UiB søkjer etter ny direktør

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Røynsle frå leiing på toppnivå, gjerne frå kunnskapsinstitusjonar, og røynsle med internasjonal verksemd. Det er blant punkta på lista over kvalifikasjonar Universitetet i Bergen ønskjer seg når dei no søkjer etter ny universitetsdirektør. Kjell Bernstrøm sitt åremål går ut ved årsskiftet, då vil han vera 69 år. Bernstrøm kom frå stillinga som økonomidirektør ved Universitetet i Bergen, og vart først konstituert som øvste direktør då Kari Tove Elvbakken gjekk av i januar 2014. Deretter vart Bernstrøm tilsett i eit seks års åremål mot slutten av same år.

I utlysingsteksten heiter det at UiB søkjer etter «ein samlande og tydeleg leiar med sterkt engasjement for kunnskap i samfunnet. Du har evna til å inspirere, lytte og byggje relasjonar på tvers i organisasjonen. Du er utviklingsorientert, samstundes som du er oppteken av å byggje vidare og skape kontinuitet».

Det er krav om utdanning på masternivå eller tilsvarande for å vera aktuell for jobben. Søknadsfristen er 19.april, og UiB nyttar rekrutteringsfirmaet Experis Executive for å finna den rette kandidaten.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS