Laurdag kveld i beste sendetid kan ein igjen sjå professor Gunnstein Akselberg på NRK1. Foto: Tor Farstad

Etter fylte 60 vart Gunnstein Akselberg ein kjendis-professor. No ventar ein ny sesong av «Eides språksjov»

«Språk-kjendis». Gunnstein Akselberg hadde vore på fjernsyn ein gong før han vart fast inventar i Eides språksjov. Det var då Nordisk institutt dreiv med fjernundervisning.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Av og til kjem Linda med ein ransel eller eit skjørt eller noko eg skal ha på meg. Kva skal eg gjera då, spør Gunnstein Akselberg, og mumlar noko om at han slett ikkje likar å kle seg ut.

Gunnstein Akselberg er den einaste professoren i Noreg som er å sjå på NRK1 i beste sendetid. Lørdag startar Eides språksjov, med Linda Eide som programleiar, opp med ny sesong. Akselberg er co-pilot.

Denne gongen er sendetida laurdag kveld. Førre sesong hadde programmet i snitt 580 000 sjåarar.

Kan formidla alt

Men korleis hamna språkprofessoren i NRK? Gunnstein Akselberg fylte 70 i sommar, og er no formelt professor emeritus. Han har vore tilsett som professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Bergen i ei årrekkje, og har òg vore dekan og prodekan ved Det humanistiske fakultetet. Og lenge var han ein vanleg professor, sjølv om han rett nok alltid har vore oppteken av å formidla.

Fakta

Gunnstein Akselberg

Fødd i 1949
Vart cand.philol. i 1979, tok deretter doktorgrad på sosiolingvistiske forhold i Voss kommune
Professor i nordisk språkvitskap ved UiB, jobbar særleg med sosiolingvistikk, dialektologi og namnegransking
Har vore dekan og prodekan ved Det humanistiske fakultetet
Aktiv formidlar, med språkspalte i NRK radio og Eides språksjov i NRK TV

— Mange meiner at deira fag er så vanskeleg at det ikkje let seg formidla. Eg meiner at ein kan formidla absolutt alt, seier Akselberg.

For 23 år sidan vart han henta inn til NRK Hordaland. Kjell Jensen ville laga det som vart kalla «Språkspalten». No er Jensen pensjonist, men språkspalta lever framleis. Kvar torsdag stiller Akselberg i studio for å snakka om ei aktuell sak, og, kanskje viktigast, svara på spørsmål frå lyttarane.

— Språk er viktig for alle, og alle har ei meining om det, seier Akselberg.

Skulle berre prøva

Vegen til NRK TV gjekk via Litteraturhuset i Bergen. Akselberg sat i ei arbeidsgruppe som skulle førebu eit litteraturhus i byen, og deretter sat han i styret for huset.

— Då var det nokon som spurte om me ikkje kunne ha eit slikt program på Litteraturhuset som eg hadde i NRK. Eg sa eg skulle tenkja på det, fortel Akselberg.

Han tenkte, og konkluderte med at han i alle fall ikkje kunne ha det åleine. Deretter spurde han Linda Eide, som drog på det. Ho hadde eigentleg nok å gjera meinte ho, men vart med på ein prøve.

— Det vart full suksess. Programmet heiter «Ut med språket», og det har vore fulle hus, seier Akselberg.

Etter kvart vart Sjur Hjeltnes, som altså er den tredje vossingen i programmet, med. Og så kom spørsmålet om ein kunne laga eit fjernsynsprogram.

— Hadde du vore på fjernsyn før?

— Nei. Eller, eg var med for mange år sidan då Nordisk institutt hadde fjernundervisning, humrar Akselberg.

Gunnstein Akselberg brenn for formidling, og meiner ein kan formidla kva som helst. Foto: Tor Farstad

Bjøllekransen

I programmet er det Linda Eide som er den mest leikne, og ho er programleiar. Akselberg har rolla som professor, men ikkje berre det. Han har fått utdelt ein bjøllekrans, og er elles meir eller mindre motvillig med på Eide sine påfunn.

— Det er heilt greitt når eg kan snakka om faglege ting. Men Linda har jo tusen ville idear, humrar professoren.

Han fortel at før innspeling av det aller første programmet hadde dei øvd mykje. Då dei så kom i studio vart det heile rett og slett litt stivt.

— Så no er det ikkje alt eg veit om på førehand.

Han hadde røynsle med pakking, for han var med då språksamlingane kom som 17 trailerlass frå Universitetet i Oslo til Bergen.

Gunnstein Akselberg

Sjåartal på over ein halv million var det ingen av dei som venta seg. Ifølgje Akselberg skal mor til Sjur Hjeltnes har sagt noko om at det truleg ikkje var så mange som var interesserte i å sjå tre vossingar på fjernsyn – i alle fall var det ingen andre enn vestlendingar som kunne tenkjast å lika dette.

Ho tok feil. Akselberg har rett og slett vorte ein kjendisprofessor.

— Uansett kor eg kjem er det nokon som seier at dei har sett meg på fjernsyn. Eg har vorte gjenkjent på flyplassar både i inn- og utland. Og det er ikkje berre godt vaksne, også ungdommar tek kontakt.

Akselberg trur det er kombinasjonen av det seriøse og det morosame som gjer at programmet har vorte så populært.

Måtte gi opp pakking

I sommar fylte han 70, noko som vart feira stort med eit arrangement på nettopp Litteraturhuset i Bergen i haust. Jubilanten sjølv var noko lunken, men innrømmer i ettertid at det vart kjekt.

— Eg har heldigvis bursdag midt i juli, så då eg var liten slapp eg unna bursdagsfeiring med putekrig og slikt. Eg har vore med på å feira mange andre, og har halde talar for dei, men eg likar ikkje å feira meg sjølv.

Ein bonde er avhengig av greip og traktor. Eg er avhengig av bøker.

Gunnstein Akselberg

No ventar eit nytt liv. Eller, så veldig annleis vert det kanskje ikkje. Som professor emeritus skal Akselberg ikkje undervisa, ikkje rettleia, og ikkje ha administrative oppgåver. Men han er namnekonsulent gjennom Språkrådet, han sit i ymse utval, og han skal forska og publisera. Den største skilnaden er kanskje at professorkontoret hans har vorte gjort om til kontor for stipendiatar. Sjølv har han fått eit lite krypinn lenger nede i HF-bygget ved UiB – enn så lenge.

Akselberg fortel at han hadde fått nokre dagar forlenga frist for å få pakka ned eit langt akademisk liv. Det gjekk ikkje så bra.

— Eg byrja med å pakka sirleg ned i kassar. Men det tok jo så lang tid! Heldigvis kom Rune Kyrkjebø (førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket, journ.anm) forbi. Han hadde røynsle med pakking, for han var med då språksamlingane kom som 17 trailerlass frå Universitetet i Oslo til Bergen, humrar Akselberg.

Kyrkjebø såg kjapt at dette ikkje kom til å gå, fekk tak i ei slags tralle, og saman fekk dei to alle bøkene og alt det andre ut frå kontoret i tide. Men no har Akselberg fått beskjed om at han må flytta att innan nyttår. Kor veit han ikkje. Og heime har han ikkje plass til heile professorlivet.

— Kan ein kasta bøker?

— Det er vanskeleg.

Han pustar tungt.

— Bøker er arbeidsreiskapen min. Ein bonde er avhengig av greip og traktor. Eg er avhengig av bøker.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS