Universitetet skal verne nasjonalskatt. Nederlandsk selskap får knuse 360 millionar tonn stein

Vingen landskapsvernområde med Hornelen.
Vingen landskapsvernområde med fjellet Hornelen i sentrum. Sidan 2020 har Universitetet i Bergen vore eigar. Arkeologar trur det framleis finst uoppdaga skattar her.

Eit uerstatteleg natur- og kulturlandskap. Ei perfekt råvare til asfalt og betong.

Publisert Sist oppdatert

Det er gått om lag 6000 år sidan menneska laga den første bergkunsten her: Vingen helleristningsområde i Bremanger kommune i Vestland. 

Området er freda, og berre med autorisert guide er det lov få stige i land. 2200 figurar er registrerte så langt, i det som er ein av dei tettaste konsentrasjonane av bergkunst frå steinalderen i Europa, og truleg den mest urørte. Det er eit kulturminne i verdsklasse, som ein turistbrosjyre kunne ha kalla det, utan at det ville vere å overdrive. 

— Eg er svært bekymra for det som kan skje. Fagkunnskap bør aldri bli sett til side, seier Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen.

I denne samanhengen er Hagen også grunneigar for det ho omtalar som ein unik kulturarv av uvurderleg verdi. Universitetet eig 360 mål sårbar natur og kulturlandskap, som faginstansane no meiner står i fare for å bli øydelagd. 

Planen som grunneigaren uroar seg for har blitt lagd på eit kontor i Amsterdam. 

— Fagkunnskap bør aldri setjast til side, seier rektor Margareth Hagen. Universitetet i Bergen er eigar med forvaltningsansvar.

I korte trekk går den ut på å etablere eit stort steinbrot på toppen av fjellet Aksla. Sjølve uttaksområdet svarer til arealet av 199 fotballbaner (planområdet er tre gonger større). Her skal det takast ut pukk og «steinfraksjonar». I tillegg skal det fyllast ut og byggast utskipingskai for bulkskip, som skal transportere råvarene ut fjorden. 

Totalt er det lagt opp til å knuse 360 millionar tonn stein. 

Arkeologi vs. asfalt

Under eit høgtideleg arrangement i Bergen ein novemberdag i 2020, fekk universitetet formelt overrekt denne siste og største biten av Vingen frå dei dåverande grunneigarane — og med det kunne Universitetsmuseet melde — «uendelige muligheter for nye arkeologiske funn».

Året etter gjorde eit knapt fleirtal i Bremanger kommunestyre vedtaket som har forplanta seg i form av bekymringsrynker i rektorens ansikt: 

Dei godkjende reguleringsplanen som gir Bremanger Quarry AS, eit underbruk av det nederlandske, transnasjonale selskapet Bontrup, rett til inngrepet og til å bygge tilhøyrande utskipingshamn. Bremanger får nokre arbeidsplassar, kanskje ti, kanskje tjue, og «ringverknader» på kjøpet. 

Bontrup får råvarer som sikrar den utbytterike produksjonen av mellom anna asfalt til motorvegar på kontinentet.

— 6000 år gamle kulturminne og unik norsk natur taper for kortsiktig utanlandsk profitt, oppsummerer arkeolog Trond Lødøen ved Universitetsmuseet, som har arbeidd som forskar i området i 30 år. 

Trond Lødøen, arkeolog, og Kari Loe Mjelde, direktør ved Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen
Trond Lødøen, arkeolog, og Kari Loe Mjelde, direktør ved Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen meiner planane om eit nytt steinbrot i Vingen-området må trekkast tilbake.

Profitøren han peikar på, som opererer med slagordet «Innovate with nature», er heilt ueinig med Lødøen. Inngrepet er ikkje så nært sjølve helleristningane at det vil føre til skade, meiner dei. Tvert imot, ifølgje Bontrup, er prosjektet samfunnsnyttig, mellom anna på grunn av dei unike eigenskapane den lokale metakvartsitten frå området har i produksjonen av kvalitetsasfalt.

