Du kan bli sjuk av å utsette gjeremål

Å utsette gjeremål og oppgåver kan vere årsak til psykiske problem, og muleg forseinking og fråfall frå skolen, viser fersk rapport. Studentar utset ting mykje meir enn andre.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nesten alle studentar - opp mot 95 prosent - har tendensar til å utsette det som skulle vore gjort i dag, til seinare. Anten det dreier seg om det å komme igang med innkjøp av pensumbøker, gode studievaner, oppgåveskriving, lesing til eksamen eller andre gjeremål. I befolkninga elles er det berre 15-20 prosent som har det like eins.

Dette kjem fram i ein ny rapport om vanemessig utsettingsåtferd, leia av professor Frode Svartdal ved Institutt for psykologi ved Universitetet i Tromsø (UiT).

Forventningspress

209 studentar ved Universitetet i Nordland deltok i undersøkinga. Resultatet viser at sjølv utsetting av gjeremål, eller prokastinering som det heiter, i moderate mengder er med på å redusere velværet hos norske studentar. Svartdal seier at halvparten vil kjenne seg att.

— Det har med alder å gjere. Vi ser at unge menneske er særlig utsett, fordi dei på eiga hand må planlegge kvardagen. Ein taklar ikkje forventningspresset i studiet, og vel å flykte frå det ubehagelege ved å gjere andre ting, seier Svartdal.

Rapporten viser til at kronisk utsetjingsåtferd er ein sjølvøydeleggjande strategi. Typisk er det at den som utset oppgåver og lesing av pensum opplever eit kortsiktig behag, på trass av at han eller ho veit det seinare medfører dårleg samvit, angst og stress. Svartdal seier at dette kan relaterast til debatten om psykisk helse.

— Det er interessant å spørje om ein får psykisk problem. Ein ser jo gjennom forsking at utsettingsvanar har samanheng med dårleg helse, seier Svartdal.

Ny forsking

Dette er første norske undersøking som tek for seg studentar og vanemessig utsettingsåtferd. Internasjonalt har det blitt forska mykje på dette mellom anna ved amerikanske, engelske, kanadiske og tyske universitet.

Eg har eigentleg dårleg
sjølvdisiplin.

Jens Eriksen

 Eg utsette 
ofte oppgåver som ikkje var relatert til gruppearbeid.

Tord Øverland

— Det er rart ein ikkje har sett på problemet her til lands. Vi synest det er spennande å vere først ute, seier Svartdal.

I haust skal Svartdal som eit prøveprosjekt gi råd og teknikkar til eit kull ved UiT. Dette for å sjå om studentane klarer å endre studievanar, og om dette har positive konsekvensar for velvære og elles for studenten.

Kjenner seg att

Tord Øverland (biletet under), tidlegare studenttillitsvald, og no leiar for Studentparlamentet, stod i februar fram om at han møtte veggen og måtte oppsøke hjelp hos lege og psykolog. Han hadde med tida fått for mykje å gjere, noko som førte til at han måtte prioritere det eine over det andre. Han kjenner seg att i rapporten.

Les også: Superhelt møtte veggen i studentenes tjeneste

— Eg har sjølv opplevd at ting har gått frå å vere kjekt til å bli eit ork. Dette ga dårleg samvit og utsetting av fleire viktige gjeremål, seier Øverland.

Han er einig med Svartdal i at fenomenet heng saman med psykisk helse.

— Utsettingsåtferd er nok éin faktor som verkar inn på helsa. Eg utsette ofte oppgåver som ikkje var relatert til gruppearbeid, seier Øverland.

Øverland gjekk 1. juli inn som leiar for Studentparlamentet på høgskulen (HiOA). Han fortel at dette er noko han vil få til fordi han har lært å ikkje ta på seg for mykje. Nokre av tiltaka han sjølv gjorde var å sette seg klare mål, få faste matrutinar, og bli flinkare til å bruke kalender.

— Eg kunne sikkert strukturert kvardagen betre. Men det var når det oppsto upårekna gjeremål det vart vanskeleg å planlegge, seier han.

Forstyrrande

Rapporten peiker også på at ein utset oppgåver fordi disse konkurrerer med aktivitetar ein kan gjere undervegs. Eirik Olsen (28) (biletet under), bioingeniørstudent ved HiOA, seier han kan oppleve distraksjonar.

— Utan internett og fjernsyn hadde eg vel ikkje gjort anna enn å studere. Men eg er usikker på om eg likevel ville unngått skippertak, seier Olsen.

— Når eg får ei stor og omfattande oppgåve, har eg blitt flink til å disponere tida godt. Men vanlegvis byrjar eg vel seinare enn det ideelle. Eg får dårleg samvit om eg har lita tid før ei innlevering, seier han.

