djupdykk i fortida
— Universitetsplanane til Bergen blei kraftig motarbeidde av Oslo
I boka si om det bergenske, trekkjer Morten Hammerborg fram Bergen sin kamp mot mektige krefter i Oslo for å få sitt eige universitet. Historieprofessoren minner om at Bergen var Noregs største by i 700 år.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«Faktisk ble forsøkene på å bygge opp fungerende vitenskapelige miljøer i Bergen tidvis direkte motarbeidet i hovedstaden.»
Det skriv Morten Hammerborg i kapittel 6, som har fått namnet I kamp mot staten og hovedstaden.
Bergensaren Hammerborg, som til dagleg er professor i historie ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), har gått akademisk til verks for å finna ut kva det bergenske eigentleg er for noko, og «forska» på skilnadene mellom dei to største byane i Noreg.
Blant mange historiske hendingar som er omtalt og brukt som forklaring på kvifor «det er blitt som det har blitt når det gjeld det bergenske», trekkjer Hammerborg blant anna fram Bergen sin langdryge kamp for å få sitt eige universitet i byen.
Han måtte gå nokre rundar både med kollegaer og seg sjølv før han tok fatt på bokprosjektet sitt.
— Eg blei naturlegvis møtt med ein del skepsis. Du kan jo ikkje gjera dette som historieprofessor, var det nokon som sa.
— Kva er det eigentleg du har gjort?
— Veldig enkelt forklart, så har eg teke ideen og tanken om at me bergensarar er noko for oss sjølv på alvor. Eg har lagt det heile under lupa, og eg har gjort det både som historieprofessor og bergensar, svarar Hammerborg bestemt.
Enorm nysgjerrigheit
Boka hans Bergenseren – en historisk analyse handlar om kva det bergenske eigentleg er for noko, og korleis og ikkje minst kvifor det har blitt som det har blitt. Og om forholdet mellom Bergen og Oslo.
Gjennom ni kapittel fordelt over 210 sider set han historiske bergenske hendingar i samanheng med hendingar frå vår eiga tid.
Bergen var den største byen i Noreg i 700 år, og på slutten av 1700-talet var byen dobbelt så stor som Oslo. Her ligg nok mykje av forklaringa…
Morten Hammerborg, historieprofessor ved HVL og forfattar
Tonen er fortrinnsvis lettbeint, og Hammerborg seier til Khrono at dersom nokon les heile boka utan å dra på smilebandet minst tre gonger, så har han mislukkast. Samstundes er han klokkeklar på at dette er eit seriøst prosjekt.
— Kan me seia at du har forska på det bergenske?
— Så absolutt. Dei som les boka skal læra noko. Utgangspunktet for heile bokprosjektet er min eigen enorme nysgjerrigheit når det gjeld kva i all verda det bergenske er for noko. Då snakkar eg både som historikar og bergensar, poengterer Hammerborg.
Då Bergen var størst
I løpet av Khrono sitt intervju med Hammerborg blir det tydeleg både for intervjuobjektet og journalisten at fenomenet det bergenske er eit tema det ikkje hadde vore noko problem å diskutert og reflektert over i dagevis. Her er det nemleg mykje å gripa fatt i.
Så var det dette med universitetet, då. På slutten av 1800-talet blei ideen om eit eige universitet i byen mellom dei sju fjell motarbeidd av mektige krefter i Oslo.
— Hugs på at det berre 50 år før dette var fleire innbyggarar i Bergen enn i hovudstaden. Bergen var den største byen i Noreg i 700 år, og på slutten av 1700-talet var byen dobbelt så stor som Oslo. Her ligg nok mykje av forklaringa…
Hammerborg veit knapt kor han skal fortsetja. Han avslører at arbeidstittelen på boka var Oslo – Bergens viktigaste by, men at han til slutt ble einig med forlaget om at ei bok om det bergenske ikkje kunne ha Oslo i tittelen.
— Men det grunnleggande argumentet i boka har på mange måtar sitt utspring i Bergen sitt historiske fall målt opp mot Oslo, seier Hammerborg.
— Oslo er en parveny
«Hvordan ble Bergen og Oslo hverandres motsetninger? Hvordan ble byene forklart og forstått som grunnleggende ulike? Hva består motsetningene i? Og hvorfor har det å være annerledes blitt så viktig for bergenserne?»
Slik byrjar kapittel 5, som har fått namnet Oslo –Bergens antitese. Svara på spørsmåla blir lansert gjennom dei neste sidene, og ein kan mellom anna lesa følgjande:
«Oslo er i bergenserens øyne en parveny. Gjennom å dyrke Bergens annerledeshet og fortidige storhet, og snakke om hovedstaden i nedsettende vendinger som byens absolutte motsetning, kan bergenseren vedlikeholde ideen om Bergen som en større by enn realitetene tilsier. Slik kan man symbolsk nekte å innordne seg det nasjonale hierarkiet som ellers forventes.»
Prøving og feiling
På spørsmål om han fryktar at å gi ut ei bok som dette kan få kollegar og studentar til å sjå litt – kva skal me seia – annleis på han, svarar professoren at det er godt mogleg.
— Tankane som ligg bak er grunnleggande akademiske. Boka er meint som lettbeint folkeopplysing, men samstundes er det ein veldig seriøs inngang til det heile. Det er ingen rein humorbok. Målet er å få dei som les boka til å forstå meir kvifor me bergensarar er som me er, og korleis tankemåtane, talemåtane og rituala som held ved like ideen om at Bergen «e nokke for seg sjøl» oppstod, og ikkje minst korleis desse faktorane framleis blir halden ved like.
— Men det er klart at det er ein hårfin balansegang mellom det å vera ein seriøs historieprofessor og akademikar og det å vera ein bergensk klovn. Det har blitt ein del prøving og feiling, vedgår Morten Hammerborg.