Kortnytt

13 nye smitta ved NHH

Publisert

Sidan studiestart i augut har 190 studentar ved Norges handelshøyskole (NHH) fått påvist koronaviruset. 13 av desse har testa positivt dei siste dagane, skriv NHH på eigne sider tysdag ettermiddag.

To studentar som høyrer heime i Media City Bergen har fått påvist covid-19.
To studentar som høyrer heime i Media City Bergen har fått påvist covid-19.

Også ved Universitetet i Bergen har to nye studentar fått påvist smitte. Dette er to mediefagstudentar, stadfestar instituttleiar Leif Ove Larsen til Bergens Tidende.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS