Presset mot Høgskulen i Sogn og Fjordane om å fusjonere aukar, og det er under ei veke igjen til rektor Rasmus Stokke skal ha ferdig si tilråding til høgskulestyret. Foto: Katrine Sele/HiSF
Presset mot Høgskulen i Sogn og Fjordane om å fusjonere aukar, og det er under ei veke igjen til rektor Rasmus Stokke skal ha ferdig si tilråding til høgskulestyret. Foto: Katrine Sele/HiSF

Leiinga i Sogn og Fjordane er splitta

Leiinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er delt på midten i spørsmålet om fusjon. Rektor Rasmus Stokke er av dei minst skeptiske, syner ei intern utgreiing.

Publisert   Sist oppdatert

(Oppdatert etter dagens fagdag.)

Presset mot Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) om å fusjonere aukar, og det er under ei veke igjen til rektor Rasmus Stokke skal ha ferdig si tilråding til høgskulestyret.

Ifølge ei intern utgreiing er Stokke sjølv ein av dei mest positive til fusjon med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund. Ein fusjon som om nokre år kan bli eit nytt profesjonsuniversitet på Vestlandet.

Ansatte vs studenter

Ifølgje twittermelding frå Georg Arnestad, tilsett på Høgskulen i Sogn og Fjordane, skal eit fleirtal av dei tilsette ha røysta for å starte fusjonsforhandlingar på dagens fagdag.

Det er klart det er viktig kva studentane meiner, det er jo dei vi lever av. 

Rasmus Stokke
Rektor, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Arnestad skriv: «Avrøystinga under Fagdagen ved HiSF i dag viser fleirtal for å starte fusjonsforhandlingar med HiB og HSH

Blant studentane skal stemninga vere motsett. Jan Inge Fardal skriv på sin twitterkonto at 87 prosent av studentane seier nei til å gå i fusjonsforhandlingar.

Uroa for økonomiske sanksjonar

NRK Sogn og Fjordane torsdag kom det fram at høgskulen er uroa over at dei kan bli straffa økonomisk viss dei seier nei til fusjon. Fjorårets tildelingar av 300 stipendiatstillingar blir brukte som eit døme på kva som kan komme til å skje: Høgskulen i Sogn og Fjordane fekk ikkje ein einaste ein.

Og det gjorde heller ikkje dei andre høgskulane som aller helst vil halde fram utan fusjonar: Høgskulane i Volda, Lillehammer, Østfold og Hedmark. Høgres Kristin Vinje avviser ifølge NRK at det grunn til uro for dette. 

Fagdag om fusjon

På fagdagen, fredag 22.januar, blei tilsette og styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane samla på ein intern fagdag der fusjon eller ikkje fusjon, er spørsmålet.

4.februar skal styret ved høgskulen ta stilling til om dei skal gå i fusjonsforhandlingar, og dagen før skal det vere felles styreseminar med alle dei tre styra i den potensielle fusjonen. Statssekretær Bjørn Haugstad i Kunnskapsdepartementet skal også vere til stades på seminaret.

Høgskulen, har tidlegare vore blant dei mest kritiske og uviljuge til å fusjonere med andre, men ei intern utgreiing som er lagt ut på heimesida til HiSF syner at høgskulen er omtrent så delt som det er muleg å bli når det gjeld spørsmålet om fusjon. Den interne rapporten er utarbeidd av Wiggo Hustad, dekan ved Avdeling for lærarutdanning og idrett ved HiSF.

Leiinga delt i to

I internutgreiinga kjem det fram at leiargruppa er delt på midten i vurderingane sine. Dei som er mest positive til fusjon, eller kan hende det er rettare å seie minst skeptiske, er rektor Stokke, det er prorektor for forsking, dekanane på avdelingane for helsefag og lærarutdanning, i tillegg til personaldirektøren. 

På andre sida, dei som meiner det er risikabelt for HiSF med fusjon er: Viserektor for utdanning, økonomidirektøren og dekanane for samfunnsfag og naturfag. Dei to sistnemnde er uroa over at dei klassiske disiplinfaga kan komme til å drukne i ein fusjon der profesjonsfaga vil bli sterke. 

