— Dette blir ei fireårig utdanning med sterk fagleg fordjuping, skriv Aud Folkestad. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Sklitakling frå stortingsfleirtalet?

Estetiske fag. Fleirtalet i Stortinget vil altså at vi skal ha 180 studiepoeng i dei praktiske og estetiske faga. Korleis kan dette gjere desse lærarane til dei dårlegast utdanna lærarane i skulen, spør dekan ved Høgskulen i Volda, Aud Folkestad.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Stortinget ber regjeringen sikre at bachelor i praktiske og estetiske fag (180 studiepoeng) kvalifiserer for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).» Dette vedtaket gjorde Stortinget 20.03.18.

Representantar frå regjeringspartia har i fleire samanhengar kritisert vedtaket og har hevda at det vil redusere statusen til dei praktiske og estetiske faga og skape eit B-lag av lærarar. Turid Kristensen frå Høgre karakteriserte i Dagsnytt 18 fleirtalsvedtaket som eit hasteutspel som kom «skliende inn fra sidelinja» og skulda stortingsfleirtalet for å svekke kompetansen i praktiske og estetiske fag. Dette er mildt sagt ei svært misvisande framstilling av fakta.

Regjeringa har sjølve initiert denne ordninga. Kvifor dei har ombestemt seg, er vanskeleg å forstå

Aud Folkestad

Realiteten er at regjeringa sjølv lanserte ordninga som skulle innebere at dei praktiske og estetiske faga også i framtida skulle få opptak til PPU med ein bachelorgrad. Dette går mellom anna tydeleg fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet 22.12.15. Svært mange var glade for dette. Det er nemleg slik at desse faga i stor grad blir underviste av ufaglærte. Det også slik at den nye grunnskulelærarutdanninga i liten grad har prioritert dei praktiske og estetiske faga. I ettertid kom det fram at departementet eigentleg hadde meint at dette skulle gjelde berre for bachelorgradar frå kunst- og musikkhøgskulane, og ikkje for dei som har graden sin frå andre utdanningsinstitusjonar. I tillegg vert det no hevda at dei aldri hadde meint at dette skulle gjelde for idrett, sjølv om dette fagområdet var eksplisitt nemnt i eit eige avsnitt i formuleringa frå departementet.

Fagmiljø og studentar har no lenge venta på at det skulle bli rydda opp i denne saka. Allereie i juni 2017 var det fleirtal i Utdannings- og forskingskomiteen for den løysinga som no blir karakterisert som hastverk frå sidelinja, men regjeringspartia stemte framlegget ned i Stortinget. Det er difor bra at Stortinget no tok grep, både for å rydde opp, og for å styrke dei aktuelle faga.

Det blir påstått at ein med dette får ei treårig B-utdanning. Det er å snu saka på hovudet. Dette blir ei fireårig utdanning med sterk fagleg fordjuping. Ingen av dei som no tar den nye grunnskulelærarutdanninga på fem år, vil ha så lang utdanning i sine undervisningsfag. Desse skal inn i sin mastergrad ha plass til to eller tre fag, og dei vil undervise i fag der dei har heilt ned til 30 studiepoeng, altså eit halvt års utdanning. I praksis vil dette særleg vere kroppsøving eller kunst- og handverk eller musikk, om ein i det heile har funne plass til desse faga. I norsk, engelsk og matematikk har dei kanskje 90 til 120 studiepoeng. Fleirtalet i Stortinget vil altså at vi skal ha 180 studiepoeng i dei praktiske og estetiske faga. Korleis kan dette gjere desse lærarane til dei dårlegast utdanna lærarane i skulen?

Det blir hevda at skulane ikkje har bruk for lærarar med berre eitt fag. Det er ei gamal innvending. Ein gløymer då at mange av desse fagfolka også vil vere viktige ressursar for kommunane i samband med det frie feltet, SFO og kulturskulane. PPU gjer dei kvalifiserte til å gå i delte stillingar og finne seg fullt arbeid også i mindre kommunar. Dei som vel å starte på ein bachelorgrad i praktiske og estetiske fag er ofte studentar som er utøvande innanfor kunst eller idrett. Dei fleste har eit brennande engasjement for faget sitt. Viss desse i løpet av fagstudia sine ser at læraryrket kan vere attraktivt, vil det vere meiningslaust å nekte dei dette yrket. Men det er faktisk det regjeringspartia no prøver på. Dette skjer midt i ein situasjon der det er lærarmangel, og der distrikta slit med å få kvalifiserte lærarar.

Regjeringa signaliserer at det vil kome ei ny faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag. Det er flott at ein prøver fleire vegar mot målet om godt kvalifiserte lærarar. Det er likevel ikkje lenge sidan det var tema at fleire faglærarutdanningar vart lagde ned grunna dårleg søking. Det er viktig å ta vare på mangfaldet – også innanfor lærarutdanningane. PPU-vegen gir eit tilbod til alle dei som finn ut undervegs at dei også vil undervise i faget sitt, men som kanskje ikkje i utgangspunktet hadde tenkt å bli lærarar. Dei har mykje å tilby skulen på høgt fagleg nivå.

Dette var inga sklitakling frå stortingsfleirtalet. Regjeringa har sjølve initiert denne ordninga. Kvifor dei har ombestemt seg, er vanskeleg å forstå. No er det viktig for dei praktiske og estetiske faga i norsk skule og for fagmiljøa i UH-sektoren at regjeringa legg til rette for at stortingsvedtaket kan gjennomførast på ein god måte.​

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS