Line Røst må ty til sykkelen for å kome seg til skulen. For studentar som har fylt 30 år blir Ruter-månadskortet i Oslo plutseleg mykje dyrare. Då får dei ikkje lengre studentrabatt.
Line Røst må ty til sykkelen for å kome seg til skulen. For studentar som har fylt 30 år blir Ruter-månadskortet i Oslo plutseleg mykje dyrare. Då får dei ikkje lengre studentrabatt.

Studentane blir eldre og eldre, og får mindre og mindre rabatt

Utan studentrabatt har ikkje Line Røst (30) råd til å ta trikken. Kvar fjerde student i Noreg er over 30 år og får ikkje same rabatt som yngre studentar.

Publisert   Sist oppdatert

Snittalderen på ein student i Noreg er 29 år og studentane blir berre eldre og eldre, syner ein fersk europeisk rapport frå prosjektet Eurostudent.

Noreg er det landet i Europa med dei eldste studentane, og 26 prosent av studentane er 31 år eller eldre. Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) har høg snittalder. Her er om vel 6100 studentar 31 år eller eldre, det er omlag kvar tredje student. 

Har ikkje råd til Ruter-billett

— Nå som det framleis er barmark syklar eg, men det blir ikkje så artig når vinteren setter inn,  seier Line Røst.

Ho byrja på utviklingsstudiar ved HiOA nå i haust, og har passerte 30 år. Men med ein standard studentøkonomi er det ikkje mykje ekstra å rutte med.  

 — Eg har rett og slett ikkje råd til månadskort når eg ikkje får studentrabatt, seier ho.

Ruter har 30 års aldersgrense på sin studentrabatt. Det gjer at du som ung student innanfor sone ein slepp unna med 410 kroner, mens om du har passert 30 må ut med 680 kronar.

Eg har rett og slett ikkje råd til månadskort når eg ikkje får
studentrabatt.

Line Røst
Student over 30 år

Det vart lagt vekt på at finansiering av studentar utover 30 år ville kunne føre til misbruk.

Tor Midtbø
Seniorrådgiver i kommunikasjons-avdelingen til Samferdsels-departementet

Vi veit at yngre studentar jamt over har dårlegare råd enn eldre studentar.

Tone Standal Vesterhus
Styreleiar i SiO

— Det er vanskeleg for meg at sjølv om eg har meir livserfaring skal eg betale langt meir enn mange av mine medstudentar som er litt yngre enn meg, seiar Røst (bilete over), som meiner aldersgrensa burde opphevast.

Redd for fiktive studentar

Pressevakt i Ruter, Øystein Dahl Johanssen, fortel at ei oppheving av aldersgrensa ligg utanfor deira kontroll.

— Studentrabatten er statleg bestemt og finansiert. Så det ligg under Samferdselsdepartementet, seier han.

— Skjønar du frustrasjonen til dei som har passert 30, men som framleis må leve på ein stram studentøkonomi?

— Det ønskjer eg ikkje å uttale meg om.

Johanssen peiker likevel på at studentrabatten ikkje er det dei får mest tilbakemeldingar på. Mest frustrasjon hjå folket er det forseinkingar og prisjusteringar som står for.

Redd «fiktive» studentar

Ifølgje Samferdselsdepartementet er årsaka til grensa på 30 år at ordninga fortrinnsvis skal gjere kollektivtransport meir attraktivt for ungdom og fremma gode reisevanar for desse.

— I samanheng med oppstart av ordninga vart det også lagt vekt på at finansiering av studentar utover 30 år ville kunne føre til misbruk ved at fleire «fiktive» studentar ville kunne betale semesteravgift for å komme inn under rabattordninga, opplyser Tor Midtbø i departementet.

Han legg til at vilkåra staten har sett er minimumsvilkår og at fylkeskommunane, som har lokal myndigheit, kan betre ordningane.

Studentar i ein økonomisk sårbar situasjon

Leiar av Velferdstinget i Oslo og Akershus, Sigrid Mæhle Grimsrud meiner alle som er heiltidsstudentar burde ha tilgang til dei same tilboda som andre studentar, uansett alder.

— Studentar uansett alder er i ein økonomisk sårbar situasjon, så når gjennomsnittsalderen alder nærmar seg aldersgrense for mange rabattar, får vi ei større sårbar studentgruppe. Det er eit problem at du skal bli straffa for å begynne studiane dine seinare eller ha lange studieløp som gjør at du bikkar over grensa.

Støttar Røst

Grimsrud meiner det ikkje er noko automatikk i at eldre studentar har meir orden på økonomien.

— Det skal ikkje være forventa at ein skal bruke tida før ein byrjar å studere til å tene mest mogleg pengar som ein kan leve av den dagen ein blir student. Er studielånet primærinntekta di har ein ikkje god økonomi uavhengig av alder, seier velferdstingleiaren.

Grimsrud meiner når ein må leve på langt under minstepensjon, er det berre rett og rimeleg at ein òg får studentrabatt.

Velferdstinget i Oslo og Akershus arbeidar for både fleire studentbustadar, studentrabattar til alle og å auke støtta til studentane til 1.5G i året.