Dei viser også til at regjeringa har godkjent planane.

Hekser og samfunnsnytte

Det like unike fjordlandskapet, som sidan 1980 har hatt status som landskapsvernområde, kan du få svimlande oversikt over frå toppen av Europas høgste sjøklippe, Hornelen. Ifølgje gamle mytar var det her heksene samla seg i faenskap til jul og jonsok.

I dag er det altså heilt andre farar som truar — dersom ein ser slik på det. 

Men det gjer altså ikkje eit knapt, fleirtal i Bremanger kommunestyre. Det er eit vere eller ikkje vere, meiner ordføraren. Om det så berre blir nokre få arbeidsplassar, og ikkje alle er pendlarar, er det verd det — meiner politikarar som for ikkje lenge sidan gjekk inn for å få helleristningane på Unescos verdsarvliste.

Bontrup ser naturlegvis ikkje nokon trussel, selskapet har allereie konsesjon for utvinning av stein i eit anna brot i området. 

Det gjer heller ikkje Kommunal- og distriktsdepartementet, med statsråd Erling Sande (Sp) frå Bremanger i spissen, som i 2024, nokre veker etter jul, offentleggjorde si godkjenning av reguleringsplanen for endå eit steinbrot, med hamneanlegg for lasteskip. 

«Samfunnsnytta må vegast opp mot dei negative verknadene for miljøet», står det i brevet.

Bontrup har allereie eitt steinbrot i området. Det nederlandske selskapet seier at dei ønsker å lag eitt til fordi det er «nødvendig for sluttbrukarane av produkta, som ikkje berre forlangar høg kvalitet, også trygg levering til rett tid»

Dei negative verknadene, slår regjeringa fast, er at ein «stor og viktig lokalitet med boreonemoral regnskog vil bli fragmentert og delvis øydelagd». Og så er det «negative verknader på landskap og kulturmiljø». Før departementet konkluderer med at «alt i alt», må planen godkjennast. 

At Bontrup allereie har eit steinbrot i Bremanger, med konsensjon på ein milliard tonn stein, er ikkje vektlagt. 

— Det svarar til 250 års drift, berre med det eksisterande anlegget, har arkeolog Lødøen rekna ut. 

Det har ikkje mangla på åtvaringar.

Det «akseptable»

Statsforvaltaren peikte på «vesentlege negative konsekvensar for naturmiljø, landskapsverdiar og kulturmiljø av nasjonal verdi». Statsforvaltaren kom så nært sarkasme som det kanskje er mogleg å kome i eit byråkratisk dokument — og såg det «som viktig at berekrafta i prosjektet må ha eit breiare perspektiv enn transport og ventetid for skip».

Statsråd Erling Sande, Senterpartiet, Sogn og Fjordane
Erling Sande (Sp) meiner inngrepet er akseptabelt.

Klima- og miljødepartementet var ikkje fornøgd med reguleringsplanen, heller ikkje etter justeringane som var blitt gjort. Brevet frå dette departementet, som rett nok er meir interessert i natur enn etterspurnaden etter masse til bruk i asfaltproduksjon, vart pepra med vurderingar som: (..) «i konflikt med nasjonale miljøinteresser» (…) «12 raudlista artar» (…) «historiske og visuelle kvalitetar og kulturmiljø av nasjonal verdi på bakgrunn av natur og kulturhistoriske verdiar».

«Internasjonal verdi som kulturminne», skreiv Riksantikvaren, og understreka lokaliseringa av helleristningsfelta: i eit i stor grad urørt landskap med unike kvalitetar. Utbygging av hamn for lasteskip kjem også til å føre til «inngrep i to automatisk freda kulturminne». I tillegg er planane i strid med kulturminnelova. 

Men det er mogleg å gi dispensasjonar for slikt. 

Også naturmangfaldlova må det lempast på. 

 «I et landskapsvernområde må det ikke settes i verk tiltak som alene eller sammen med andre tiltak kan endre det vernede landskapets særpreg eller karakter vesentlig», heiter det i paragraf 36, andre ledd i naturmangfoldloven. 

