asyl
Volda-student tapte ankesak — risikerer å verta sendt ut av landet
Suel Kassembo er student ved Høgskulen i Volda — og studererer frå kyrkjeasyl i Herøy kyrkje. No har han tapt ankesaka i Borgarting lagmannsrett, og risikerer å verta sendt ut av landet.
— Av og til tenkjer eg veldig mykje på korleis det kjem til å verta framover. Det øydelegg konsentrasjonen når eg studerer.
Det sa Suel Kassembo til Khrono i vinter. Då hadde han gått i kyrkjeasyl i Herøy kyrkje på Sunnmøre. Samstundes studerte han religion, kyrkje og samfunn ved Høgskulen i Volda.
Då Kassembo kom til Noreg, sa han at han var frå Burundi og at han var 16 år. Utlendingsstyresmaktene trudde ikkje på dette. Dei meiner han er frå Tanzania og at han er eldre enn han har sagt. I 2007 fekk han avslag på søknaden sin om asyl i 2007, og vart utvist i 2010.
Hausten 2023 sa Oslo tingrett at vedtaka frå Utlendingsnemnda er korrekte, og at Kassembo måtte ut medan han venta på ankesaka. Då gjekk han i kyrkjeasyl, som den einaste i Noreg.
Vurderer anke
No er ankesaka avgjort i Borgarting lagmannsrett: Kassembo tapte.
— Det var veldig overraskande. Då må me vurdera å anka, seier Arild Humlen, som er forsvarar for Suel Kassembo, til NRK.
Engasjementet i Kassembo si sak har vore stor lokalt, og han sa til Khrono i vinter at han var teken godt imot av kyrkjefolket.
— Hadde håpa
Ein dag dukka også medstudentane hans opp, saman med førsteamanuensis Ralph Maier frå Høgskulen i Volda. Studentane på det nett- og samlingsbaserte studiet skulle ha samlingsdagar, og bestemte seg for å ta ein av dei saman med Suel, i kyrkja.
— Me har ikkje teke stilling til sjølve utvisingssaka. Det me ønskjer er at Suel, som er vår student, får undervisning som er godt tilrettelagt, sa Meier til Khrono i vinter.
Det har vore undervisning etter at dommen frå lagmannsretten vart kjent. Då har Kassembo vore med på zoom, slik han plar.
— Både studentane, kollegaene mine som hadde undervisning med han, og eg, hadde håpa at han fekk medhald, og vart veldig leie oss då me høyrde om utfallet, skriv Meier i ein e-post til Khrono.
Meiner saka er prinsipiell
Presseavdelinga i Utlendingsnemnda (UNE) kommenterer saka på følgjande måte til NRK:
— Vårt syn har heile tida vore at Kassembo ikkje treng vern og at våre vedtak i denne saka er i tråd med norske reglar og Noregs menneskerettslege plikter. Me konstanterer at lagmannsretten, som i tingretten, har kome til samme konklusjon, skriv einingsleiar Hanne Bjerkan Johnsen.
Advokat Humlen er ikkje samd, og meiner at saka bør hamna i Høgsterett. Kassembo hevar at han vart vitne til drap på fleire familiemedlemmer. Det gjer han til eit offer, og då vil han ha krav på opphald i Noreg.
Humlen meiner det er eit avgjerande poeng.
— Fordi det gir Kassembo ein rett til vern, og det vil også sikre at andre personar i tilsvarande situasjonar får det same vernet i Noreg, seier Humblen til NRK.
Nyeste artikler
NHO-topp advarer: — Norge gjør en strategisk tabbe
Den vedunderlege fridomen til å kutte
Universitetet i Bergen ferdig med lokalt oppgjør. — Vi kan leve med det
Vi trenger nasjonale samarbeidsprosjekt for KI i jussutdanningen
Full forvirring i amerikansk akademia etter Trump-ordre om pengestopp
Mest lest
Ansatte reagerer på krav om høflighet på jobben i Sørøst
Meiner NTNU-rektor må forklare seg om kontakt med PST. — Stalinistisk
Snart kan ingen lære norske elever fremmedspråk
I denne gata fikk bare akademikere bo. Helle (90) har bodd her i snart 60 år
Øyvind Eikrem har fått se mappen sin: NTNU og PST har hatt kontakt siden 2014