Aukande frykt for å bli ståande aleine i Volda

Onsdag var det allmøte på høgskulen i Volda. Sjå debatten minutt for minutt her.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Bør frykten for å stå aleine slå inn for fullt no? Er det eit synspunkt som berre høver for pessimistar og fatalistar? Og kan Universitetet i Bergen redde Høgskulen i Volda?

Dette var sentrale spørsmål då dei tilsette samla seg til allmøte i dag, etter at departementet som venta torpederte tanken om å la Volda gå i allianse med Høgskolen i Molde og Høgskolen i Lillehammer.

Rektor Johann Roppen har gått til val på framleis sjølvstende, og meiner at denne vegen enno er farbar.

(Rektor Johann Roppen saman med prorektor Jens Standal Groven. Foto: Ellen Fredriksen, Nærnett)

Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får. Eit anna enkelt svar er: Om det ikkje er øydelagd, så ikkje fiks det. Ivar Aasen har heilt sikkert sagt noko om det.

Johann Roppen

— Eg har oppfatta stemninga slik at ein vil halde fram aleine, og samarbeide med andre, sa Roppen då han opna møtet, skriv På Høyden.

Han tvilar på at Kunnskapsdepartementet vil tvinge dei saman med andre, og meiner difor at både framleis aleinegang, eller samanslåing med Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen eller ein profesjonshøgskule på Vestlandet kan vere muleg.

Sjå meir: Over kan du sjå allmøte minutt for minutt, eller lese Nernett si direkterapportering her.

Lærarfrykt

Men det finst og frykt for mellom anna nye krav til lærarutdanningane i Volda.

— Kva er risikoen ved dette prosjektet? Vi veit ikkje kva krav som i framtida vil bli stilt til lærarutdanninga. Men dersom vi ikkje klarer krava, så forsvinn heile utdanninga frå Volda, sa pedagogikk-professor Peder Haug.

— Eg ser berre to løysingar, og det er å knyte seg til institusjonar som er sjølvakkrediterande så fort som muleg. Det er Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen, sa han.

Lærarutdanninga tel kring 40 prosent av aktiviteten i Volda. Lærarutdanninga vil frå 2017 bli ei femårig masterutdanning, som stiller høgare kompetansekrav til dei tilsette. Masterutdanningar treng godkjenning frå Nokut for å starte opp, men Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen er akkrediterte til å sjølve godkjenne masterprogram.

Professor Kåre Heggen sa seg einig med Haug:

— I det politiske klimaet som er no kan vi plutseleg stå utan alternativ. Eg trur vi er nøydde til å vere meir aktive om vi skal oppnå det vi ønskjer. Og eg trur løysinga ligg sørover.

Fleire tok til orden for samarbeid, og delvis fusjonar, sørover. Samarbeid nordover var det særs lite interesse for.  

— Å fusjonere med Høgskulen i Sogn og Fjordane vil gi oss politisk immunitet. Eg har og sansen for eit samarbeid med Universitetet i Bergen. Eg trur at begge dei løysingane er litt uangripelege, sa dekan Arne Myklebust.

(Det var både tilhengarar av sjølvstendelinje og meir fusjonslystne tilsette på allmøtet til Høgskulen i Volda i dag. Kjetil Vaage Øie meinte framleis aleinegang var rette vegen. Foto: Ellen Fredriksen, Nærnett)

Pessimistar mot optimistar

Rektor Roppen åtvara mot pessimistiske og fatalistiske innlegg, og plasserte seg trygt på den optimistiske sida. Fleire tok og til ordet mot rektors klassifikasjon av somme innlegg.

— Eg er ikkje einig i det litt triste biletet som blir teikna. Eg håper vi kan hugse på litt meir optimisme òg i denne debatten, sa Roppen.

Rektoren fekk óg støtte for sjølvstendelinja frå fleire tilsette. Høgskulelektor Kjetil Vaage Øie meinte og at medieutdanningsmiljøet hadde lite å lære av Universitetet i Bergen. Journalistutdanninga i Volda er sjølve flaggskipet til høgskulen.

— Det er Universitetet i Bergen som prøver å etterstrebe den kvaliteten vi har på medieutdanning i Volda, sa Øie.

—  Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får. Eit anna enkelt svar er: Om det ikkje er øydelagd, så ikkje fiks det. Ivar Aasen har heilt sikkert sagt noko om det, svara Roppen på spørsmål om korfor ein skulle halde fram med sjølvstendelinja. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS