Følg 3 styremøte i vest direkte her
Dei tre fusjonspartnerane på Vestlandet får presentert plattforma på styremøta i dag. Følg møta direkte her frå klokka 10.00.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Plattforma for fusjon har vore klar i ei veke, og no skal dei tre styra få seie si meining om forhandlingsresultatet. Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har eit styremedlem allereie sagt at han vil røyste mot, og studentane er framleis negative, særleg på grunn av studentvelferd og det dei meiner er for dårleg studentrepresentasjon i styret.
I Bergen, på Stord og i Haugesund bles vinden i retning fusjon, men rektorane er kanskje meir begeistra enn tilsette og studentar.
Styra ved Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) og Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) startar møta kl. 1000, og Høgskolen i Bergen (HiB) sitt møte tar til 1130.
På Høyden dekkar møta direkte, med hovudvekt på fusjonssaka. Det er noko uklart kor lenge møta vil vare, men møtet til HiB er satt opp til kl. 1600.
Her kan du sjå sendinga frå HSH:
Opptak/streaming frå 10:00-13:00
Opptak/streaming frå 13:00-15:00
Sendinga frå Høgskulen i Sogn og Fjordane startar klokka 12.30:
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!