— Det vi får beskjed om når vi er i dialog om studentrabatten er at det er dyrt å oppheva aldersgrensa. Men det er også dyrt for dei som havnar over grensa, og der står det i dag, hardt mot hardt.

Juksar seg til studentrabatt

Det er ikkje berre Ruter som operer med aldersgrenser på sine studentrabattar. Det same gjer NSB, Flytoget og Widerøe. Bussselskapet Nettbuss har gått heilt bort frå studentrabattar og har nå aldersrabatt til passasjerar under 29, student eller ei.

Ein av dei som blir ramma av dårlige transportrabattar til eldre studentar, er Hilde Blakstad (34). Ho tek ein master i dokumentar og journalistikk ved Høgskulen i Volda samtidig som ho bur i Oslo.

— Ein vanlig flybillett kan vere opp i mot 70 prosent dyrare enn studentbilletten. Det har eg rett og slett ikkje råd til, seier Volda-studenten Blakstad (bilete under).

Dokumentar-masteren i Volda trekker mange eldre studentar og ho trur det ikkje berre er ho som blir råka av aldersgrensa til Widerøe.

— Ein kan sjølvsagt bestille i god tid og få litt betre prisar, men med vår livssituasjon går ikkje alltid det heller. Eg veit om at folk har bestilt studentbillettar sjølv etter at dei er for gamle, Widerøe sjekkar ikkje legitimasjon.

Blakstad lev utan lån og stipend frå lånekassa, noko ho understrekar er sjølvforskyldt, hadde det ikkje vore for at ho får bu i ei leilegheit mora eig hadde ho ikkje kunne byrja på studiane i Volda.

— Eg meiner at ein ikkje skal bli straffa økonomisk fordi man er student i 30 åra. Sjølv om folk kan ha surra litt, kan de vere svært interessert, ha ynskjer for seg sjølv og sjå studiar som ein måte å utvikle seg på. Det er bra både for den enkelte og samfunnet, seier ho.

Blakstad seier at studiet i Volda er lagt opp slik at ein kan arbeida ved sidan av. Trass i ein vanskeleg økonomisk situasjon har ho berre tidvis gjort dette.

— Eg har og arbeida frivillig med Den norske dokumentarfilmfestivalen, noko som har tatt mykje tid. Det er jo eit val, men eg meinte det var noko eg ville få att for seinare.

Student uansett alder

For Norsk studentorganisasjon (NSO) er det viktig at ein ser ein student som student uansett alder.

— Når folk vel å studere må være opp til kvar enkelt, seier leiar for studentane sin organisasjon, Therese Eia Lerøen.

Ifølgje Lerøen fører den stadig eldre studentmassen til at ein nå har studentar som er i mange forskjellige fasar i livet.

— Difor må vi vere fleksible så alle kan få ein god studiekvardag. Dette gjeld både rådgiving ved skulane, det sosiale rundt studia og ikkje minst rabattordningar.

Lerøen påpeiker at den enkeltes studentøkonomi ofte ikkje er spesielt god, uansett om ein er ein ung eller gamal student.

Ho fortel at det i fleire store byar finst arenaer der studentane og dei ansvarlige for rabattane,  kan møtast, men Norsk studentorganisasjon etterlyser fleire slike møteplassar.

— Det er viktig å sjå behova lokalt, seier Lerøen.

SiO prioriterear dei yngre studentane

Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) har også aldersavgrensingar på to av sine tilbod, tannhelse og studentbustadar. Dette grunna stort press på desse tenestene.

— Vi har difor sett eit behov for å prioritere dei som har aller størst behov for tenestene, forklarar styreleiar i SiO, Tone Standal Vesterhus.

Ifølgje Vesterhus er det viktig for SiO å sikre lik rett til utdanning og at ein derfor må gjøre det enklare for dei som har størst utfordringar med å enten tre inn i høgare utdanning eller å gjennomføre på en tilfredsstillande måte.

— Dette er ofte knytt til økonomi, og vi veit at yngre studentar jamt over har dårlegare råd enn eldre studentar. All den tid våre ressursar ikkje er ubegrensa vil det måtte prioriterast mellom ulike studentgrupper, for å ta samfunnsoppdraget vårt på alvor og reelt sett bidra til å gjere forutsetninga for å studere likare. 

Vesterhus syns det er synd om eldre studentar føler seg urettferdig behandla.

— Men eg håpar likevel at desse studentane kan ha glede av dei mange andre tilboda vi har som det ikkje er differensiering på bakrunn av alder på, seier ho.

Får rabatt på museum

Differensiering av studentar driv heller ikkje kulturetaten i Oslo kommune med.

— Opplevingane våre gjev kunnskap, påfyll, refleksjon og avkopling på same tid. Så vi unner verkeleg studentar, eldre som unge, å få dette tilbodet for eit rikare studentliv, seier Kjersti Tubaas, kommunikasjonssjef i kulturetaten. 

Så om ein har passert 30, får ein om ikkje anna besøke Vigeland-museet og Popsenteret utan å betale noko meir enn klassekameratane.