Men statsråd Sande har stått på sitt. Konsekvensane for landskap og naturmangfald er «akseptable».

— Fagfolk overkøyrde

For fagfolka er det stikk motsett. 

For fagfolka er det konsekvensane av det som er i ferd med å hende uakseptable. For dei er logikken til Kommunal- og distriktsdepartementet ikkje til å forstå.

— Alle fagetatar er i realiteten overkøyrde, seier Kari Loe Hjelle, direktør ved Universitetsmuseet i Bergen, som er del av Universitetet i Bergen. 

Ho meiner at Bontrup og konsulentane og politikarane som er blitt med på lasset,  teiknar eit forenkla og feilaktig bilde av kva som står på spel. Det er for eksempel til lita trøyst at utskipingshamna er seks kilometer unna helleristningane, eit argument som Bontrup brukar for å skyte ned kritikken. 

Helleristning fra Vingen Bremanger
2200 figurar er registrert så langt, i det som er ein av dei tettaste konsentrasjonane av bergkunst frå steinalderen i Europa.

— Problemet er at ein blandar saman landskapsvernområde med sjølve helleristningsområdet. Ville vi lagt ei rundkøyring kring ei gravrøys? spør Hjelle retorisk.

— Det minkar på urørte naturområde i landet vårt. Det å ta vare på helleristningane inneber også å ta vare på området. Det gjer ein ikkje med eit massivt inngrep i storslått natur, lasteskipstransport, støy, støv og lysforureining. 

Arkeolog Trond Lødøen legg til eit moment: 

— Det er sannsynleg at vi vil kunne finne mange fleire helleristingar, også heilt inn til industriområdet, dersom vi får ressursar til å gjere det — og sjølvsagt berre dersom området ikkje blir øydelagt for alltid. 

Arbeid og straum

Heller ikkje i Bremanger er det alle som gleder seg.

Ein underskriftsaksjon mot inngrepet har passert 200 signaturar i kommunen. Det betyr at kommunestyret no skal ta opp saka på nytt.

Ein annan underskriftsaksjon, initiert av ein arkeologistudent, samla over 5200 underskrifter.

Ordføraren i kommunen, Anne Kristin Førde (Ap), er blant tilhengarane som stemte for Bontrups planar. Dersom berre ti av dei som fyller dei eventuelle nye arbeidsplassane buset seg i kommunen, betyr det mykje, forklarte ordføraren til den nederlandske avisa ERC.

— Og dei utanlandske arbeidarane brukar pengar her, ikkje sant? Det skaper arbeid for andre igjen, i lokale bedrifter, sa ho. 

Utbyggingsplanane i Bremanger er også blitt omtalt i den internasjonale storavisa The Guardian

Lødøen seier han forstår at kvar arbeidsplass tel i ein liten kommune. 

— Men det er tale om ein svært liten og kortsiktig gevinst, sett opp mot at dei destruerer eit område og ein evigvarande verdi som kan generere heilt andre gevinstar i framtida, seier han. 

Bontrup argumenterer for at dei har gjort ei rad tilpassingar og justeringar i planane sine. I sum er prosjektet eit grønt prosjekt, slik dei framstiller det. Eitt av kronargumenta er at transporten av steinen frå toppen av fjellet og ned til utskiping skal skje i ei sjakt inne i fjellet. Slik skal dei redusere støy og støvforureining. 

I tillegg skal energien frå steinen som ramlar ned gjennom sjaktene nyttast til å produsere straum. Dermed kan produksjonen skje på det dei kallar ein energinøytral måte, med «minimal påverknad på landskapet». Bontrup meiner energioverskotet som blir produsert representerer «framtidas fornybare energileverandør i regionen».

Lødøen er ikkje imponert. 

— Dette er ekstrem grønvasking, seier han.

Stein til byrde

— At fossilbaserte anleggsmaskinar og gamle skip skal stå for utvinning og frakt til kontinentet blir ikkje tatt med i denne forteljinga.

