Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
tilsetjing
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Universitetet i Bergen skal ha både ny rektor og universitetsdirektør i løpet av det neste året.
Kjell Bernstrøm fyller 69 år i haust og går av som universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen (UiB). No søkjer UiB etter hans etterfølgjar. Stillinga var eigentleg lyst ut i vår, men på grunn av koronaviruset vart søknadsfristen utsett til 16. august.
På lista står 11 namn: Fem kvinner og seks menn. Ei kvinne og ein mann er unntekne offentlegheit.
Tore Tungodden, som i dag er assisterande universitetsdirektør, står på søkjarlista. Før fristen gjekk ut, stadfesta han til Khrono at han hadde tenkt å søkja, og varsla om dette internt.
— Det er ingen løyndom at hjarta mitt bankar for Bergen og UiB, og det ville vera utenkjeleg å ikkje søkja det eg ser på som den mest givande jobben, seier Tungodden.
Han vart tilsett som assisterande universitetsdirektør i 2015. Då hadde han vore konstituert i stillinga i eitt år, etter at Kari Tove Elvbakken brått gjekk av. Bernstrøm kom frå stillinga som økonomidirektør, og vart først konstituert som universitetsdirektør, deretter tilsett i eit åremål.
Ein av dei andre søkjarane er Silje Vallestad. Ho har tittel konsulent, men er mest kjent som gründer, og stod mellom anna bak mobilselskapet Bipper.
| Namn | Alder | Noverande stilling |
| Katerin Fortomari | 24 | Private Teacher of Special Education in Early Childhood |
| Prodromos Zachariadis | 50 | Global Manager |
| Asta Sffia Valdimarsdottir | 56 | Senior Technical Advisor |
| Patrick de Castro | 36 | Project Manager |
| Thorbjørn Gaarder | 64 | Chief Credit officer |
| Galina Nicolaevna Helander | 45 | Arbeidsledig |
| Unnteken offentlegheit | Kvinne | |
| Tore Tungodden | 53 | Assisterande universitetsdirektør |
| Unnteken offentlegheit | Mann | |
| Silje Vallestad | 42 | Konsulent & CEO |
| Einar Ronæs | 50 | Partnar/seniorrådgivar |
Thorbjørn Gaarder har òg søkt. Han har vorte kjent som mannen som søkjer alle stillingar. Gaarder er advokat, men vart uføretrygda for 15 år sidan etter ei hjernebløding.
Då Bernstrøm vart tilsett, etterlyste to av styremedlemmene fleire kandidatar. Dei sa til På Høyden at dei gjerne skulle hatt ein direktør som kunne tilføra Universitetet i Bergen nye impulsar.
Tungodden er den einaste på den offentlege delen av søkjarlista som er UiB-tilsett. Han er òg den einaste som kjem frå sektoren.
— Dette er den lista me har, seier UiB sin HR-direktør Sonja Dyrkorn.
Ho seier at eit tilsettingsutval med medlemmer frå universitetsstyret og eit eksternt rekrutteringsbyrå no jobbar saman, og at planen er å tilsetja den nye direktøren i universitetsstyremøtet i september.
Khrono gjer merksam på at Tore Tungodden er styreleiar i Khrono.
Nylige artikler
OsloMet vil i gang med å utdanne jurister
Universiteter stenger ned og legger om undervisningen
Når studenter blir straffet for å være syke
De kniver om å bli Norges mektigste student
Storbritannia stanser studentvisum fra fire land
Mest leste artikler
Trond Mohn snakker ut:«Vi nordmenn er et helvetes folk. Vi er ikke rause»
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Betalte ut over 34 millioner i styrehonorarer i 2025
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat
Ein av fem stipendiatar kjem aldri til disputas