Volda-rektor Johann Roppen vil helst stå aleine, og no meiner høgskulen at dei skal få det til, sjølv med nye krav til lærarutdanning. Dermed går fusjonsplanane mellom Rasmus Stokke (bak) i Sogn og Fjordane, Liv Reidun Grimstvedt (bak) ved Høgskolen Stord/Haugesund og Ole-Gunnar Søgnen ved Høgskolen i Bergen som før. Foto: Tor Farstad Foto: Tor Farstad

Roppen snur ryggen til felles planar om ein høgskule i vest

Trass i planar om eit felles styreseminar er det ingen teikn på at Volda vil vere med i ein fusjon på Vestlandet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Vi har ei opning for å ta Volda med. Vi vil skrive dei inn i vedtaket dersom vi får eit signal frå Volda, seier Rasmus Stokke, som er rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), skriv På Høyden.

Men det kjem ikkje noko signal frå Volda.

Direktøren ved høgskulen med 4000 studentar har lagd ei saksutgreiing som i stor grad understrekar risikoen ved å slå seg saman med andre. På same tid meiner dei at dei vil klare å oppretthalde lærarutdanninga si, trass i skjerpa krav som vil gjelde frå hausten 2017 når lærarutdanningane blir på masternivå. I januar 2019 blir krava til lærerutdanninga ytterlegere skjerpa.

Dekan på avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Arne Myklebust, har tru på at dei skal klare både noverande og nye krav.

Har tru på lærarutdanninga

Ein bør vere godt informert om kva ein seier nei til.

Johann Roppen

Det har vore liten interesse for samanslåing generelt ved høgskulen der rektor Johann Roppen gjekk til val på ei sjølvstendelinje. I styret har dei mellom anna peika på faren for eigenart og merkevare dersom ein blir «styrt frå ein stor by». I dette tilfellet tel Bergen som ein stor by.

— Direktøren har ikkje komme med noko framlegg til vedtak. No ser eg fram til eit felles styreseminar med HiSF, seier Volda-rektor Johann Roppen til På Høyden.

Han meiner at det kan vere ein farbar veg å stå for seg sjølv, ettersom dei trur dei kan halde fram med lærarutdanning:

— Eg har ikkje den opplevinga at institusjonen står i fare for å miste akkrediteringa for grunnskolelærarutdanninga, seier Roppen.

Fire styremøte torsdag

I sin eigen blogg skriv han at «ein eventuell fusjon med Høgskulen i Sogn og Fjordane er alternativet til sjølvstende som er minst trugande for sjølvstende og regional orientering».

Torsdag 10. mars skal Høgskulen i Volda ha styreseminar saman med HiSF. Høgskolen i Bergen ( HiB) og Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) skal òg ha styremøte denne dagen. Både HiSF, HiB og HSH legg opp til å halde fram med fusjonsprosessen, som kan leie fram til ein samla Vestlandshøgskule frå januar 2017.

I styresaka til HiSF går det fram at HiSF-rektor Rasmus Stokke ønskjer at Volda skal bli med i Vestlandshøgskulen, og at eit slikt signal bør komme før møtet 10. mars. Stokke konstaterer at det ikkje har komme noko utspel frå Volda. Å opne fusjonsforhandlingar mellom Volda og Sogn og Fjordane er ikkje særleg aktuelt, sett ut frå korleis dei to institusjonane vil styrke kvarandre. Av omsyn til HiB og HSH vil det heller ikkje vere aktuelt å forhandle om to ulike fusjonar samtidig.

— HiSF minst farlege

HiSF satsar no altså fullt og heilt på Vestlandshøgskulen.

— Vi hadde den tunge diskusjonen rundt førre møte, då vi hadde ein snuoperasjon. Vi er opne for kva som kan komme opp på styreseminaret med Volda, men har elles ei avventande haldning til kva som måtte komme frå dei, seier Stokke.

Det felles seminaret Volda-rektor Roppen ser fram til seminaret med naboane torsdag:

— Sogn og Fjordane er dei som er minst farlege for oss. Ein viktig grunn til å ha møtet med HiSF er at det er nyttig for vårt styre å få argumenta for Vestlandshøgskulen rett frå dei som sit oppi det. Ein bør vere godt informert om kva ein seier nei til, synest Roppen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS