Marianne Aasen har eit bestemt inntrykk av at undervisning har langt større prestisje mellom forskarar i USA enn i Noreg, kom det fram på NOKUTs frukostmøte i dag.

Best kvalitet bør gi flest plassar

Kunnskapsministeren er positiv til at utdanningsinstitusjonane konkurrerar om studieplassar, det vil seie at dei med best kvalitet får flest plassar.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det er Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT), som måndag la fram forslag til konkurranse om studieplassane. Utdanningskvalitet bør koma meir i sentrum enn det har gjort til no. Det meiner NOKUT med direktør Terje Mørland i spissen. På eit seminar i Oslo måndag formiddag lista han opp fleire viktige tiltak som kunne setjast i verk for å få dette til.

Alle forslaga kjem fram i dokumentet «Satsing på utdanningskvalitet – fra vilje til handling?» av NOKUT-rådgjevarane Stein Erik Lie og Kim Kantardjiev.

– Vil øyremerkja pengar til utdanningsformål

Eitt av forslaga er å prioritera dokumenterte sterke utdanningsmiljø ved tildeling av nye studieplassar.

– Dessutan må senter for framifrå utdanning og andre satsingar på kvalitet og nyskaping i utdanning premierast med strategiske midlar eller bli lagt endå større vekt på i den resultatbaserte finansieringskomponenten, sa Terje Mørland.

NOKUT kjem også med framlegg om at det bør satsast vidare på ordningar som premierer satsing på høg kvalitet i utdanning. Dette bør skje gjennom konkurranse om pengar som er øyremerkte til utdanningsformål.

Ein utdanningskomponent bør også koplast til forskingsløyvingane, synest NOKUT-direktør Terje Mørland. – Eit kriterium for tildeling av forskingsløyvingar kan vera at det skal gjerast greie for korleis forskinga skal gi meirverdi i utdanning, sa Mørland med NOKUT-dokumentet som kjelde.

Undervisningskompetanse skal telja meir

I tillegg vil NOKUT at det skal bli endå viktigare enn i dag med undervisningskompetanse når det blir tilsett personar i fast vitskaplege stillingar ved universiteta og høgskulane. Undervisning må også vera ein del av forskarutdanninga.

– Det overordna målet med høgare utdanning må vera å utdanna framifrå kandidatar. Derfor må me jobba endå meir med å identifisera og fylgja opp målretta tiltak, sa NOKUT-direktør Terje Mørland.

Nasjonale deleksamenar i matematikk

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen kom NOKUT i møte med å foreslå eit nytt tiltak for å auka kvaliteten på utdanning som universiteta og høgskulane tilbyr.

– Ideen vår er å oppretta nasjonale deleksamenar for enkeltemne innanfor matematikk. Mange hevdar alltid at utdanningskvaliteten er mykje betre i andre land enn i Noreg. Difor må me ha ein reiskap som kan samanlikna utdanningskvaliteten mellom norske institusjonar, men som også får høve til å gjera internasjonale samanlikningar. Er det verkeleg sant at alt er så mykje betre utanfor Noreg?, spurde han.

Ingen indikatorar for kvalitet?

Statsråden tykte det var merkeleg at NOKUT enno ikkje hadde laga indikatorar for utdanningskvalitet, ti år etter innføringa av Kvalitetsreforma. Røe Isaksen meinte likevel at det var eit godt poeng av NOKUT å trekkja fram at det må leggjast større vekt på utdanningskompetanse ved tilsetjing og opprykk av professorar.

– Mitt inntrykk er likevel at undervisningskompetanse blir sett på som svært viktig ved tilsetjing av vitskaplege tilsette ved universiteta og høgskulane, sa Røe Isaksen.

Han trudde ikkje det var enkelt å finna ein enkel formel som kan gi svar på kva som er god og kva som er dårleg utdanningskvalitet.

– Det er sjølvsagt mogleg å velja nokre kvalitetsindikatorar som kan gi oss eit visst bilete av situasjonen. Samtidig er det også fullt mogleg å lata institusjonane konkurrera om studieplassar, slik NOKUT foreslår, understreka kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Ap-Aasen: Sjå til USA!

Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Marianne Aasen viste til erfaringane ho hadde frå norske studentar på Berkeley-universitetet i USA:

– Dei gir oss alltid to viktige tilbakemeldingar. Dei gjer det langt betre enn dei hadde trudd på førehand, og dei får mange fleire tilbakemeldingar frå den som underviser enn dei får i Noreg, fortalde ho.

Marianne Aasen hadde eit bestemt inntrykk av at undervisning har langt større prestisje mellom forskarar i USA enn i Noreg:

– På Berkeley spør fagfellane ein forskar om kva som skjedde, viss mange av studentane til vedkomande strauk. Det er ei skam om ikkje alle studentane står til eksamen. Tilbakemeldingane til dei norske studentane viser altså både at undervisning er viktig og at kandidatar frå det norske skulesystemet hevdar seg godt internasjonalt, peika Aasen på.

Fagfellevurdering av undervisning

Leiaren for Norsk studentorganisasjon, Anders Kvernmo Langset var overtydd om at fagfellevurdering av undervisning kunne vera vegen å gå for å heva utdanningskvaliteten.

– Alle spørjeundersøkingar viser at det som studentane er mest misnøgd med, er undervisninga. Alle som underviser, bør grunngi kvifor dei gjer det dei gjer. Dessutan bør det innførast ei mentorordning for alle studentane. Undervisning må også få same status som forsking, sa studentleiaren.

Leiar for Forskarforbundet, Petter Aaslestad meinte situasjonen ikkje var så enkel som NOKUT vil ha det til.

– Våre undersøkingar viser at våre medlemar ikkje får nok tid til eiga forsking, nettopp på grunn av mykje undervisning. Om dei skal kunna tilby forskingsbasert undervisning, må dei ha nok tid til å forska sjølve. Dei gode forskarane må også kunne gjerast i stand til å gi god undervisning, understreka Petter Aaslestad.

 

 

 

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS