Kortnytt

Vil gje frå seg delar av forskingsterminen

Publisert Oppdatert

Teologidekan ved Universitetet i Oslo, Aud Valborg Tønnessen, vil gje frå seg delar av forskingsterminen sin til prodekanane sine.

Det skriv Uniforum.

Forslaget skal opp i fakultetsstyret i torsdag føremiddag, skriv nettavisa.

Valborg Rønnesen ønskjer å redusera den lange tida med forskingstermin ho vil ha opparbeidd seg etter to periodar som dekan, og dela meir av den med prodekanane sine.

— Me har hatt ei svært raus ordning, som me meiner ikkje er berekraftig over tid med tanke på behova som finst innanfor forsking og undervisning på TF, opplyser Valborg Tønnesen til Uniforum.

(Joar Hystad / Khrono)

Powered by Labrador CMS