forskingsrådet
Vil opna pengesekken i havforskingas tiår
Fleire hundre millionar ekstra vil gå til havforsking det komande tiåret om Forskingsrådet får viljen sin. Denne veka vart ei data-skattekiste frå havet opna i Vesterålen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Hovden i Vesterålen (Khrono): Kvit strand, magiske fjell og hav så langt auget rekk. Malnessanden ytterst i Vesterålen er ein av kongerikets bortgøymde skattar. Innbyggjarane er få, og utanom turistane i sommarsesongen, er det langt mellom dei som tek turen hit.
Men i havforskarane si verd er naturperla blitt ein stad som får stor merksemd. Under den kritkvite sanden er det grave ned ein for forskarne endå større skatt.
Det handlar om den superavanserte kabelen som strekkjer seg frå land og 60 kilometer ut over kontinentalsokkelen. Langs den er sensorar som kan «sjå» når torsken kjem, høyre lyden i vassmassane og måle alt som elles kan målast i djupet.
Havforskingstiåret
Vidunderet har Forskingsrådet, Equinor og Havforskningsinstituttet betalt med rundt 120 millionar kroner til saman.
LoVe (Lofoten – Vesterålen) havobservatorium skal forsyna forskarane med avanserte data som vil gje meir kunnskap om havbotnen og livet i havet over tid. Slik får ein betre grunnlag i forvaltninga av dei enorme fiskeressursane utanfor kysten, og ikkje minst kunnskap om endringar i havet generelt.
Observasjonane og dataseriane vert viktige for arbeidet med å utvikle havnæringene og gjere havet berekraftig.
I 2021 startar havforskingstiåret i regi av FN. Forskingsrådet meiner at ein kraftig auke i pengebruken må til for å sikre at Noreg og norske forskarar skal operera i verdstoppen når det gjeld kunnskap om kva som rører seg under havoverflata.
— Vi har foreslått 60 millionar i nye midlar i neste års budsjett i samband med havforskingstiåret. Men det krevst fleire hundre millionar kroner ekstra i komande tiårsperiode om vi skal greie å følgje opp satsinga på korleis vi på ein berekraftig måte kan leve av og nytte havet, seier avdelingsdirektør Christina Abildgaard i Forskingsrådet.
Ho leier avdelinga som har ansvaret for det Forskingsrådet gjer innan havforsking og forsking i polare område. Saman med direktør Sissel Rogne på Havforskningsinstituttet og statssekretær Trine Danielsen i Nærings- og fiskeridepartementet, var ho ei av prominensane som stod for opninga av havobservatoriet denne veka.
— LoVe havobservatorium er spesielt viktig på den måten at vi treng fleire og betre data frå havet for å kunne forstå havet si rolle, ikkje minst i høve til klima og miljø. Det er vesentleg med denne typen infrastruktur sett med norske auge, men og internasjonalt, seier Christina Abildgaard.
Forsking er grunnlaget
Det var i 2017 FN bestemte at havforskning skulle setjast på agendaen i ti år frå 2021 til 2030. I arbeidet med å nå FNs berekraftsmål er havet, og kunnskap om havet avgjerande.
— Heile poenget med havforskingstiåret er at ein ser behovet for forskning og kunnskap som grunnlag når havet skal forvaltast berekraftig. I det ljoset er det viktig at Noreg kjem med ein solid forskingsinnsats, seier Christina Abildgaard.
Ho fortel at Forskingsrådet har sett ned ei nasjonal ekspertgruppe, leia av Peter Haugan frå Havforskingsinstituttet. Denne gruppa har kome med ti temaområde som er dei viktigaste felta å satsa nasjonalt på i havforskingstiåret. Enno er dei ti punkta forslag frå ekspertgruppa. Forskningsmiljøa og andre har vore inviterte til å komme med innspel på forslaga. I løpet av hausten skal eit endeleg forslag oversendast regjeringa.
Brukar 900 millionar
Alt til neste år kjem dei første utlysingane til prosjekt som er knytte til havforskingas tiår.
— Så om du var forskarspire er det godt om midlar dei komande åra om du ville satse på havforsking?
— Det håpar vi på. For oss er det viktig at unge og studentar fattar interesse for havforsking. Det er iallfall eit betydeleg satsingsområde framover, seier Abildgaard.
Totalt brukar Forskingsrådet om lag 900 millionar kroner årleg på marin forsking.
— Samstundes er det slik at Forskingsrådet står for om lag ein fjerdedel av midlane som brukast til saman på forsking knytt til hav årleg. Derfor håpar vi at også forskingsmiljø, næringsliv og friviljuge organisasjonar vil vere med å styrke innsatsen på dei områda som er viktige for å nå måla for havforskingstiåret, seier Christina Abildgaard.
Ho er opptatt av at forskingsmiljøa innan havsektoren skal vere mellom dei beste i verda.
— Vi er allereie i verdstoppen på mange felt. Men det er vel slik også med Ingebrigtsen-brørne. Om dei har vunne, legg dei seg ikkje og kviler på laurbæra. Vi må kjenna vår besøkelsestid og være viljuge til å legga meir pengar i potten for å gjere oss sjølv endå betre, sier avdelingsdirektøren.
Rigge for det blå skiftet
Havforskingsdirektør Sissel Rogne er opptatt av at tiåret verkeleg vert konkret og handlingsretta.
— For oss er det viktig å leggje til rette for dei nye aktørane som byrjar å rigge seg for å delta i det blå skiftet. Vi meiner jo at det grøne skiftet eigentleg er blått. Så er det særskilt viktig at dette tiåret ikkje berre vert endelause dagar og veker med ord, men at det vert omsett i konkret handling, seier Rogne.
— I kva grad er eit observatorium som LoVe viktig i den samanhengen?
— Det er sentralt fordi det gjev viktig informasjon. For oss vert det å ta steget vidare, analysere dataene og omsetje det i kunnskap overordna. Det hjelper ikkje berre med data, vi må bruke dei til å forklare og forstå kva som skjer, seier Sissel Rogne.
— Vil det komme fleire slike observatorium?
— Det er mogeleg, samstundes som denne typen infrastruktur er dyr og kostbar og vedlikehalde, så det beste er samarbeid om bruken på LoVe i første omgang, sier Sissel Rogne.
Nyeste artikler
Joakim er én av ti svensker som får stipend til EU-prestisjeskole. Norge har kuttet sine stipender
Har varslet behov for å kutte opp imot 100 årsverk. Kun åtte får tilbud om sluttpakke
Tilbake til penn og papir?
Hva vil vi med barnevernspedagogutdanningen?
Risikofylt forskning, pandemier og biovåpen
Mest lest
Sjokkmåling: Nær dobling for Frp blant studenter
Kvinner skjuler hvor tøft de har det på jobb etter sykdom. — Jeg lukket døra på kontoret og gråt
Khronos lesere med 37 forslag til Årets navn i akademia 2024
Juss-nestor mener Kjerkols fuskesak må behandles på nytt
1107 årsverk visket bort i akademia i 2024