Lødøen hevdar ei rad viktige opplysningar om området er underslått rapporten frå konsulentselskapet Multiconsult, som er grunnlaget for reguleringsplanen. Ei av dei handlar om lokale fiskarar som i 2010 skal ha varsla om at fisken forsvann frå fjorden, truleg på grunn av slamavrenning frå det allereie eksisterande anlegget. Ein studie frå NIVA har avdekt at botnforholda i fjorden allereie er kritisk prega av utslepp. 

Ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde
Ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde, har jobba for å få Bontrup til å bygge ut. Ho er glad for arbeidsplassar.

— Dette er det ikkje tatt med noko om i utgreiinga, seier Lødøen.

Nederlandsk presse har avslørt at jernbanearbeidarar som har jobba i støvet frå den norske steinen har blitt alvorleg sjuke. Det finkorna støvet festar seg i lungene og kan føre til lungesjukdomar som kols, lungekreft silikose, ifølgje ein nederlandsk dokumentar.

Avsløringane førte til forbod mot bruk av steinen i den nederlandske jernbaneindustrien.

— I kommunestyremøtet i Bremanger 25. april i år kunne så Bontrup opplyse at meksikansk jernbaneindustri no var blitt ein ny marknad dei no retta seg mot, seier Lødøen.

— Dette er kynisk spekulasjon i helsa til meksikanske jernbanearbeidarar, seier han. 

Bontrup: «Nødvendig for sluttbrukarane»

Khrono har lagt kritikken fram for Bontrup Companies.

Bontrup kommenterer ikkje spørsmålet om eksport til Mexico, men avviser at dei har skuld i helseproblema til dei nederlandske jernbanearbeidarane.

SVELGEN: Michiel Peters (42) har overteke sjefsspakane i Bremanger Quarry i den lukkelege situasjonen at dei har sikra seg ein ny stor firerig kontrakt p steinleveransen. *** Local Caption *** SVELGEN: Michiel Peters (42)
Michiel Peters var lenge driftsleiar for det eksisterande steinbrotet i Bremanger. Han han har sidan rykt opp til driftsdirektør i Bontrup-konsernet.

«Jernbanearbeidarar (og alle arbeidarar, for den del) kan oppleve helseskadar dersom dei arbeider utan vern medan dei jobbar med stein. Dette er på grunn av utslepp av respirerbart kvartsstøv når stein vert broten eller skoren. Bruk av jernbanepukk som inneheld kvarts – frå mange ulike steinbrot verda over – er vanleg praksis i internasjonal jernbane. Merk at kvarts er eitt av dei vanlegaste mineral på jorda. Det er estimert at minst 12 prosent av jordskorpa består av kvarts. Sand består faktisk nesten utelukkande av små kvartskorn» (…). Det er også tilrådd at arbeidarar som jobbar med andre material, til dømes snikkarar som jobbar med tre, brukar støvmaske».

I e-post svarar Bontrup-leiinga at dei heller «ikkje latar som dei er heilt energinøytrale». Dei viser til at sidan «steinane i Bremanger quarry fell gjennom ein tunnel, treng dei ikkje å bli køyrde med tungt utstyr. Dei treng også mindre knusing av maskinar, fordi dei allereie knuser seg sjølve når dei fell. Til slutt, ved å bruke gravitasjonskrafta genererer vi også energi».

På spørsmålet om NIVA-studien er svaret at «godkjenningsprosessen krev mykje forsking på ulike spørsmål», og Bontrup meiner dei har oppfylt alle krav. «Dei ulike styresmaktene i Noreg har vurdert alle fordelar og ulemper grundig og nøytralt. Dette utelukkar ikkje ulike preferansar og meiningar», heiter det i e-posten.

På spørsmål om kvifor ikkje Bontrup kan klare seg med steinbrotet dei alt har, er svaret at det er «nødvendig for sluttbrukarane av produkta, som ikkje berre forlangar høg kvalitet, også trygg levering til rett tid».

