kjeldekritikk

Uroa over platt­formene til Musk og Trump — arrangerer kjelde­kritikkens dag

Skal nye kostar i Washington få bestemma kva som er danning, spør forskarar ved Universitetet i Bergen. Både i Bergen og Oslo vert det i år for første gong arrangert Kjeldekritikkens dag, som er heilt fullteikna.

Dei er opptekne av kjeldekritikk og danning — og uroa over det som no skjer i USA. 13. mars er både Jan Reinert Karlsen, Johannes Servan og Pål Steiner med når Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen arrangerer sin første Kjeldekritikkens dag.

— Alle vert lurt.

Det seier Sølve Kuraas Karlsen, som leiar Tenk — skulesatsinga til faktisk.no.

Torsdag 13. mars fyller Tenk Pressens Hus i Oslo til randen. Tema: Kjeldekritikk.

— Det er lett å tenka at kjeldekritikk er noko ein driv med i masteroppgåver. Men det handlar om dei brillene ein ser verda gjennom. Kven kan ein stola på når det gjeld informasjonen som kjem, spør Karlsen.

Idé frå Sverige

Til Pressens Hus kjem både politikarar, forskarar, pressefolk, skulefolk og representantar for statlege verksemder. Men sjølve ideen kjem frå Sverige. Der har ein i om lag ti år arrangert kjeldekritikkens dag. Det starta med gateavisa Metro, som starta Viralgranskaren i 2014. I 2017 vart Källkritikens dag arrangert for første gong.

— Det handlar om å stilla spørsmål ved den informasjonen ein får, til dømes gjennom sosiale media. Kven seier kva? Og kvifor, spurde Jack Werner, ein av initiativtakarane, i SVT den gongen. 

Seinare var Werner blant grunnleggarane av Källkritikbyrån, og Källkritikens dag vert arrangert over heile Sverige.

Universitetsbiblioteket arrangerer i Bergen

Også i Bergen vert Kjeldekritikkens dag arrangert for første gong, og Sølve Kuraas  Karlsen er ein av dei som skal innleia. Der er det Universitetsbiblioteket som står bak, og arrangementet er fullteikna.

— Noreg er på topp når det gjeld tilliten til tradisjonelle media. Men dette er noko Elon Musk har framstilt som negativt. Han meiner folkekunnskapen skal ut via plattforma X, seier førstebibliotekar Pål Steiner.

Han viser til at lista over ord som ein ifølgje president Trump ikkje skal kunne bruka dersom ein skal få offentleg pengestøtte, inneheld fleire former av ordet bias.

— Då seier ein eigentleg at kritisk tenking skal vekk, seier Steiner, og legg tørt til:

— Noko me har drøfta, er om det no er nokon nye i USA som skal definera kva som er danning.

Sjangerforståing

Steiner og Johannes Servan, også han førstebibliotekar, er blant dei ansvarlege som har utvikla kurset DIGI101 Digital kildekritikk. Det er eit kurs for nye studentar med mellom anna kjeldekritikk som tema.

Men er studentane mindre kjeldekritiske enn før?

Servan peikar på resultat i Pisa-undersøkingane, som viser at dersom ein samanliknar Noreg med andre land, har ein overraskande dårlege resultat når det kjem til kritisk lesing.

— Det handlar om ting som å vita kva ein les, om sjangerforståing. Er dette reklame eller er det ein fagartikkel, illustrerer Servan.

— Tidlegare var det slik at ein lærte kunnskap om eit emne på vidaregåande skule, og så la ein til kritisk tenking når ein kom til universitetet. På universitetet skal ein også læra korleis kunnskap vert til gjennom sjølv å gjera det, og då er kritisk tenking avgjerande, seier Jan Reinert Karlsen.

Han er førsteamanuensis ved Senter for vitskapsteori og har i seksten år vore ansvarleg for UiB sine danningsemne. 

Om studentane er mindre flinke enn før? Vanskeleg å svara på, synest han. Men:

Det har vorte eit produksjonsregime i akademia, meiner Karlsen, med mindre tid for modning for studentane.

— Kritikk er i kjernen av akademisk danning.

Dei nye kjeldene

Det handlar om å rusta kanskje særleg unge, men òg vaksne nordmenn, til å navigera i eit meir uoversiktleg medielandskap. Undersøkingar viser at det er dei yngste og dei eldste som er svakast når det gjeld dømekraft knytt til informasjon ein får gjennom ulike kanalar.

— Kjelder har vore noko menneskeskapt. Men no har ein nye agentar, språkmodellar, som skaper nye kjelder, seier Karlsen.

Steiner fortel at det ved UiB er nokre fakultet som lærer studentane opp i å stå i debattar som vil kunne koma, knytt til alternativ vitskap. Dette er noko særleg Det medisinske og Det psykologiske fakultetet gjer, fordi legar og psykologar vil kunne verta møtt med påstandar som er psevdovitskap — formidla gjennom diverse digitale plattformer.

Sølve Kuraas Karlsen peikar på lærarar si rolle. I ein kronikk i VG tidlegare denne veka skreiv han at «med sosiale medier, ny teknologi og en stadig strøm av dramatiske nyheter blir informasjonslandskapet mer uoversiktlig. Resultatet er en fragmentert virkelighet der du og jeg ikke får den samme informasjonen. Igjen sitter hver og en av oss, og må navigere i en overveldende strøm av informasjon som stadig endrer seg».

— Lærarane er den beste forsvarslinja, meiner Karlsen, men utviklinga går fort.

— Me snakkar mykje om kjeldebevisstheit. Nokre meiner at den frie debatten, den går føre seg på plattformer som X. Men då tenkjer ein ikkje over at X er algoritmestyrt, seier han til Khrono.

Frir til folkebiblioteka

I Sverige er det folkebiblioteka som i stor grad har arrangement på den kjeldekritiske dagen. Førstebibliotekar Pål Steiner håpar at òg norske folkebibliotek etter kvart vil ha arrangement med kjeldekritikk som tema.

— Det er mange ulike målgrupper. Noko av det som vert tematisert under vårt arrangement, er korleis ein kan drøfta konfliktfylte tema i norske klasserom, med utgangspunkt i innhald frå sosiale media, altså frå det ikkje-regulerte medielandskapet. Her vert det teke opp tema som pandemi, klima og KI — tema som det er knytt usemje til.

Powered by Labrador CMS