Professor Svartdal seier det kan vere lurt å gøyme vekk distraksjonar som mobil og datamaskin når ein arbeider med pensum og oppgåver.

— Det kan vere vanskeleg å unngå Facebook og teksting når ein studerer. Mine råd er å stykke oppgåvene i mindre delar fram mot deadline, og kutte telefon og Internett medan ein arbeider, seier Svartdal.

Disiplin og vane

Rapporten seier at høg impulsivitet og låg sjølvdisiplin vert assosiert med det å utsetje viktige gjeremål.

Anette Løkkevol (21) (biletet under) seier ho har fått betre studievanar etter ho byrja å studere ved barnehagelærarutdanninga ved HiOA. Ho meiner det luraste er å velje ei studieretning ein veit er interessant, som vidare fører til god sjølvdisiplin. 

— Eg har sett meg som mål å få gode karakterar. Eg ønskjer etter bachelor å ta master i spesialpedagogikk, og det krev eit godt snitt, seier Løkkevol.

Jens Eriksen (25) (biletet under) studerer andre år i administrasjon og leiing. Han seier han kjenner seg att i rapporten, men at han har lært å tilpasse stresset ei oppgåveutsetting medfører.

— Eg har eigentleg dårleg sjølvdisiplin. Eg er ikkje flink til å tenkje at studiane bør kome først. Eg får ikkje dårleg samvit av å utsetje ei oppgåve, for det har vorte ei vane, seier Eriksen. Han trur dette kjem av haldningar frå vidaregåande opplæring.

— Om du trur høgskole er som vidaregåande, får du nok sjokk. Difor ville vel studieførebuande kurs fungert, om dei var obligatoriske, seier Eriksen.

Svartdal seier at det er sannsynleg at vanar frå vidaregåande har noko å seie, og at ei  etablert uvane, lett blir ført vidare.

Studieførebuande kurs

Tord Øverland trur studieførebuande kurs kan vere ei god løysing. Han seier seg ikkje uvillig til å arbeide med dette dersom Studentparlamentet ønskjer at Arbeidsutvalet skal prioritere denne jobben. Men mest av alt trur han at meir informasjon om tilbod som allereie finst er ein fornuftig start.

— Slikt er kostnadseffektivt. Eg jobba med ein bachelor om studentar og psykososialt miljø. Fleire av informantane seier at god studieteknikk er viktig for å skipe trivsel og meistring i studiekvardagen.

Øverland synest det er bra at det blir forska stadig meir på psykisk helse hos studentar, og meiner at ein må finne ut meir om kva faktorar som påverkar studenthelsa. Han trur også at ein av grunnane til at studentar utsett mykje skulearbeid kan koplast til det månadlege stipendet for høgare utdanning.

Professor Svartdal viser til at kurs for betre studiekvalitet internasjonalt har eksistert lenge mellom anna ved engelske og amerikanske universiteter.

Ved HiOA har vi ein studieverkstad (biletet under) der ein kan få tips, rettleiing og innføring i arbeidet med oppgåver, samt råd om god studieteknikk. Men ein må på eige initiativ møte opp her. Svartdal meiner noko av problemet her ligg i at den med vanemessig utsetjingsårferd ikkje møter til slike verkstader.

Ventar for lenge

Ei undersøking, nemnt i rapporten (anno 1997), følgde ei gruppe studentar  gjennom eit heilt semester. Det som då blei observert var at dei som hadde vane for å utsette lesing vart meir stressa og sjuke mot eksamen, enn dei som hadde gode rutinar. Vidare fikk utsettarane dårlegare karakterar. Svartdal seier ein må lese jamt gjennom studietida.

— Ein må planlegge når ein skal lese kva. Ein må prøve å følgje ein plan, og så ser ein at det kan fungere etter kvart, seier Svartdal.

— Problemet er at dei med vanemessig utsettingsåtferd ventar for lenge med å ta grep, som å tilkalle lege. Studieførebuande kurs, korte instruksar og råd i forelesingar vil vere gode tiltak mot denne uvanen, seier Svartdal.

— Det viktige er å kome i gong med skolearbeidet. Men hugs at det kan vere smart å ta pausar og kvile av og til, seier Svartdal.

Øverland er samd i at rutinar med regelmessig jobb og pause er viktig.

— Skriv oppgåve eller les pensum i 45 minutt, ta 15 minutt pause før neste runde. Legg mobilen i veska, skru av nettverket og fokusèr, seier Øverland og legg til:

— Og ikkje minst;  gi beskjed dersom du ikkje klarar å få gjort alt.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS