ytringsvett og erklæring
10 ytringsvettreglar og ei erklæring om ytringsfridom
Det er ikkje opp til institusjonane å beskytte tilsette og studentar mot lovlege ytringar mange er ueinige i eller blir støytte av, heiter det i erklæringa om ytringsfridom.
Det same ekspertutvalet som i dag, onsdag 30. mars 2022, presenterte sine forslag for å styrke og verne den akademiske fridommen og ytringsfridommen i Noreg kjem også med forslag om ytringsvettreglar og ei erklæring om ytringsfridommen.
Ytringsvettreglar
«Desse ytringsvettreglane kan vere eit utgangspunkt for akademisk ytringsfridom. Dei er frå Kierulf-utvalet si side meinte som ei hugseliste for alle som er opptekne av god ytringskultur», heiter det i rapporten:
Bruk ytrings- og informasjonsfridommen din, også utanfor fagfellesskapa.
Ver modig, sakleg, ærleg og nøye med fakta.
Søk sanninga, støtt dei som formidlar, og ønsk motstemmer velkommen.
Ver ein open lesar og lyttar, ein rimeleg og raus kollega.
Tolk argumenta til meiningsmotstandarar på best mogleg måte – for dei.
Ta ballen, ikkje spelaren. Bruk fleire argument, færre karakteristikkar.
Det går an å vere vennleg, sjølv om du er ueinig.
Feil kan vere viktige. Anerkjenn dei, hos deg sjølv og andre.
Vend i tide. Å endre syn er inga skam, det er ei akademisk dygd.
Presenter deg med omtanke, du er ein ambassadør for akademia.
Erklæring om ytringsfridommen
«Den akademiske ytringsfridommen er grunngjeven i behovet vårt for å søkje sanning og kunnskap. Som samfunn er vi avhengige av kontinuerleg å søkje ny kunnskap og dermed òg utfordre etablerte sanningar.
Fri forsking og open diskusjon og kritikk er føresetnader for vitskaplege framsteg – og for at dei skal utnyttast til felles beste.
Fridommen går hand i hand med eit ansvar for å vere sakleg, for etikk og for faglege standardar i dei akademiske faga. Han er likevel alltid ein fridom til å utfordre dei same standardane.
Også studentar har akademisk ytringsfridom som fullverdige medlemmer av eit akademisk fagfellesskap. Fullverdig er ikkje det same som fullrøynd: Studentar skal derfor ha både sjansen til og eit ansvar for å få undervisning i vitskapleg argumentasjon og tenkjemåte.
Som uavhengige forvaltarar av akademisk fridom og akademisk ytringsfridom er akademiske institusjonar avgjerande for maktspreiing og mangfald i samfunnet.
Den akademiske fridommen gjer akademia forplikta til å skape eit så stort handlingsrom som mogleg for den akademiske ytringsfridommen.
Leiarar i akademia må ta ansvar for å støtte, fremje og beskytte vitskapleg tilsette og studentar i aktivt å bruke den akademiske ytringsfridommen sin. Den frie ytringa er livsnerven i akademia. Institusjonane må derfor ikkje setje grenser for fridommen vitskapleg tilsette og studentar har til å snakke, skrive, lytte, utfordre og lære.
Ein tilsett eller student som ønskjer å fremje problem, teoriar og synspunkt, skal ha sjansen til å bli høyrd – og til å bli konfrontert med spørsmål, motargument og kritikk.
Akademiske institusjonar skal fremje ein ytringskultur prega av gjensidig aksept og respekt for usemje og slik bidra til ein sivilisert diskusjon. Dei har ei plikt til å vareta tilsette og studentar som blir utsette for ulovlege ytringar. Men det er ikkje opp til institusjonane å beskytte tilsette og studentar mot lovlege ytringar mange er ueinige i eller blir støytte av.
Ytringsfridommen vernar òg pinlege, uakseptable, umoralske, ubehagelege, sjokkerande og fornærmande ytringar.
Institusjonane kan regulere tid, stad og format for aktivitetar på ein måte som legg til rette for ordna diskusjon, men dette skal ikkje avgrense ein fri og open debatt.
Det er opp til vitskapleg tilsette og studentar, ikkje institusjonane, å heie fram ytringar eller gå i rette med dei og møte dei med argument. Akademisk diskusjon føreset at ytringar andre kjem med, ikkje blir møtte med togn. Han føreset at vi anerkjenner at også synspunkt vi er djupt ueinige i, har ein plass i offentlegheita.
Det er ei sentral oppgåve for akademiske institusjonar å utvikle evna og viljen til å føre god debatt og å beskytte fridommen til meiningsutveksling dersom nokon prøver å setje grenser for han.
Akademisk fridom og akademisk ytringsfridom føreset ein open debattkultur, og institusjonane bør derfor beskytte og fremje debatt om kontroversielle tema.
Både tilsette og studentar skal engasjerast i fri diskusjon om kontroversielle akademiske spørsmål og bli gjevne trening i å vurdere ulike synspunkt kritisk, inkludert eins eigne.
Fagfelt, fakultet eller institutt prega av konformitet eller eit avgrensa meiningsmangfald blir særleg oppfordra til å hente inn kontrære synspunkt og synsmåtar utanfrå.»