitt hus er jo i Oslo, så det er der det meste skjer.

Vandvik vart valt inn i akademiet i fjor og er professor i biologi ved Universitetet i Bergen (UiB). 

Då eg vart medlem spurte eg korleis kvinneandelen var. Det var det ingen som hadde rekna på.

Vigdis Vandvik
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi

Må fylla 70 - eller døy

Å bli medlem i Det Norsk-Videnskabs-Akademiet er ikkje for kven som helst. No er det 901 medlemmer, delt i fleire grupper. Men for at det skal verta ledig plass, må eit eksisterande medlem fylla 70 – eller døy.

— Det er noko eksklusivt over å bli medlem, ja. Det er mellom anna berre me som kan føreslå kven andre som skal bli medlemmer. Det betyr at det påligg oss eit stort ansvar å tenkja på andre, seier Fløttum.

Ho fortel at ho ikkje ante noko som helst om at nokon hadde føreslege henne som medlem. Eposten kom då ho hadde bura seg inne heime og jobba, lettare frustrert, med eit forskingsspørsmål.

— Då dukka det opp ein epost på skjermen der første setning var «vi har den glede». Dette må eg sjå nærare på, tenkte eg, fortel Fløttum.

Ho har passert 60, og er såpass i same alder som mange av medlemmene. Vandvik er 49, og definitivt blant dei yngre. Men dei er likevel i mindretal.

– Då eg vart medlem spurte eg korleis kvinneandelen var. Det var det ingen som hadde rekna på. Eg sa at sidan eg spurte, fekk dei rekna det ut. 15 prosent dersom ein tek med alle medlemmer, 17 prosent dersom ein ser på norske medlemmer som er under 70, fortel Vandvik.

– Eg meiner me har eit ekstra ansvar for å koma med forslag på kvinnelege medlemmer, og òg på yngre medlemmer, seier Fløttum.

Det Norske Videnskabs-Akademiet har eit eige akademi for yngre forskarar.

Villa i Drammensveien

— Eg tenkjer at akademiet har ulike roller. Ein arrangerer ulike møte, og dei er opne for publikum. Temaa er relevante, ein har til dømes hatt havsymposium, det vart arrangert møte om humaniora før humaniorameldinga kom, og ein diskuterer forskingsetikk. Denne sida bør ein jobba for å gjera meir kjent, og gjera vitskapsakademiet til ein viktig møteplass. Samstundes jobbar ein inn mot styresmaktene og dei som tek avgjerder, seier Fløttum.

Historia om vitskapsakademi er lang. Det var til dømes i The Royal Society i London at Charles Darwin la fram teorien sin om artane sitt opphav.

— Før forskinga vart sett ord på, var dette staden der ein la fram teoriar for kvarandre. I tillegg skreiv ein brev, «letters». Desse var djupt vitskapelege, Darwin jobba med teorien sin i fleire tiår før han la han fram, fortel Vandvik.

I Noreg vart Det norske Videnskabs-Akademi oppretta i 1857. Sidan 1911 har akademiet halde hus i statsråd Hans Rasmus Astrup sin staselege villa i Drammensveien. Astrup samla sjølv både vitskapsmenn og andre i huset, og akademiet fekk huset i gåve då Astrup døydde.

— Det er eit flott bygg. Og det følgjer litt pomp og prakt med, særleg når akademiet arrangerer prisutdelingar. Men den viktigaste rolla er at ein er ein forkjempar for vitskapen, i ei tid då vitskapen er under press, seier Vandvik. 

Fakta

Det Norske Videnskabs-Akademi

Det Norske Videnskabs-Akademi ble opprettet i 1857, den gang under navnet «Videnskabsselskabet i Christiania». Det skiftet til dagens navn i 1924.
Det uttalte hovedformålet er å «bidra til vitenskapens fremme.»
Ifølge statuttene kan akademiet ha totalt 420 ordinære medlemmer (og 10 æresmedlemmer), i tillegg til seniormedlemmene (over 70 år). Medlemmene fordeler seg utover den matematisk-naturvitenskapelige klasse (opp til 140 norske medlemmer og 100 utenlandske medlemmer), og den historisk-filosofiske klasse (med opp til 120 norske medlemmer og 60 utenlandske). Medlemstallet er høyere enn dette, da medlemmene over 70 år forblir fullverdige medlemmer med forslags- og stemmerett.
I 2010 var antall medlemmer 882 (127 av dem var kvinner).
Akademiet har hatt flere kjente medlemmer, blant annet Thor Heyerdahl og Fridtjof Nansen.

Se her: Disse er medlemmer i dag

Reagerer. Forfatter Heidi Helene Sveen mener det er viktig å rapportere hendelser på arbeidsplassen. — De kan være tegn på et mønster med seksuell trakassering, sier hun om at Langeland kan få avskjed fra UiS.