Studentane mest imot

Men hjå studentane er det samla klar tale: Dei er dei aller største motstandarane av fusjon. Studentane ved HiSF er blant dei aller mest nøgde i heile landet, syner ulike målingar, og ifølge utgreiinga vil dei helst halde fram med å ha det slik dei har det. Men dei ser også at det ikkje berre treng å bli rosenraudt ved å halde fram åleine: Studentane peiker også på utfordringar knytt til tilsettkompetanse, forsking og internasjonalisering i sjølvstendealternativet. 

Sjølv om dei er internt internt splitta om mykje er dei einige om noko: 

  • Sjølvstendelinja representerer noko større risiko for større utdanningar ved høgskulen, og då særleg lærarutdanninga
  • Det er betre sjanse for å kunne finansiere auka fou-aktivitet i ein fusjon
  • Tilhøvet til regionen er meir utsett i ein fusjon
  • Inntektspotensialet er meir utrygt i sjølvstendealternativet

Rektor Rasmus Stokke framhevar særleg uro for lærarutdanninga ved sjølvstende, og trur eigarens vilje til å satse på HiSF vil vere mindre ved eit nei til fusjon. Departementet har varsla ei satsing på feltet høgare utdanning, og rektor trur sjansen for å ta del i den satsinga er betre som fusjonert institusjon. 

Stokke ikkje klar med tilråding

Stokke stadefester til Khrono at han internt nok er blant dei som er mest tilhengar, eller minst motstandar, av fusjon.

Etter fredagens fagdag skal han skrive ferdig styrepapira sine som skal komme med ei tilråding til styret og tilrådinga skal vere klare til torsdag 28.januar. 

— Har du bestemt deg for kva slags tilråding du skal legge fram for styret ditt? 

— Nei, eg skal ha med meg fagdagen først og høyre nøye etter kva som blir sagt der, seier han. 

— I internutgreiinga ser det ut som om du kan komme til å gå for fusjon, sjølv om den interne utgreiinga er meir skeptisk til fusjon enn den som NIFU lagde for alle tre høgskulane?

— Den interne utgreiinga og NIFU si utgreiing har ulike utgangspunkt. NIFU såg på den samla effekten for ein fusjon mellom høgskulane i Stord/Haugesund, Bergen og Sogn og Fjordane, mens no har vi sett berre på oss sjølve, seier Stokke.

Vanskelege tider

Han legg ikkje skjul på at han synest det er ei krevjande tid  å vere rektor. 

— Det som gjer det ekstra vanskeleg er at vi ikkje veit kva dei nye kriteria blir for å kunne bli ståande aleine. Lærarutdanninga til Høgskulen i Sogn og Fjordane er særs viktig, med ein fusjon vil vi berge den, men så kan vi komme dårlegare ut på andre område, seier Stokke.  

— Har du nokre alternativ til å bli ein del av ei stor profesjonshøgskule på Vestlandet? 

— Vi har framleis døra open for Høgskulen i Volda. Det alternativet er ikkje lagt dødt, og det kan absolutt bli noko vi kan komme til å vurdere, seier Stokke. 

— Men vil de to saman vere sterke nok til å få til ei femårig lærarutdanning som kan bli godkjent? 

— Det veit vi jo ikkje så lenge ikkje kriteria er klare. Og det har kome litt ulike signal frå departementet på dette, meiner han.

Ta ein politisk kamp?

I Sogn og Fjordane snakkast det også om at styret bør seie nei til fusjon, gå for sjølvstende og så ta den politiske kampen for å berge lærarutdanninga i Sogndal ved å gamble på at det politisk ikkje vil gå an å legge ned lærarutdanninga midt under ein stortingsvalkamp. 

— Vestlendingane er jo kjende for å vere gode i det politiske spelet, så kan dette vere eit alternativ? 

— Eg veit at det blir snakka om. Og i ein gitt situasjon kan det hende at vi vil kunne få bruk for hjelp. Høgskulen er viktig både for fylket, næringslivet og kommunane i Sogn og Fjordane, seier rektoren. 

— Studentane er dei som er mest tydelege motstandarar til fusjon. Kor viktig er deira stemme for deg? 

— Det er klart det er viktig kva studentane meiner, det er jo dei vi lever av. Gode studentresultat er viktig for oss, og vi er jo redde for at dei skal bli svekka anten vi vel det eine eller det andre alternativet, seier Rasmus Stokke.