Stopp internasjonaliseringsjaget, eg vil av!
Utveksling. Eg heiar på internasjonalisering som ein viktig strategi for å utdanne aktive og ansvarlege samfunnsborgarar, men ikkje for einkvar pris, skriv Irina Pavlova.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Stortingsmeldinga om kvalitet for høgare utdanning frå 2017 slår fast at ulike formar for internasjonalisering er ein føresetnad for kvalitet. Internasjonalisering kan bety inkludering av internasjonal pensumlitteratur, diskusjon av globale forhold, invitasjon av utanlandske førelesarar, men kanskje viktigast av alt studentutveksling. Den interkulturelle kompetansen og -forståinga blir ofte trekt fram som nokre av dei viktigaste eigenskapane ungdommane treng for å handtere dei komande globale samfunnsutfordringane.
Regjeringa sine utvekslingsmål krev for mykje av studenten, institu-sjonane og miljøet.
Irina Pavlova
Regjeringa ønskjer at innan 2020 skal 20 prosent av alle studentar ta delstudiar i utlandet (på lenger sikt vil regjeringa auke talet til 50 prosent). Likevel har tala på utreisande studentar frå Noreg stagnert dei siste åra. Trenden er at fleire utanlandske studentar kjem til norske universitet og høgskular, og færre norske studentar reiser ut.
Etter signal frå politikarane vil presset om å sende fleire ut berre auke framover Forskings- og utdanningsminister Iselin Nybø vurderer å gjere utveksling obligatorisk. Men vi må tenkje over kva vi eigentleg ønskjer å oppnå med denne forma for internasjonalisering. Om det er slik at i næraste framtid skal halvparten eller fleire av alle studentar reise ut, må vi utarbeide betre rutinar og oppfølging for at utanlandsopphaldet blir ein reell styrke for studenten, utdanningsinstitusjonen og samfunnet. Om ikkje dette blir gjort er eg uroa over kvaliteten på den framtidige internasjonaliseringa.
Alle vil oppleve at verda blir mindre, både med tanke på framtidige ressurs og miljøutfordringar og globaliseringstendensar innan politikk, økonomi og sosiale forhold. For å utdanne studentar til å bli aktive og ansvarlege deltakarar i det internasjonale samfunnet kan studentutvekslinga bli sett på som ei av løysingane. Men der finst fleire.
Til dømes å inkorporere fleire internasjonale møter tidleg i studieløpet. Internasjonalisering på heimebane bør utviklast som eit reelt alternativ for dei som av ulike grunnar ikkje kan eller vil reise ut. For også på heimebane kan ein få tilgang på rikeleg med internasjonale impulsar (døme frå HVL Sogndal her). Talet på internasjonale studentar som kjem til Noreg er rekordhøgt, her har vi mange moglegheiter for god integrering av desse i faglege og sosiale samanhengar. I tillegg må vi bruke lokalsamfunnet som ressurs og legge til rette for interkulturelle møte med menneska i nærregionen. Slike tiltak er også i samsvar med utdanningssektoren si vektlegging av berekraftige og samfunnsansvarlege utdanningar.
Regjeringa sine utvekslingsmål krever for mykje av studenten, institusjonane og miljøet. Vi treng fleire som kan tenkje saman og utvikle «internasjonalisering heime» vidare som eit reelt alternativ for dei 80 prosent av studentane som ikkje reiser ut i dag.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!