Kommunikasjonsdirektør Ingar Myking ved Universitetet i Bergen blir direktør ved universitetsdirektørens kontor. Foto: Tor Farstad

Bergen og Oslo leiter etter kommunikasjonsdirektør

Universitetetene både i Bergen og i Oslo leiter etter ny kommunikasjonsdirektør. I Oslo har dei leita i eit halvt år snart.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Kommunikasjonsdirektøren ved Universitetet i Bergen (UiB) gjennom seks år, Ingar Myking, har fått ny jobb.

Han går til ny stilling som direktør ved universitetsdirektørens kontor, der han skal jobbe med leiarstøtte til utgreiing, analyse og universitetspolitiske spørsmål, skriv På Høyden.  

Større slagkraft

— I den nye rektorperioden ønsker vi å markere oss endå tydelegare i sentrale og prinsipielle spørsmål.  Skal vi lukkast med det må det arbeidast meir systematisk både med utgreiing, analyse, rådgiving om og kommunikasjon av sentrale universitetspolitiske spørsmål, og for å styrke det strategiske arbeidet til universitetet med kunnskapsklynger og dei tverrfaglege satsingsområda. For det nye rektoratet har det vore viktig å få på plass ein ressurs heilt frå starten av rektorperioden som kan gi oss større slagkraft i dette arbeidet, seier rektor Dag Rune Olsen i ei pressemelding.

Ingar Myking har vore kommunikasjonsdirektør i meir enn seks år, frå han tok over etter Torny Aarbakke, som no jobbar for Havforskingsinstituttet. Myking kom frå ei stilling som seniorrådgivar ved rektors kontor, og jobba som rådgivar for tidlegare rektor, Sigmund Grønmo. 

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har ikkje vore tilgjengeleg etter at jobbskiftet blei kjent. 

Myking sjølv gir uttrykk for at han er glad for jobbytet. 

Universitetspolitisk aktør

— Eg gler meg til å ta fatt på nye og spennande arbeidsoppgåver. Universitetsleiinga har klare visjonar for korleis dei ønsker å posisjonere UiB som ein universitetspolitisk aktør i åra som kjem, og eg opplever for min eigen del at tidspunktet no var det rette for å gjere eit skifte. Kommunikasjonsavdelinga har vore gjennom ein omfattande omorganiseringsprosess som har styrka samhandlinga med fakulteta. I tillegg har vi no fått på plass ein tydeleg kommunikasjonsplan og -plattform som ei tett oppfølging av UiB-strategien, seier Myking i ei pressemelding. 

Stillinga som kommunikasjonsdirektør vil bli lyst ut denne månaden. 

Oslo på leit..

Ved Universitetet i Oslo er det no  gått sju månader sidan kommunikasjonsdirektør Marina Tofting slutta. I februar gjekk søknadsfristen ut og 37 søkarar hadde meldt seg, ifølge Uniforum

På søkarlista står fungerande kommunikasjosndirektør ved UiO Stein Roar Fredriksen, der står også  tidelagare sportsredaktør i VG, Frode Nakkim og NRK-journalist og filmskapar Øystein Rakkenes. Kommunikasjonsdirektør i Språkrådet Anne Kirkhusmo, forskar ved Nordisk institutt for studier av forskning, utdanning og innovasjon (NIFU) Ingvild Reymert, assisterande kommunikasjonsdirektør i UDI Håkon Fenstad og fagdirektør for finans i Forbrukerrådet Jorge Jensen.  

Ifølge Uniforum kan alle dei 37 søkarane bli vraka. Avgått rektor, Ole Petter Ottersen, skal ifølge styrepapira til møte i juni i år ha godkjent «en korrigert kunngjøringstekst som benyttes ved eventuell ny kunngjøring av stillingen».

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS