Sunniva Myrene Braaten stiller som ny leder av arbeidsutvalget i Studentparlamentet på HiOA. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Sunniva Myrene Braaten stiller som ny leder av arbeidsutvalget i Studentparlamentet på HiOA. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Tre grunnar til å satse på tverrprofesjonalitet

Styret ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) burde lytte til organisasjonen og satse stort på senteret Interact, sjølv om det ikkje fekk status som Senter for framifrå utdanning (SFU), skriv leiar av studentparlamentet ved HiOA, Sunniva Braaten.

Publisert   Sist oppdatert

To styremedlemmar kom med krass kritikk av HiOA sin søknad om å etablere senteret Interact, som skal arbeide med tverrprofesjonell samhandling med barn og unge. Her kjem 3 grunnar til at dette er noko HiOA burde satse på – og satse stort på.

  • Ein stor båt som rommar mange. Temaet barn og unge er ein fellesnemnar for svært mange av utdanningane på HiOA. I prosjektet er det tenkt at ca 2000 studentar skal ta del i utdanningsaktivitetane i sitt første studieår. Dette inkluderer alle fire fakulteta til HiOA og SVA. Satsinga inkluderer også arbeidslivet og praksisfeltet i stor grad. Det er dermed ein svært stor del av HiOA som potensielt vil tene på denne satsinga.
  • Samfunnsoppdrag. HiOA har eit ansvar for å utdanne kompetente og reflekterte studentar som skal bidra inn i yrkeslivet og forme og vidareutvikle samfunnet vårt. Stortingsmelding om utdanning for velferd løftar eit behov for tverrprofesjonell samarbeidslæring for å legge grunnlag for godt teamarbeid i yrket. Dette er også eit tema som i mange år har vore aktuelt og ønska både av fagmiljøa på HiOA og av studentane. Samfunnet har eit behov for at desse profesjonsutøvarane har denne kompetansen. Då er det HiOA sitt ansvar å gi studentane det.
  • Etterspurt av studentar «Kvifor får ikkje vi diskutere desse tinga saman med barnevernsstudentar?» Som lærarstudent har eg fleire gongar opplevd at ein diskuterer problemstillingar der ein berre får refleksjonar frå eige fagfelt. Samstundes veit ein at i arbeidslivet skal ein omgåast, samarbeide og diskutere med alle desse andre yrkesgruppene. Kvifor? For det beste for barn og unge. Men når ein aldri har fått innsyn i kvarandre sine perspektiv legg det hindringar for samarbeidet. Ironien er då stor når barnevernsstudentane har førelesning eit par bygg lenger ned på campus.

Studentane ønsker dette senteret velkommen. Vi har fått bidra i arbeidet og har vore pådrivarar for å få det gjennomført. Studentane i studentforeininga Barn Oss Imellom har tatt delar av jobben i eigne hender og arrangerer i 2017 for andre gong ein tverrprofesjonell konferanse om barn og ungdom. Dette for å lære meir og for å samarbeide.

Høgskulestyret burde lytte til organisasjonen som ønsker eit større fokus på tverrprofesjonell samhandling. Med ei slik satsing vil vi kunne ta ein plass i samfunnet som er unik og som gir studentane ein kompetanse som få andre vil ha.

Styret ved HiOA burde lytte til organisasjonen og satse stort på senteret Interact, sjølv om det ikkje fekk status som Senter for framifrå utdanning (SFU).

Sunniva Braaten
Leiar, Studentparlamentet ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Høgskulestyret burde lytte til organisasjonen som ønsker eit større fokus på tverrprofesjonell
samhandling.

Sunniva Braaten
Leiar, Studentparlamentet ved Høgskolen i Oslo og Akershus

Studentane
 ønsker dette senteret velkommen. Vi har fått bidra i arbeidet og har vore pådrivarar for å få det gjennomført. 

Sunniva Braaten
Leiar, Studentparlamentet ved Høgskolen i Oslo og Akershus