Tildeling
1630 nye studenthyblar — her skal dei byggast
Kunnskapsdepartementet har delt ut 600 millionar kroner til nye studentbustader.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Studentbustader bidreg til eit trygt og rimeleg butilbod for studentane gjennom studietida. Difor har regjeringa prioritert å bygge historisk mange studentbustadar. Sidan 2014 har det kome pengar til 17 650 studentbustadar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.
Kunnskapsdepartementet har i år løyvd pengar til alle som har søkt om å få bygge nye studentbustader.
Det blir med det gitt støtte til heile 17 prosjekt fordelte på sju studentsamskipnadar og ei stifting som har søkt om å bygge, heiter det i pressemeldinga.
Toppar lista
Det er Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (Sit) som er den samskipnaden som både har søkt og fått tilskot til å bygge flest studenthyblar.
Fordelte på seks prosjekt, planlegg Sit å bygge 682 nye hyblar.
Samskipnaden på Vestlandet ligg på plassen bak med fem prosjekt og 188 hyblar.
Dei største og fleste prosjekta i årets søknader er knytte til nybygg (sjå heile lista nedst i saka).
BLI VARSLET
OM SISTE NYTT
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Ingen korona-forseinkingar
Ifølgje Kunnskapsdepartementet har ikkje pandemien forseinka bygginga av studentbustader.
I 2020 vart det sett i gong bygging av over 2200 hyblar, skriv departementet i pressemeldinga.
— Det er gode nyheiter både for byggebransjen og studentane at det ikkje har vore store forseinkingar i studentbustadbygginga grunna korona. Det betyr at vi kan sjå fram til innflyttingsklare studentbustader om ikkje alt for lenge, seier Asheim.
Sidan 2015 har det blitt gitt tilskot til bygging av mellom 2200 og 2500 studentbustader kvart år, unntatt i 2019, då det vart tildelt pengar til om lag halvparten.
Årsaka til det var at mange av søknadane akkurat det året var for oppgraderingsprosjekt, som ikkje vart godkjente, ifølgje pressemeldinga.
Eit kriterie for å få pengar er at støtta skal gå til å auke delen studentbustadar gjennom bygging av nye bustadar, eller ved kjøp eller ombygging av eksisterande bygg.
Pilotprosjekt
7 450 000 kroner av den totale potten er blitt sett av til bygging av 20 hyblar til eit spesielt pilotprosjekt, der ein skal kombinere sjukeheims- og omsorgsbustader og studentbustader.
Kven som skal drive dette prosjektet er framleis ikkje avklart.
— Dette er eit veldig spennande prosjekt som kan gagne både studentane og dei eldre. Studentane får redusert leige ved å vere med i sosiale aktivitar med dei eldre. Det kan bidra til å redusere einsemd og skape fine møte mellom generasjonar, seier Asheim i pressemeldinga.
Tildelingar 2021
Samskipnad | Prosjekt | Tiltak | Talet på hybel-einingar | Maksimalt tilskot |
Studentsamskipnaden i Agder | Kristiansand, Gimle 4 | Nybygg | 200 | 74 500 000 |
Studentsamskipnaden SiO | Kringsjå III | Nybygg | 350 | 130 375 000 |
Studentsamskipnaden i Østfold | Halden | Nybygg | 33 | 10 490 700 |
Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund og Trondheim | Elgseter gt 23 | Kjøp | 35 | 13 037 500 |
Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund og Trondheim | Rosenborg | Kjøp/ombygg | 135 | 50 287 500 |
Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund ogTrondheim | Moholt | Ombygg | 45 | 16 762 500 |
Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund og Trondheim | Kloster gt 56 | Nybygg | 17 | 6 332 500 |
Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund og Trondheim | Røverdalen | Nybygg | 15 | 4 768 500 |
Studentsamskipnaden Gjøvik, Ålesund og Trondheim | Nardovegen 12 og 14 | Nybygg | 435 | 162 037 000 |
Studentsamskipnaden på Vestlandet | Rommetveit | Ombygg/ Nybygg | 6 | 1 907 400 |
Studentsamskipnaden på Vestlandet | Vieåsen | Nybygg | 9 | 2 861 100 |
Studentsamskipnaden på Vestlandet | Fantoft | Ombygg/Nybygg | 29 | 10 802 500 |
Studentsamskipnaden på Vestlandet | Sandvikenbrygge | Kjøp/ombygg | 51 | 18 997 500 |
Studentsamskipnaden på Vestlandet | Guridal Fossahaugene | Nybygg | 93 | 29 564 700 |
Studentsamskipnaden i Stavanger | Rennebergstien | Nybygg | 150 | 55 875 000 |
Studentsamskipnaden i Innlandet | Østregate 1 | Kjøp/ombygg | 13 | 4 132 700 |
Blindern Studenterhjem | Nordfløy | Nybygg | 14 | 5 215 000 |
Tal frå Kunnskapsdepartementet