Studentfestival

Veka-festivalen i gang i Volda trass smitteutbrot

— Vi saknar klare retningslinjer, seier leiaren for festivalen, etter at kommunen har lagt alt ansvaret over på studentane som arrangerer festivalen.

60 personar om gongen får sjå årets Vekarevy med namnet «Kvifor skal alt være så forbanna vanskelig hele tiden». Dei første tre framsyningane var i helga. Også måndag og tysdag skal det etter planen vere framsyningar av revyen.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Den kjende studentfestivalen Veka i Volda vart sparka i gang like før helga med Vekarevyen.

Så langt har det vore ein stor suksess, skal ein tru rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen.

Han var sjølv på første framsyning av revyen på studenthuset Rokken fredag.

— Det var god kvalitet på revyen og på arrangementet kva gjeld smittevern. Ved Rokken gjer dei det same som dei har gjort i fleire månader allereie, med god avstand og servering direkte til bordet, seier Roppen.

Sjølv vart han riven laus frå ein prat, som han anslår var på fire minutt, med ein av dekanane under framsyninga, og beden om å setje seg ved bordet sitt igjen.

— Det var tillitvekkande, seier rektoren.

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, har stor tillit til vurderingane som blir gjort i samband med dei komande arrangementa i Veka-festivalen.

Festivalstart og smitteutbrot

Festivalen skulle i utgangspunktet bli arrangert i februar, men vart utsett ein månad, på grunn av det den gong nasjonale forbodet mot arrangement med over 10 personar.

Men med nye nasjonale retningslinjer, som tillét opptil 100 personar der alle sit på faste tilviste plassar, og lågt smittetrykk kunne arrangørane likevel planlegge festival.

Men samstundes som første framsyning av revyen går føre seg fredag kveld, så varslar Volda kommune at dei har fått inn eit nytt smittetilfelle i kommunen.

Det skal gjennom helga vise seg å vere eit utbrot av anten det sørafrikanske eller det brasilianske mutantviruset.

Så langt er tre personar stadfesta smitta som følgje av utbrotet, som skal vere blant vidaregåandeelevar i Volda.

I helga skriv kommunen at situasjonen er uoversiktleg, og at dei ikkje har klart å finne kjelda til smitten.

— Vi vil be alle om å ha få nærkontaktar dei neste dagane og unngå folkemengder. No er det viktigare enn nokon gang at vi følger smittevernreglane, skreiv kommunen søndag.

Søndag kveld varslar kommunen at dei trur dei har funne smittekjelda.

Legger ansvaret på arrangørar

Måndag er meldinga at dei framleis ser på situasjonen som usikker, men likevel ikkje har funne det naudsynt å innføre nye lokale tiltak.

Kommunevernoverlege Inger Lise Kaldhol har vore i dialog med dagleg leiar i studenthuset Rokken og Høgskulen i Volda måndag, og orientert dei om at det er arrangørane sjølve som må avgjere om dei skal arrangere dei komande arrangementa i festivalen.

Kaldhol har ikkje svart Khrono måndag, men kommunedirektør Rune Sjurgard seier følgjande:

— Det er dei nasjonale reglane som gjeld og kommunen oppmodar spesielt om å følgje desse. Ut frå dette må dei gjere nøye vurderingar om enkelte arrangement bør utsetjast eller ikkje. Det kviler eit stort ansvar på arrangørane. Er dei usikre kan dei søkje råd hos kommuneoverlegen, seier Sjurgard.

— Det er vanskeleg

På spørsmål om korleis det er å bere på dette ansvaret, svarer leiaren for Veka, Ruben Minkstuen, som sjølv er student på tredje året på barnevern, slik:

— Vi saknar klare retningslinjer. Det er vanskeleg, og vi gjer no heile tida løpande vurderingar, omtrent minutt for minutt. Eg har heldigvis god støtte i resten av styret i Veka og dagleg leiar på Rokken. Det har vore knytt usikkerheit til prosessen og planlegginga heile vegen. Det er som å gå på nåler, og vi har vore førebudde på å måtte avlyse heile greia, seier Minkstuen til Khrono.

Likevel har dei vore motiverte til å fullføre planlegginga og gjennomføre etter dei retningslinjene som gjeld.

— Revysjefen sa det slik i talen på opningsframsyninga: Vi ser på dette som eit lyspunkt i ein elles grå og trist periode. Ein merkar det på stemninga blant publikum som har sett dei tre framsyningane så langt, ein treng latteren, det å kome seg ut og sosialisere. Mange blir berre sittande inne elles, seier Minkstuen.

Annonse

BLI VARSLET
OM SISTE NYTT

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
-

Veka-leiaren kryssar fingrane for at dei no får fullføre festivalen som planlagt, med eit arrangement kvar kveld i dagane som kjem.

Revyframsyninga måndag kveld går som planlagt, opplyser Minkstuen.

Han seier at sjølv om ein etter dei nasjonale retningslinjene kan ha 100 personar på eit arrangement, så har dei sett tak for 60 personar på revyane og 80 på nokre av dei andre arrangementa utover veka.

Stort tillit til vurderingane

Rektor Roppen seier at høgskulen si rolle no er å støtte og gi studentane råd om dei spør om det.

— Eg har stor tillit til dei vurderingane som blir gjort, og vi snakkar godt med kvarandre. I dag har vi sponsa Veka med gratis munnbind til alle som skal på arrangementa denne veka. Og dei som snufsar eller føler seg dårleg vil få igjen pengane på billettane sine, seier Roppen.

Powered by Labrador CMS