Blir dei 2 eller 3 med vidare i fusjon i vest?
I dag blir det avgjort om høgskulane i Sogn og Fjordane, Bergen og Stord/Haugesund blir med vidare i prosessen mot eit stort profesjonsuniversitet på Vestlandet. Følg møtene direkte her.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Styra ved dei tre institusjonane skal kvar for seg avgjere om dei vil gå inn i reelle tingingar om korleis ein framtidig institusjon. Det er venta at styra til Bergen og Stord/Haugesund røyster for forhandlingar om fusjon, men kva som skjer i Sogn og Fjordane er meir usikkert, skriv På Høyden.
Slik formulerte styreleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seg i går, då han avslutta det felles seminaret for dei tre styra:
— Har vi gifta oss no? Nei, det trur eg ikkje vi har gjort. Har vi forelska oss? Nei, det trur eg ikkje vi har gjort, men vi kan kanskje bli det. Men uansett er vi nøydde til å bli betre kjende med kvarandre.
Du kan følgje styremøta som skal starte klokka 0900 i dag i straumen under. I tillegg sender Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund direkte frå styremøta.
Trykk her for å sjå sendinga frå HiSF sitt styremøte.
På Høyden er til stades og/eller følgjer dei tre styremøtene direkte her:
(HiB= Rapport fra Høgskolen i Bergen sitt styremøte, HiSF= Rapport fra Høgskolen i Sogn og Fjordane sitt møte, HSH= Rapport fra Høgskolen Stord/Haugesund sitt møte):
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!