Gåva til universitetet

Representantar frå Bergens Museum, forløparen til universitetet, var raskt på plass for å undersøke sensasjonen, etter at amatørarkeologen Kristian Bing (1862—1935) først «oppdaga» helleristingane, med hjelp frå lokalbefolkninga, og gjorde dei offentleg kjende i 1912.

Bing kjøpte sjølv delar av området frå ein grunneigar, og noko av dette vart seld til museet. Resten av eigedomen vart også seld vidare etter kvart, og kom på industrikonsernet Elkems hender. I 1976 gav dei den delen av eigedomen der helleristingane er til Universitetet i Bergen.

Kristian Magdalon Bing (1862-1935) gjorde offentligheten oppmerksom på bergkunst i Vingenfeltet da han publiserte en artikkel i tidsskriftet Oldtiden i 1912.
Kristian Magdalon Bing (1862-1935) vart kjend med bergkunsten i Vingenfeltet då han publiserte ein artikkel i tidsskriftet Oldtiden i 1912.

I 2020 fekk universitetet gåva frå dei dåverande grunneigarane, den aller største biten av området. 

«Jeg vet at Universitetet i Bergen best kan ivareta denne eiendommen for fremtiden», sa Signe Hanson, som saman med ektemannen Helge Henriksen, stod for gåva.

Ho gav i talen sin uttrykk for å ha hatt dårleg samvit for at ho ikkje tidlegare hadde bidratt meir, berre vore ein passiv grunneigar. No ville ho og mannen bidra til å bevare bergkunsten med å gi alt, 360 mål, til universitetet. 

Farvel verdsarv?

Forkjemparane for industriell tilrettelegging av fjorden kan nok vere tilbøyelege til å sjå på arkeologen som ein av desse fjerne fagfolka som ikkje forstår behovet vanlege folk i distrikta har for å faktisk ha noko å leve av — eller nederlandske bedrifter. Kanskje er han ein aksjonist, også, og skal ikkje forskarane forske heller enn agitere?

Lødøen lever fint med den slags framstillingar. 

Det er jo nettopp det som er hans fag, jobben hans: å undersøke og sikre forsvarleg forvaltning av ei fjern fortid for framtida, kulturskattar av den sorten som finst i Bremanger. 

— Det betyr at eg må opplyse om kva konsekvensane av planane faktisk er.

Han er heller ikkje den einaste vitskapsmannen som engasjerer seg eller «agiterer» mot det som frå hans faglege perspektiv er i ferd med å bli ein katastrofe: 

Etter at statsråd Erling Sande godkjende Bontrups planar, fekk han eit sterkt kritisk brev frå den internasjonale vitskapelege organisasjonen for bergkunst. 

Arkeolog Trond Lødølen, UiB, omvisning i Vingen, helleristninger
Arkeolog Trond Lødølen, har arbeidd med helleristingane i Bremanger i 30 år. Bildet er frå ei omvising med gjestar i området.

«Kvalifiserer utan tvil til ein plass på Unescos verdsarvliste», stod det. Its cultural significance is global

Med andre ord, you can't have it both ways.  Eller i pose og sekk, som det helst heiter i Bremanger. 

Som ordførar, seier ordføraren i Bremanger til Firdaposten, er ho «glad for at vi kan vere med å utvikle denne eksportnæringa — som er heilt i tråd med regjeringas mineralstrategi».

Statsforvaltaren, Riksantikvaren, arkeologane, underskrivarane i Bremanger, den andre knappe halvdelen av kommunestyret, rektor Margareth Hagen, grunneigaren, universitetet — dei kan ikkje anna enn håpe på ekstraomgangar. 

Retting 12.9.2024 kl. 12.35: I teksten stod det opphavleg at  «Klima- og miljødepartementet ivra for at motsegnene til reguleringsplanen det nederlandske selskapet fekk på bordet måtte forkastast». Dette er feil. Departementet gjekk inn for at motsegnene skulle takast til følgje.

Powered by Labrador CMS